Lærarpostar.

 
Lærarpost ved øystre Porsgrund Aalmugeskule. 34 Timar Vika. Løn 900 Kr., etter 3 Aar kanskje 100 Kr. Tillegg. Skiens Prosti, Porsgrund Skulekom. til Sluten av Juni.
 
- Lærarpost i nørdre og sundre Fogn, Finnøy Prestegjeld. 33 Vikur og 2 Vikur Umgangsskule. Løn 6 Kr. Vika med Tillegg fraa Staten 2 Kr. Kostpengar Kr. 3,20. Kristiansands Stiftsd., Finnøy Skulekom. til 6 Vikur etter 17de Mai.
 
- Lærarposten ved Gjemsø legatariske Skule. 40 Vikur. Løn som Lærar Kr. 780 og som Reknskapsførar Kr. 20. Fraa 14de Oktober fri Bustad (2 Rom og Kjøken) og fri Ved. Gjemsø Skoles Bestyrelse, E. Kjerulff til Jonsok.
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum