[Syrgjebod]

 
Me hev i Dag den tunge Ærend aa bera fram tvo Syrgjebod. Tvo Menn, som visst alle vaare Lesarar kjenner, og som var av vaare mest merkjande Folk, er nyst farne fraa oss; den eine var Gardmann Per Bø, den andre var Student O. J. Fjørtoft.
 
Baade desse tvo var, etter Menns Vit, altfor unge til aa døya. Per Bø var enno ikkje 50 Aar, Fjørtoft berre væl-so dei 30. Med baade gjekk det braadt og kom uventande. Per Bø var ein Dag i Byen, frisk og kvik som vanleg; paa Heimvegen fekk han Slagtilfelle, vart liggjande av det mest i 3 Vikur og døydde so den 16de Mai. Fjørtoft, som ikkje hev havt det godt i dei seinare Aar, tok no liksom til aa koma seg att og faa meir Livsmod; so fekk han Lungebrann (-betændelse), laag nokre Vikur paa Rikssjukehuset og døydde no den 21de. Mange vil trega denne gaaverike Ungdomen, og Alle vil segja, at han hadde voret ein likare Lagnad verd enn den, han fekk her millom oss. –
 
Dei, som er sloppne, hev det med Guds Hjelp godt. Fyr oss som skal etter liva, er Saknaden stor. Lat Minnet liva um dei Avfarne, og lat dei gode Tankar, som glødde i dei, faa ny og vidare Vokster i den Ungdomen, som no gror fram yver Greftom!
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum