Kristiania, den 14de Mai 1878.

 
Framlaget um Bygdemaal i Skulen vart avgjort idag (Tysdag). Kyrkjenemnds-Innstillingi gjekk igjenom, men med eit Tillegg av Johan Sverdrup, som gjekk ut paa, at dersom Regjeringi ikkje til næste Thing hev greidt Saki paa skikkeleg Maate, so skal L og framlaget upp att daa. Denne Avgjerd vedtokst samrøystes.
 
Ordkastet var heilt igjenom fagert og godt og synte, at vaart norske Stræv hev den varmaste Medhug i Norigs Storthing. Me tek det inn sidan etter "Storthingstidende."
 
Ein maa segja, at det, som her er gjort, er eit ikkje litet Stig fram, og gjev dei beste Voner. Ingen Lærar vil etter detta ræddast fyr aa bruka Bygdemaal i sin Skule, og dei "Seminaristar", som til dessa hev faret med Knot, dei hev i detta Ordkastet fenget sin Dom so sterkt, at dei maa vakna. Lika eins er Bonnevies Fordanskningstanke raadlaust dømt av med Livet.
 
Thinget hev gjort eit godt Arbeid med detta, og skal hava stor Takk fyr det av alle norske Menn.
 
                 
Odelsthinget. Maandag. Innstilling fraa Kyrkjenemndi um Middelskule-eksamen fyr Kvende, at dei ikkje skulde hava so mykje Mathematik som Gutarne, men Hondarbeid i Staden. W. S. Dahl upptok eit Forslag um at dei skulde hava det fullt ut i Mathematik, men det vart forkastat mot 6 Røyster. Innstillingi vart vedteki med eit Brigde av Roll, um at Middelskuleeksamen skal kunna takast ved dei private Gjenteskularne.
 
Armebudgettet. Militærnemndi vil iaar spara paa Herstellet 700,000 Kr. Det norske Jægerkorps vil dei soleids ikkje skal haldast uppe lenger, daa det ikkje gjer nokon Nytte lenger. Forutan ymse andre Innknipingar vil dei heller ikkje gjeva 50,000 Kr. til ei paatenkt større Lægersamling.
 
Ved Parisutstillingi skal det deilast ut 17 Ærepengar fyr franske Kunstverk, 32 Medaljer av 1ste, 44 av 2dre og 48 av 3dje Klasse. Fyr Industri og Jordbruk skal det vera 100 store Premiar, 1000 Gullmedaljar, 4000 Sylv- og 8000 Broncemedaljar, og 8000 "heidrande Umtale." Til detta hev Regjeringi latet til 1 ½ Mill. Frks. I Domsnemndi er det ialt 750 Mann (400 framande og 350 franske).
 
Selskabet for Folkeoplysningens Fremme hadde Aarsmøte atti Vika her. Inntekterne i Aaret hev voret 19,973 Kr. Det hev havt nokot nær 3300 Medlemer. Det hev framleides gjevet ut Folkevennen (redigerat av H. Lassen) i 6 Hefte, 38 Ark. Som Tilleggshefte hev det komet: Oversigt over Kirkens Salmesang i de nordiske Lande, av J. Belsheim, Laxen og dens Formerelse i Norge, av A. Archer og Den franske Revolutions Historie fortald av S. T. Thrige.
 
Jak. Sverdrups Forslag um at Soknelagi skal vera med aa velja Prestarne sine skal etter som det segjest vera utsett til næste Aar.
 
Ugjerningar. Fyr ein Maanad sidan paa Lag var det ein Stad ned i Austrike, at dei fann ein Mann, som var bunden attaat eit Tre og skambrend radt upp aat Knei. Mest ei halv Famn turr Ved var lagt umkring honom. Anten han er uppbrend livande, elder um han fyrst hev vortet hengt og sidan brendt, det er nokot, som Ingen endaa kann vita.
 
Teljingsmaskin. Ein Svenske, Haakon Brunius, hev funnet paa ein Maskin som baade kann telja kor mange Timberstokkar det vert sagat um Dagen paa eit Sagverk, og gjeva upp kor lang kvar Stok er. Ein set berre Maskinen fast paa Saggrindi, og daa kann Ingen annan enn den som heve Lykillen skyna honom.
 
Uhende. Paa Horten var det Brann Fredagsnotti, og endaa det var stilt Vedr, tok Elden um seg, so det ialt brann upp 21 Hus og 10 vardt skadde. Verdet paa desse Gardarne var sett til 200,000 Kr. Ikkje nokot Menneskje kom til Skades.
 
Utmed Kraakarøy var det nyst ein Gardmann, som brann inne; det var komet upp Varme um Notti, og han laag paa Loftet, so han ikkje var god til aa koma seg ut.
 
Eit Ovnøyte. I eit Daarehus i London døydde det nyst ein Mann, som dei daa dei opnad honom fann alt detta i Magen hans: 20 Spenner, 14 Glasstykkje 10 Flintesteinar, 3 Stiftar 1 Koparstykkje, 9 Messingknappar og 1782 Spikrar.
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum