Av laak Ætt.

 
[Del 10 av 10. Fyrste delen.]
 
Ei Forteljing.
               
XIV.
 
(Sluten).
 
Alvhild hadde ingen rett glad Dag, etter ho hadde fest seg til Knut. I same Stundi det var avgjort kjende ho, at detta kom ho visst til aa trega. Det var, som den gamle Elsken til Leiv kveiktest paa att. Naar ho var aaleine, tenkte ho meir paa han enn paa Knut. Mang ein Kveld gret ho seg i Svevn; mang ei Nott kunde ho ikkje sova fyr sine vonde Draumar.
 
Men naar ho saag, kor glade Foreldri var med at ho tok Knut, og naar ho saag, kor glad Knut var i henne, so lettad det att, og ho kunde gløyma fyr ei Stund. Var ho i Lag med Bygdefolk, kunde ho endaa kjenna seg glad; for no turvte ho ikkje lenger skjemmast av Festarmaalet sitt. Og um Samvitet beit henne, so trøstad ho seg med, at Leiv visst ikkje kom. "Han skriv ikkje, han skriv ikkje", sagde ho til seg sjølv. "Han hev funnet seg eikor i Amerika, veit eg. Slike Folk er væl lite sætande i det eine som i det andre." -
 
Men di lenger det leid, di meir uglad vart ho. Det var sannt nok, at Knut var ein snaal og lettlivad Gut; men han var likevæl ikkje den, ho i Grunnen kunde lika. Naar han skjemtad med henne, fekk han henne altid kvat. Men under Kvatleiken laag det nokot kaldt, som ikkje vilde tina: Guten var i Grunnen framand fyr henne. Naar han tok henne i Fang, vart ho skamfull og uhugleg, mest liksom ei, som veit at ho sel seg fyr Gard elder Gull. Det var ikkje denne, som var hennar Gut; ikkje til denne hadde ho gjevet seg med heil, glødande Hug. Sumetider tenkte ho so halvt paa aa slaa upp med han. So vilde ho reisa etter Leiv til Amerika; der var det det same med "Ætti" og Rikdomen. Men so hadde ho vondt av Foreldri, og so hadde ho vondt av Knut, og so visste ho ikkje, um Leiv brydde seg um henne. "Han skriv ikkje, han skriv ikkje", jamrad ho fyr seg sjølv. "Kannhenda hev han funnet seg ei gildare i Amerika!" – Ein Kveld var ho paa Vegen til Hegglid, vilde tala med Aasbjørn. Men ho umraadde seg att og snudde paa Halvvegen. Bygdi, Foreldri, Knut . . . "Det lyt vera som det er no," sagde ho med seg sjølv, og fraus.
 
Foreldri saag, at ho var ikkje som ho skulde vera; Knut saag det og. Dei undrast, Knut fælte: skulde ho likevæl trega paa Bjørn Haugstad? – Dei Gamle visste ikkje likare Raad enn aa skunda paa med Brudlaupet. Var ho fyrst gift, so jamnad det seg nok. Knut meinte det same. Og daa dei talad til Alvhild um det, var det ikkje fritt, ho tenkte nokot likt. "Gjer som de vil", sagde ho. Dei dagsette Brudlaupet, og no vart det lyst fyr dei, og eit "Festarøl" stod paa Dale med stor Høgtid. "No fær eg prøva aa vera glad", tenkte Alvhild.
 
Men ut paa Kvelden var det eit sterkt, hardt Mæle ut i Tunet som song:
 
Den Gjentehugen han er so slengjen,
dei kann 'kje hugleggja nokon Drengjen;
nei dei hev Ingen i Hjartat kjær,
men ein Slarvehug'e til nokon kver.
 
Aa Sume er no so Skades snilde,
mot kvar og Ein skal dei vera milde;
mot kvar og Ein skal dei fint seg te, -
so er det Ja mest til kven som bed . . .
 
Det var Bjørn Haugstad. Alvhild kvitnad burt, so ho sat der som eit Lik. Dei flaug ut og vilde faa i Karen. Men han var ikkje fullare han visste aa smetta av Garde i Tidi. Dei tok til att med Dansen og Leiken. Men med Gleda var det Slut fyr den Kvelden, totte Alvhild.
 
- Gamle Aasbjørn Hegglid var reint utav det i denne Tid. Kor tru det skulde ganga med Guten. Det var stilt Vatn og djup Botn der; han huglagde vist Ingen fyr Moro. Aasbjørn grundad paa, kvat han skulde gjera. Ein Tanke var det iser, som elte han, men som han fyrr altid hadde drivet ifraa seg. Det kom fyr han, at han burde skilja seg med alt det, som han ikkje med Æra aatte. Dersom han gjorde detta, so kom Syndi ut or Ætti, og so kom Lukka inn att. Men som han gjekk og drogst med detta, kom han paa, at i Grunnen var det Leivs Pengar og ikkje hans. Hadde no han Rett til aa gjeva burt det ein Annan aatte? – Men naar det ikkje var ærlege Pengar? – Ja, men det v a r Leivs- ? Han gjekk og mynstrad lengje med detta. Tenkte stundom paa aa spyrja Presten. Men han tottest vita,kvat Presten vilde segja. Slike Folk hadde no so lett fyr aa snakka, dei. Dei visste so lite, hoss Verdi saag ut fyr mindre Folk. Det kunde ikkje nytta aa snakka med Presten; Ein vart berre mistydd. So let han det vera. Men sjølv kunde han ikkje greida Floken. Han prøvde aa sleppa fraa det paa den Maaten, at han gav tie Dalar til dei Fatike. Men daa dei lyste tredie Gongen fyr Knut og Alvhild, gav han fem Dalar til. "Du er visst ein betre Mann enn Folk trur, du Aasbjørn", sagde Presten. Det Ordet totte Aasbjørn han hadde godt av, og det var ikkje fritt han tok seg Voner av det.
 
               
XV.
 
Leiv hadde ei hard Reis. Hauststormarne driv dei att og fram; sumetider visste dei kor dei var, sumetider ikkje. Tvo Gonger tottest dei vera visse paa Feigdi si. Men dei slapp fraa det. langt um lengje naadde dei Engeland. Leiv gjekk strakst med eit annat Skip til Norig. Daa var det alt langt paa Hausten.
 
Han steig i Land paa same Bryggja, der han hadde skilst med Faer sin. Han torde ikkje tenkja paa det. Fekk seg inn paa eit Gjestehus so snøggt han kunde og var glad, for Ingen kjende han. "Det var eg, som vilde koma heimatt Storkar!" lo han fyr seg sjølv. –
               
Han hadde vortet skrinn; Augo laag djupare enn fyrr, Andlitet var skarpt og yvergrodt med Skjegg. "Det skal røyna, um Alvhild kjenner meg att no", tenkte han. Likevæl saag han meir stormannsleg ut enn daa han foor heiman.
               
Enno var han ikkje vonlaus. Han hadde teket eit Merkje, som han meinte spaadde godt. Daa han foor fraa Amerika, hadde han tenkt: "Dersom eg vinn heim med Livet etter det eg no hev gjort, so er det ikkje fyr mi Skuld; men daa maa det vera so lagat, at Alvhild skal hava meg." No var han komen heim, og det mot alle Voner. So maatte det vera fyr Alvhild si Skuld. Han kunde og lite tru, at ei Møy som ho skulde vera uærleg. Ho kunde gløyma seg fyr ei Stund; men naar det kom til Stykket, so vilde ho nok minnast sitt Ord og halda ut. Og naar ho eingong var hans . . . dubbelt og tridubbelt vilde han gjera godt att det, han no hadde gjort galet. Ingen Flekk skulde fylgja med han inn i hennar Ætt. –
               
Han gjekk ned i Skjenkjestova. Det kunde henda han fekk sjaa Kjenningar der. Men der var ingen.
               
Han gjekk ut, og inn paa ei onnor Stova. Der sat mange Landsfolk og drakk; det var utpaa Kvelden. Sume var fulle. Stova stod i eit Gov av Tobaksrøyk og kvævne Eimar; Vraal, Snakk, raa Banning og Staak kokad gjenom Lufti. Leiv hadde best Hug til aa snu. Men der sat Ein . . . kven tru det var. Han var fullare enn alle, skreik meir enn alle, slog i Bordet og storbannad . . . Det var Bjørn! – Bjørn Haugstad.
               
Leiv bad um Vin og sette seg. Han skalv. No fær eg høyra . . . tenkte han.
               
Bjørn sat just og kjytte av den blaae Hesten sin. Det var F-n til Gamp; han vilde vaaga'n fyr heile Sokni. Aldri hadde han set so spræk ein Øyk. Det var Furdur, som han kunde leggja ut, naar det galt paa. Og so klok som han var. Berre han saag Skuggen av Svipa, so skvatt han i Veg. Var det nokon, som vilde byta? -
               
Det kom ein ny Mann inn. Han var gruv og tung, myrkleitt og ugodsleg, hadde eit breidt Andlit med ein ful Flir um Munnen; Haarluggen hekk nedum det eine Øyra. "Godkveld, Bjørn!" sagde han og lagde ein diger Næve paa Bjørns Aksl. "Godkveld, Hans!" ropte Bjørn. Leiv kvakk, stirde paa Karen og kjende han att. "Er du enno til, du Skarven", tenkte han, "som stal fraa meg mitt Mod og min glade Barndom!" - -
               
"Sit du her, Bjørn?" spurde Hans. "Eg meinte du heldt deg andrestader i Kveld?" – "Tvi!" sputtad Bjørn, og drakk. So song han:
 
"Aa um du bed meg til Høgtid ganga,
eg vilde helder i Groni hanga,
og um du bed meg klæ' meg til Brur,
eg helder laag upp i Svarte-Urd!"
 
"Hæ-hæ", sagde Hans. "Det er ikkje visst, um ho segjer so, som er Brur i desse Dagar." – "Ho? – Ho er like sæl, ho. Slike gifter seg ikkje med Guten, men med Garden, veit du. Skaal!" - "Skaal, Skaal!" – Leiv sat som fraa seg, Munnen hekk uppe, Halsen vart turr . . . "Folk hev sagt", tok Bjørn atti, - "Folk hev sagt, at eg likte den Gjenta. – Det er Ingen, som veit slikt" – han drakk – "og no kann det vera det same . . . Ho var fager nok, Trollet . . . Dei kann segja kvat dei vil, so fannst det ikkje hennar Make i desse Bygdelag – Skaal! – Men eg trudde henne aldri. Og det gjorde eg Rett i . . . eg Syndaren." Han slog i Bordet; Ølflaska valt, Ølet rann paa Golvet; so lagde han seg framyver Bordet og stridgret. "Naa, naa, Bjørn", flirde Hans, "graat ikkje! graat ikkje! du hev Inkje aa graata fyre. Kann ikkje di Kjering vera likso god som Knut Aasens, endaa um hans heiter Alvhild fraa Dale? Og ikkje er du den einaste, som er sviken. Hegglidguten . . . . ."
               
- Det var Ein som lo so fælt, at Alle laut lyda, so fulle dei var. Men i det same var han ute. "Aa, det var berre ein galen Engelskmann", sagde Folk. Dei tok til att med Drykkjen. Det slutad med eit illhervelegt Slagsmaal. Fleire vart illa medfarne, Bjørn Haugstad verst.
               
- Men daa laag Leiv Hegglid paa Havsens Botn. - -
 
 
XVI.
 
Den Kvelden detta bar til i Byen, var Trediedags Brudlaupskvelden paa Dale. Det var eit stort Brudlaup, som ventande var av slike Folk. Likevel var det stuslegt, for Bruri var uglad. Ho sat so kald og bleik under den blanke Kruna, at alle undrast og fekk Uhug. Aldri saag Ein ho lo, og um ho smilte, var det so tomt og gledelaust. I Augo var ho hard og stiv, liksom ho var rangsvævd. Knut gjorde det han kunde til aa faa Liv i Laget, men det var dei som vilde vita, at han ikkje helder var so glad som han skapad seg.
               
Det vart kviskrat um, at Alvhild nok likevæl hadde sin rette Festemann i Amerika. Eit og annat av Bjørn Haugstads Nidvers snikte seg kring i Laget. Sume av Gutarne gjekk sjølv med saare Hjarto fyr Alvhild si Skuld; dei lettad seg med Spitord og Slengjestev. Daa Drykken fekk Magt med dei, vart dei ville og galne. Um Andredagskvelden hadde sume av dei dansat med blanke Knivar i Henderne, og Brudgomen hadde haldet seg mest inne hjaa dei Gamle. Trediedagskvelden tok dei til att paa same Maaten. Dei flaug rundt i jagande Dans, svingad Knivarne yver Hovudet og skreik liksom Villmenn. Knut var inne i hi Stova. Alvhild sat bleik paa Benken millom si og hans Moer og fleire andre Konur; ho hadde so hjarteillt, at ho brydde seg um Ingenting. Ho tenkte paa Leiv. Sumetider sat ho og drøymde, at no kom han inn gjenom Døri liksom Kjempa i Folkevisa, tok desse Gaparne ein etter ein og heiv dei gjenom Glaset liksom Vottar, - tok so henne i Armen, sette henne paa Hesten med seg og foor til Skogs. "No skal me liva so kjærlegt i Lag, og aldri skiljast"! . . . . Denne Draumen fekk meir og meir Magt med henne, di større Villskapen vart i Laget. Ho sat og einstirde mot Døri liksom ho ventad Einkvar. Moeri og dei andre prøvde aa draga henne inn i sitt Drøs, men faafengt. Dei spurde, um ho vilde dansa; nei. Dei spurde um ho vilde inn til Brudgomen. Nei. Ho vilde Ingenting. Ho sat som i Ørska og drøymde um utenkjelege Ting . . .
               
Daa flaug ho upp med eit skjerande Skrik, braut seg Veg gjenom Kjering-Ringen og Dansen, stemde mot Døri med ustøde Stig, naableik var ho, Augo steig ut or Hausen, store og kvite, so dei var fælslege aa sjaa . . . .
               
For i Døri stod Leiv, høg og bleik, med dei store Augo stirande paa henne kalde og daude liksom tvo Maanar; Haaret var vaadt og laag i Tufs og Floke nedyver Panna, Munnen stod halvopen med kvite Tenner, Kufta var vaat, heile Mannen vaat; naar han gjekk, var det liksom han vassad i Vatn til Knes. Ho strekkte Armarne fram og heiv seg inn mot han. "Leiv!" skreik ho med strøypt Mæle, "Leiv!" jamrad ho, so det gret og kvein gjenom heile Huset; i det same seig ho i Uvit og vart bori ut. Alle vart rædde, dei fulle vart fastande, Kvinnfolki skreik; same Kvelden foor dei fraa Brudlaupet alle, so nær som dei næraste Skyldfolk.
 
Alvhild fekk ein hard Sjukdom etter detta. Daa ho stod upp att, var ho som eit annat Menneske, so stillfarande, tagall og full av Sorg. Knut stellte fyr henne det beste han kunde, og ho var venleg og god mot han igjen. Men med Gleda var det skralt i Huset.
               
Etter som Ordet gjekk, hende det ofta, at ho saag Leiv. Men ho var ikkje lenger so rædd. Ho talad med han mest som med ein annan Mann. Knut laut stundom høyra paa detta. Daa gret han. Det nyttad aldri aa tala til henne i slike Stunder; ho høyrde ikkje. Han prøvde med Salmevers og Bøner; men det var det same. Han fekk heim baade Doktar og Prest; men like nære var det. "Du skal ikkje taka det so tungt," sagde Alvhild, "det er ikkje av det Vonde." Og um nokre Aar vandest han liksom med det. Daa slutad det av seg sjølv. "No hev Guten fenget Fred", sagde Alvhild. Men ei Stund etter døydde ho. -
               
Gamle Aasbjørn var og daaen. Strakst etter Brudlaupet hadde han selt Garden sin og gjevet burt alt til dei Fatike, so nær som eit litet Føderaad til seg sjølv. "Det kann væl lite hjelpa Leiv, der han no er", tenkte Aasbjørn; "men Syndi - Syndi maa ut or Ætti." Han livde ikkje lengje etter detta. Bygdefolket fylgde han til Jordi i stor Mengd. "Han var ein betre Mann enn dei fleste visste," sagde Presten i Liktalen, og Alle totte, at detta var rett sagt.
                                
Det vart gjort ei syrgjeleg Visa um desse Tilburder. Sluten av denne Visa var slik:
 
Gud hjelpe den Møy, som sviker!
ho fær rett aldri Fred.
Ho fær ikkje Fred i sitt sjuke Mod
fyr ho leggst i Gravi ned.
- Det græt ut i Havet.
 
Gud hjelpe Alvhild fraa Dale,
ho var so vænt eit Viv.
Men Hjartat var veikt og fullt av Svik,
og so ho øydde sitt Liv.    
- Det græt ut i Havet.
 
Gud hjelpe oss allesaman!
Ungdomen er so blid.
Me gjer meir rangt i dei unge Aar
enn me rettar i all vaar Tid.
- Det græt ut i Havet!
 
Ende.
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum