Utlandet.

 
Tingandet er ikkje komet det minste Fet lenger fram. Tvertimot, det synest helder aa vera dit komet, at det er Slut med Svallet, og at dei tvo, som til dessa hev ordrengst, no fer i sine Herklæde og finn fram sine Vaapen i Togn. Det er Stilla fyre Stormen kannhenda. So er den aalmenne Meining, um det og enno altid finnst dei, som heng i Fredsvoni som Katta etter ei Klo og trur, at dei ikkje er fullt Aalvor med Beaconsfields Kyt, elder at Ryssen enno i sidste Liten vil brjota seg so smaa, at han fyr Freden offrar alle Utvinningar av den bloduge Krigen og gjeng ved, at denne var med uretto byrjad og difyr byr vera fyr inkje førd; mindre gjer det ikkje no. I Staden fyr no aa koma med ein Dusk av alle dei Telegrammtidender, som kjem her til kvar Dag – og ofta vert avsannade den næste – skal me gjeva eit Stykke utor Times fyr Fredag Aattedagar sidan.
 
"Parlamentet hev no spreidt seg vidt og breidt yver Landet; alt er stillt i Westminster-Hallerne, og Riksraadet er no einaste Stjorni fyr dette Riket. Næstan kvar ei Røyst hev tagnat, og det er ingen Ting til aa uroa dei høgtidlege Raadlag, som Heimsens Fred, kannhenda hans Lukka og Velferd stend paa. Det finnst helder ikkje nokot annat, som dreg Augo aat tenkjande Engelsmenner burt fraa den Leikvollen langt herifraa, der no dette Lands store Interesse stend paa Spil. Men me er berre eitt av dei mange Land, Folkeferder og Samfund, som hev Lut i det styggjeleg vaagsame Terningvarpet, som kan verta gjort kvar Dag elder Time ved dei lagnadstunge Bosporos-Strender. Heile den gamle Heimen er samlad i Tankarne, um ikkje synleg, fyr aa sjaa, kven som tek fyrste Stiget. Tvo store Magter – kvar fyr seg i sine eigne Tankar utan Likning – stend der andsynes yver ein Arming liggjande i Daudorom, yver Resterne av eit tridje Rike. Kvar av deim gjer Krav paa usnikkat Herredøme yver sitt eiget Element, for det er i Røyndi Sjo og Land, som stend imot kvarandre. I ei Stemna millom Sjo og Land er det vandt aa segja, kvat fyr ei Sida Vinningi er paa. Dette ligg det helder ikkje myket Lag paa, for det er visst, at ein Samanstøyt vilde føra til ein Krig full av allslags Ulukkor fyr baade dei stridande. Paa eit annat Stelle i Bladet finn me idag ei Utgreiding um vaar Styrke og Evne, som er – trur me – ikkje mindre sann enn hugnadleg fyr vaar nationale Sjølvbyrgskap. Men Lærdomen av desse vegtuge Tal er den, at i det Tingandet, som no stend paa, kann England sjaa seg Syn til aa visa den Ro og den Hovsemd, som hev si Rot i sjølvkjend Styrke. Kom Ufred til aa brjota ut, vilde kvart Land halda ut i alle Faarar, solenge dess Kraft ikkje var broti og solenge der enno var nokot aa taka av; og den britiske Styrke og den den britiske Rikdom vilde utan Tvil halda lenge ut. Men Grunnlaget fyr Rekningi er nettupp slikt, at Verdi aldri er komet til nokor viss Uppgjerd, for Verdi hev aldri til dessa funnet ut, kvat som veg mest i Krigens Vaagskaal, um Folk er betre enn Pengar, Land betre enn Sjø, Einvaldsstyre betre enn Fridom. Styggt ser det ut, endaa um me kunde tenkja oss ein Vigvoll haslad og dugleg inngjerd, der dei tvo skulde slaast um Herfanget, trygge mot alt Avbrot og utan Medtevlarar um Vinningi. Og no ser det endaa ut til, at andre Stormagter sit og ventar i dumm men vonfull Togn fyr aa sjaa, kvat Gagn dei kann gjera seg av Vesalldom og Ulukkor, som dei stridande kjem ut fyr. Riksraadet i Wien søkjer "ei Løysing paa Grunnlag av Jambyting" (so Ryssland skal faa halda det, som det hever, men dei andre skal forsyna seg til Nøgjes paa andre Kantar). Soleids kenn det henda, at det Slag, som skal kjempast ut imorgon yver ei daudslegi Magt, vert imorgon aa kjempa ut yver tri. England kann slaast fyr det, som det kjenner med seg er ei rettferdug Sak; men likevel maahenda me, etter aa ha offrat meir enn me maar i Von av vaar Eigedom og vaart Blod, berre fyller Grefti, som andre gjeng roleg fram yver imot Maalet fyr sine Lengslor og Ynskje".
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum