Notisar.

 
Bygdemaal i Skulen. Kyrkjenemndi hev innstillt, at Framlaget vert sendt til Regjeringi, "der anmodes om at foranledige, at Undervisningsplanerne for Almueskolen paa Landet i det i Forslaget omhandlede Punkt kommer under fornyet Overveielse."
 
Mothug mot Herteneta. Paa Horten er det 2 Mann, som er sett fast fyr Ulydnad i Hertenesta, og det skal hava voret Samvitsgrunnar, som hev ført deim til det; dei høyrer til Statskyrkja baade 2. Men for nokre Aar sidan var det ein Kvækar, som negtad aa tena, han vart sendt heim att, etter at han hadde setet fast eit Bil.
 
I Bergen hev dei tenkt paa aa faa i Gang friviljug Hjelp til dei fatike, dei hev til det Fyremaalet sett ned Nemnder, som skal sjaa til aa faa Saki paa Vange.
 
Turistforeiningi heldt Aarsmøte Maandag. Det er no 1500 Medlemer i den, og Innkomune hev i Aar utgjort 7400 Kr.
 
Eit Folkemøte skal haldast ved Skien ved Jonsoktider. Peder Rinde, Formannen i Amtets Landsforeining bed Heradsforeiningarne velja ut 2 elder 3 Menn til Utsendingar ved Møtet.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum