Hosleis Uvenskapen kom upp myllom Katten og Hunden.

 
I gamle Dagar var Katten og Hunden dei beste Vener; men so var dæ ei Gong Dyri skulde velja seg ein Orførar. Dei treftest daa paa Vegjen og helsa paa kvorandre. Dei rødde daa fyst um Ver og Vind, og so kom dei te aa røa um Vale au: "Hoke skaa me no velja te Orførar i Dag daa?" spurde Hunden. "Deg tenkjer eg", svara Katten, "du er ein trugjen og grei Kar, du er den beste te aa føre Ore, og du er ein Kar, som heve Bein i Nasanne!" "Hot skaa me daa mæ den Skvakkebikkja, som d'er inkje anna hell Kjeften mæ, og som er alle Sta framme og høgg!" sae Reven. "Nei daa var dæ betre aa stemme paa Katten, dæ er Kar, som veit aa fara fint og veit aa taka dæ paa rette Maaten, der maa Lempur te i Politikkjen, du maa taka dæ paa same Maaten, som naar Katten skjyte paa Musi." Han meinte nok helst seg sjav han. "Me vil inkje hava nokon som gjeng paa Husko!" svara Bukkjen, "me vil hava ein, som gjeng beint og mannelegt fram. Lat oss taka Hesten." "Han kunne vera bra nok", sae Hunden, "dæ er ein staut og vyrsleg Kar, og der syner seg noko uta-paa haanom; men haanom lyt me hava te Statsraad, han heve so gott eit Minne." "So kann me taka Grisen", sae Kjyri, "dæ er Kar som kann gjera Flesk." "Hu, hot skaa me daa mæ den Grisen, som alstøtt skaa vera paa Tverke!" sae Hunden. "Lat oss velja Ikonnen", sae Sauen. Han totte au, at han laut segja noko. "Jau dæ skulde vera ein røseleg Kar aa sende av Sta, slik ein Trusk", sae Hesten, "du ser no dæ uta-paa haanom, at han er 'kje noko." "Ja, seg inkje dæ!" sae Bukkjen, "der er meir i den Karen, hell mange vil tru, men han ber dæ inkje uta-paa seg, han er lik Oskefot, han er jamvelt ein go Diktar au." "Te verre var dæ", sae Kjyri, "dæ skulde a bli Mat av au daa." "De kann velja Kjyri", sae Grisen. "Dæ er ei som skynar paa Maten og veit aa nytt'n ut. Naar ho heve ete seg so mett, at ho inkje orkar meir, so tygg ho upp-atte dæ, ho heve ete fyrr, mæ ho ligg og kviler. Maten er Vissa." "Dæ Nautehovue!" svara Bukkjen, "her er nok av dei, som berre liver fyr Maten og rotar i Jori", han snitta inn paa Grisen au mæ dæ sama, "me lyt hava noko fyr Augo og noko fyr Hjartae au; me er daa fulla inkje gjorde berre te dæ, at dæ skaa gange inn i den eine Enden og ut-atte i den andre paa oss!" "Bukkjen vil me velja!" sae Hunden, "han er den beste Tenkjaren!" "Hot skaa me daa mæ den Galningjen, som inkje gjer anna hell flyg uppi Bergji og diktar!" sae Grisen. "Nei, lat oss velja Reven." "Høyr no, no er han paa Tverke atte!" sae Hunden. "Ja lat dæ bli Reven", sae Skrubben. "Den Reven!" sae Hunden, "nei mange Takk, me kann no fulla finne skjikkelege Folk likevæl!" "Lat oss velja Sauen daa!" sae Jasen. "Ja Sauen", svara Hunden, han var so kjeftuge han. "Den Gosauen, han kann inkje svara fyr seg sjav han, likt seg fyr andre." "So kann de velja Skrubben", sae Reven. "Den Skrubben, Flaaaren og Plundrefanten, dæ var rette Karen au!" tok Hunden i atte. "Men Jasen daa?" spurde Ikonen, "han skaa daa inkje gjera mange Mein!" "Jau den Jasen!" svara Skrubben og homstra og lo.
 
"Me lyt bli samse um aa velja Hunden", sae Katten. "Aa ja, lat oss dæ", sae Bukkjen, Hesten, Kjyri og Sauen.
 
Daa hengde Reven paa Rova og skulka te Siunne. "Kom fylg mæ meg du!" sae han te Katten. "Aa ja, eg kann so dæ", sae Katten.
 
Som dei kom inn te Reven, sette han fersk Fisk fram og bau Katten seta seg inn-at Bore. "Men dæ var Mann!" sae Katten, aat so han meste sprakk. "Du skaa bli Orførar." Daa kviskra Reven te Reva – Kjeringji si -: "dæ gjeng a fyr seg aa narre Pus au!" "Ja mæ Fisk!" svara ho.
 
Som dei daa hadde ete og stellt seg, rugga dei i Vegjen atte. "Ja no vil eg arbei fyr, at du skaa bli Orførar", sae Katten, "men hoke skaa eg no faa mæ meg?" "Aa du er nok Kar, som greier deg sjav du", svara Reven, "men er dæ so te, at du vil gjera noko fyr meg, so maa du gange te Sauen, haanom fær du mæ deg, for han trur visst, dæ er like gott hoke me vel. Skrubben fær du au mæ deg, og Grisen er eg no sikker paa, for daa fær han vera paa Tverke atte. Hunden den Skvakkebikkja synest eg no me ikkje skulde velja." "Nei dæ er regtig sannt dæ!" svara Katten, "eg tenkte dæ rigtignok i Sta, at eg laut stemme paa haanom, dæ er so rart mæ dæ, du veit, me er Grendar og goe Vener, og kanskje me kunne koma te gjifte Bon i Hop au. Men han tar no sagte inkje faa vita, hoss eg stemnde han, eg kann gjønne segja eg stemde paa'n." "Dæ kann du gott dæ, og so skaa no inkje Skjyldskap hell Venskap gjera Utslagje i slikt noko, der lyt ein ganga etter sitt Samvit!" sae Reven og tok seg atum Øyrae. "Regtig so," svara Katten og slekte seg i Kring Kjeften. "Treng du noko Fisk," sae Reven, "so kann eg gjønne laane deg eit Pund so lengje." "Dæ var regtig bra dæ!" sae Katten.
 
Daa dei kom dit, som Tingje sto, gjekk Katten kring um og dilla paa Rova og samla Stemmur fyr Reven. "Kann du inkje stemme paa Reven?" sae han te Sauen, "han er den klokaste ogvist den beste, me kann faa!" Daa hadde Hunden alle dei Lyte, som te var. "Aa jau, me maa fulla ein hava, so kann me liksogott taka haanom, som nokon annan," svara Sauen. So gjekk Katten te Skrubben, Ikonnen og Jasen, og fekk dei au mæ seg; Grisen var no ferug mæ dæ sama han.
 
Paa Tingje sat Bjønnen og var Fut. Han ropa dei daa upp, etter som dei var gamle te, og daa allesama hadde stemt, reis han upp og las:
"Vale heve fengje dæ Utfall, at Reven er vald te Orførar og Hunden te Viseorførar," sae han. Daa blei Hunden vond og tok te aa skjelle dei ut, men mest tynde han paa Katten og sae, som sant var, at han hadde late seg narra av Regen fyr Fisk te aa agitere i Vale. Daa blei Bamse Brakar vond og jaga paa Dynni alle i Hop. Katten fyre, og Hunden etter Katten, og Grisen etter Hunden, og Kjyri etter Grisen, og Sauen etter Kjyri og Skrubben etter Sauen, Reven inni Hola, og Ikonnen uppi Tree, og Bukkjen uppi Bergje, der sto han og gloste mæ langt Skjegg, som ein annan Spaamann. Hesten og Bjønnen kom i Hop aa slaast; dæ var gott fyr Hesten, han var kvass-skodd; han fleste Panna paa Bjønnen, so han tok paa Skogjen. Hesten sprang burt ivi Vollen og kneggja og bles og bar seg, som han var galen. Jasen, Stakar, blei skamskræmd, han tok te Jasavørgjo, allebest han sprang, so sette han seg te aa lye, so te springe og so te lye atte, og dæ heve han halde paa mæ heile Tii sea.
 
Men no um Katten og Hunden: daa dei kom heimatte, so hoppa Katten uppaa Sengjekrona og sat der. Dei kunne inkje taale aa sjaa einannan paa lang Ti etter. Ei Gong Katten sat paa Stabben og Hunden laag under Benkjen, glytte dei te einannan og smaatrætte:
 
Katten: "Kjeme du og vil bite meg,
            so kvesser eg Kloi og klorar deg!"
Hunden: "Stygt mæ Augo so skjegler du,
            syner vel, at du er 'kje tru."
Katten: "Eg skaa berre taka Mus!"
Hunden: "Fløyte stel du vel au i Krus?"
Katten: "Nei eg skaa berre taka Mus!"
Hunden: "Allevissa kann du sita faa,
            men sjav so vil eg Garen raa!"
 
            Sea den Tii heve Uvenskapen vore myllom Katten og Hunden, og sea heve dæ Ortøkje blive halde uppe um tvo, som jamleg er Uvenner: dei er liksom Katten og Hunden. Hellest so er dæ no blive mykje likare myllom dei no. Dæ hender endaa inkje so sjelda, at Katten og Hunden kann bli dei beste Vener. Eg veit, me hadde ein Katt og ein Hund ei Gong, som heldt mykje av einannan, dei kunne liggje og sova i Hop og halda kvarandre kring um Halsen som andre Kjærastar, dæ var so du heilt maatte læ berre du saag paa dei.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum