Eit Ord til Ungdomen paa Landsbygdom.

 
Kvar Gong eg fær sjaa "Fedraheimen" er det liksom eg vert minnd um vaare gamle og større Tider, um Fedrarne vaare og um det Gjelet, som her synest vera millom Ungdomen no og Ungdomen i eldre Tider. Ein kann faa Graaten i Halsen, naar Ein ser, at dei no gløymer og slengjer burt som Bos so mykje av det, som dei i gamle Dagarmed Retto heldt gjævt og gildt, og som dei ofta baade livde og døydde fyr. Me kann vera trygge um, at me gjer ikkje detta skadeslaust, og eg tenkjer me i mange Maatar kunde hava godt av aa sjaa oss tilbaka. Ikkje alt det gamle var godt. Men sumt av det, som dei Gamle aatte, er likevæl av det, som me no saarast maa sakna. Det er sannt som Skalden syng:
 
"I myrke Villa tidt dei kavad,
men endaa er det sanne Ord:
dei aatte det, som du maa hava,
um eingong du skal verta stor."
 
Ein av dei Ting, som mest skjemmer ut vaart Folkeliv no, er at Ungdomen so reint "gløymer burt sine gamle Stev" og helder ikkje finn paa nokot Nytt, som der kann vera Aand i. Aa syngja ei Folkevisa – ho kann vera so god og fager ho vil – nei det er der ingen Moro i, og ikkje er det paa Moten helder. Derimot er det baade Moro og Mote aa syngja "Tvoskillingsvisur" um "ulukkeleg" (og ofta urein) Kjærleik, og istaden fyr Soga og Eventyret, som fyrr grodde so fagert rundt alle Dalar, er det no Pylsesnakk um Per og Paal, Baktaling av andre Folk, Skrøyt av sine Meistarstykkje i Kortspil og i aa snyta ein stakkars Krok fyr ein Skjilling elder tvo i Handel og Vandel; sume Tider fær du og høyra Snakk, som er endefram styggt og usømeleg. Det er ikkje "Folkeliv", slikt; det er Fanteliv elder "Proletariatliv". Eg veit visst, at me kunde tala fyr oss mange Ting, som vilde vera likare enn slikt og kveikja Hug og Hjarta paa ein heilt annan Maate, og det kunde visst vera paa Tidi, um me i Aalvor tok til aa søkja Bot fyr Skaden og segja med Diktaren: "Hava me gløymt vaare gamle Stev, so lærer me andre Gongen."
 
I eldre Tid visste dei aa syngja baade livande og fagert um Elskhug og um stor Daad; dei kunde fortelja sine Sogur um Kjempekarar, som foor ut i Verdi og vann seg "Fe og Frægd;" dei hadde Eventyret um Oskefot, som vel ikkje saag hæv ut so lengje han laag heime og grov i Oska, men som likevæl var den som dugde, naar det kom til Røyning, og som difyr ogso var den som fekk Prinsessa og Riket; dei hadde ein heil Skatt av slike fagre og tankerike Diktarbilæte, som dei jamt tok fram i sine frie Stunder og gledde seg ved, og me kann vera støde paa, at denne Skatten gjorde Sitt til aa halda Livet friskt og sterkt. Enn um me prøvde aa faa uppatt nokot aa detta?
 
Kor gildt var det ikkje, um det var Ein og Annan i vaare Ungdomslag, som kunde fortelja eit godt Eventyr elder ei av vaare merkjelege gamle Sogur, elder som kunde lesa upp eit godt Stykkje or ei folkeleg Bok, elder um dei kunde syngja ein skikkeleg Song, ein Fedrelandssong, ei Folkevisa o. m. sl.! Eg er stød paa, at Ungdomen snart skulde faa Sans fyr det og finna Gleda i det og kjenna, kor det friskad i Saal og Tanke. Det er prøvt sume Stader og hev gjenget godt.
 
Difyr er det mi Raad: lat oss faa ut all den Styggedomen med "Tvoskillingsvisur" og Vaase-Snakk um aandlause Ting, og lat oss faa folkeleg Song og Soga til Høgbords att. Der skal sakta litegrand Mot til aa koma fram med slike nye Ting i eit Ungdomslag; men Ein maa ikkje vera so blaut. Det er eit Tiltak, og naar det er gjort, so vil me meir og meir faa gjort ei Umbrøyting, so me etterkvart kann faa Vegen rudd til Ungdomshjartat fyr Solvarmen fraa Diktarverdi og fyr Ljoset fraa Tankeheimen. Daa fyrst kann dei gode Sprettingar i Ungdomshugen faa gro og veksa, til dei vert til eit sterkt og heilvakset Livstre, og -:
 
"Der Livstreet vekser, ei Kjelda upp seg giv,
ho ber igjenom Heimen ei Aadr av evigt Liv."
 
N . . . r.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum