Ein stevleik.

 
Guten.
Aa kaat og lettliva hev eg vore,
og Jordi hev me so lettvint bore,
ja kaat og lettliva utifraa,
ein snaalar Kar skuld' du aldri sjaa.
 
Gjenta.
Ja fri' fyr Moro plag' Gutann gjera,
aa røa fagert aa lat' de vera,
ja røa fagert aa lat' de bli,
aa læ aat Gjenta mæ Suti si.
 
Guten.
Men some Gjentur dei æ so brælne 1),
dei vil, at Gutann skal ver' so kjælne,
at dei skal øsle 2) mæ Klapp og Sleik,
dei trur at Live æ bar' ein Leik.
 
Gjenta.
Ja fri' aa flasa plag' Gutann gjera,
men sjella skal de av Hjarta vera;
for deires Hjarta, de æ so armt,
dei kann kje elska som Gjenta varmt.
 
Guten.
Eg veit kje noko, som semjes likar
hell ein æ finar aa ein æ rikar;
naar ein av Rikdomen bretter seg,
so sei' den hin: "eg er finar eg!"
 
Gjenta.
Av Hjarte-Kjærleik den Pakt maa vera,
som gjenom heile ditt Liv skal hera;
den som paa Rikdom og Fridd er byggt
i Livsens Stormar stend aldri tryggt.
 
Guten.
Med Sut i Hjarta eg gjeng og drøymer,
de æ ei Gjente eg aldri gløymer;
so mild i Hjarta, i Hug so rein
som Skum paa Bylja naar Soli skjein.
 
Gjenta.  
Eg va so glae i heile Somar
som Fivreld fyk'e kring Bjølleblomar;
men naa kjem Hausten mæ slik ei Sut:
dei sei' for meg, eg hev ingen Gut.
 
Guten.
Du misste Guten din, som du lika,
de va daa styggt at han deg konn' svika;
men eg skal trøyste og gjer deg gla,
for eg skal gange i honoms Sta.
 
Gjenta.
I honoms Sta kann du aldri vera,
eg kann kje Hugen i Loma bera;
i honoms Sta kann du aldri bli,
om so du bad meg i all di Ti.
 
I. H.
 
1) bræla: fjasa.
2) øsla: fjasa.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum