Um Bladet Verdens Gang

 
Um Bladet "Verdens Gang" skriv det islandske Blad "Skuld", som kjem ut i Eskefjord paa Austlandet (Bladstyrar: Jon Olafson): "Verdens Gang" tyder Aldarhàtt elder Heimskringla, for det skal vera liksom eit Slag Spegel til aa syna fram det, som gjeng fyr seg i Heimen. Styraren av detta Bladet er Johan Sverdrup, og hans Namn mun vera kjendt av alle deim, som hev leset "Skirnir" (ei islandsk Aarbok) i dei siste tjuge Aar. Naar me skulde segja stutt og greinleg, kven denne Mannen er, so vilde me segja, at han er i Noreg det same som Jon Sigurdsson hev voret i Island. Han er Formann ved Storthinget, og han er stor Politikar fram fyr alle Andre og Høvding fyr Framferds- og Fridomsflokken. Han er framifraa maalsnill paa Thinget, og det er ingen einskild Manns Ord, som veg so mykje som hans. Sverdrup er ingen Hyklar og legg difyr ikkje Dulsmaal paa, at Folkeveldet er hans Augnemed og Hugsyn; i det Stykket likjest han Bjørnstjerne Bjørnson, og Bjørnson fylgjer ogso Sverdrups Flokk i Styresmaali. Men Sverdrup er helder ikkje nokon Eintrøding og turr Styremaalstraavar; til aa sjaa det tarvst ikkje Annat enn aa lesa Bladet hans. Han er no yver Midalderen, men i Aandi høyrer han til den nyaste Tidi og Framtidi. Alle dei nye Røyvingar (Rørslur) i vaar Tid set han seg inn i og tek Tott i deim alle.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum