Skule og Upplysning.

 
Administrationen og Skulemaalet. Styret vaart hev fenget slik ei Braad-Rid no med aa faa Bygdemaalet i Bruk paa Landsskulen, at det er reint ei Rygd. Dersom du ikkje visste betre, maatte du tru, at Styresmagti vaar var aat med aa umvenda seg fraa sine galne Veger. Ikkje mindre enn tvo Stiftsstyre skal hava skrevet Sendebrev til Prestarne sine um Maalet i Skulen, og no er det fortalt, at Skuledirektørarne i sin "Plan" fyr almugeskulen er innpaa det same.
 
Det maa vera leidt aa sjaa paa detta fyr slike Folk som Tilskuermaalstrævaren og andre av den Bølingen, som væl hev meint at dei ved aa gjera Vas um "dei 36," skulde smyrja sine Knivar hjaa "Autoriteten". Lat dei no agta seg, desse loyale Folk! Dei kunde koma til aa tala syndige Ord mot fleire enn dei vilde.
 
Dersom Ein no kunde tru, at Skulestyret arbeidde med Syn paa Saki og med heil Vilje, so maatte Ein segja, at me var langt komne, og at det var god Von til aa faa ein folkeleg Skule i detta arme Landet. Men – det Heile kjem for braadt paa til dess. Og det kjem dertil paa ein so vinglevoren og ugreid Maate, at du skilleg kann sjaa, at det er ikkje av sin gode Vilje, dei gjer det. Det er her som med alle andre Ting i Politikken vaar. Styret sit og spenner imot, so lengje det ser seg Raad med det. So kjem det ein Dag, at den nye Tanken ikkje lenger let seg utestemma. Daa kjem dei farande som ei Brannvakt og skal til aa "taka Tanken upp" og gjera honom "fornuftig." – Men daa gjeld det aa sjaa seg fyre. Det hender sumetider, at vaar Styresmagt kann vera sløg, d. e. altid sløg nok til aa lura slikt eit skikkelegt Bondefolk som me er. Og daa vert det sidste verre enn det fyrste. Me sit der og veit korkje ut elder inn. Um dei fylgde med i "vaar Politik" i andre Land, skulde dei faa seg mangein god Laatt. Lat oss berre minnast Amtsskulen. Amtsskulen var eit fagna Verk, hadde han berre ikkje havt detta leide Medhenget, som me alle kjenner! -
 
Det er sakte gildt aa sjaa, at Styret tek aat med aa tenkja paa Bygdemaalet. Men det er ikkje gildt fyr annat enn det, at det viser, at den folkelege Maaltanken maa vera sterk no, naar han endaa kann driva slike Traabukkar som vaare dansknorske Styresmenn til aa røra paa seg. Meir skal me ikkje gleda oss yver. Vil nokon tru at desse vaare Styresmenn kann og vil bera Saki slik fram, at Skulen kann verta det han burde vera i Folket, - den Mann vert narrad. Me bør hava lært no. Ingen hev lenger Lov til aa vera so faavis, at han let seg lura av desse politiske "Schakktrekk."
 
Hadde det voret Sanning i det som Skulestyret vaart no fer med, so hadde dei fyr mange lange Aar sidan sett Tingen i Verk. Det er ikkjedet, som vantar, at dei ikkje hevvisst, at ei Umbot turvtest. Naar dei ventar med slikt til dei nøydest til, so fær dei finna seg i, at me trur dei berre so maata.
 
Var det full Aalvora med denne Styrets braadkomne Tilhug til Bygdemaalet, so vilde dei og fara fram med færre Krokar og med stødare Retning enn dei no gjerer, og serleg vilde dei ikkje hava nokon Ting imot, at Saki vart greidd og avgjord vedLog. Tvertum: Styret vilde justlikadet; for ei Log vilde vera til størsteHjelpfyr Styret, naar det skulde til aa faa Saki i Verk. Men her ser du Hestefoten. Naar Styret strævar med aa faa Bygdemaalet upp, so er det just fyr aahindra, at det skal koma inn i Logi. Dei vil ikkje hava det der. Dei vil kunna stella og styra med den Ting sjølve. Og fær dei det, so tykkjest dei vera trygge. Dei er upptamde i den Kunsten aa "administrera" ein Tanke ihel. Legg Saki i deira Haand, so skal du berre sjaa. Det vert upp i Tufs og Ingenting so fint so fint, at me alle skal undrast.
 
Me kann so væl sjaa Meiningi i sjølve dei Uttalur, som kjem fram fraa desse Folk alt no. Dei snakkar nok innpaa um, at Læraren skal bruka Barnets Maal fyr aa faa det til aa skyna Undervisningi, og so; men du merker snart, at det ikkje erdet, som er Saki. Hovudstolen er, det er sagt mest med opne Ord av ein av desse Bygdemaalsvenlege Skulestyrarar, at Folket skal læra aa "tale, og tænke" paa "vort Sprog". Det er det danske Maalstræv so endefram, at du vert fælen. Folketskalvenjast av med Maalet sitt og taka eit nytt paa Borg hjaa desse fine "Erobrarar." FolketskalIngenting eiga sjølv, ikkje eingong sitt Moersmaal. Detskalgjeva seg upp til desse sine faderlege Formyndarar og Fyresytarar. Det er ei Skam aa snakka um slikt; men største Skammi er, at det er sannt. Lat no Nokon koma og segja, at det er for stridt sagt, det, som nyleg hev vortet skrivet um dei dansk-norske "Kvasi-Erobrarar" og deira "Planer"!
 
Det vert med Administrationen og Bygdemaalet her paa Lag som naar ein Seminarlærar av det vanlege Slaget skal "tilholde Eleverne at bruge sit Modersmaal." Han segjer: "Tal kun jer Dialekt, - dersom det falder jer besværligt at lære Bogmaale!" – Alle som Ein legg i Veg med aa knota best dei kann, fyr at ikkje Læraren skal tru, at det fell dei "besværlegt" aa læra detta Maalet. Var det likt seg det daa!
 
Dersom Skulestyret fær fram sin Maalplan i Aalmugeskulen no, so tor me trygt segja, at det vert verre med desse Ting enn det nokotsinn hev voret. Skal Skulen hava til Fyremaal aa læra den norske Bonden aa "tænke" og "tale" Bokmaalet, so lyt dei nok bruka all den vesle Tid, som Skulen eig, til danske "Tale- og Tænke-Øvelser." Aa bruka Tidi til Upplæring i Ting, som Bonden hev Bruk fyre, det vert der ikkje stort Spursmaal um. Det, det gjeld um, vert aa temja Bonden upp til aa lesa "vore Bøger." Desse stakkars Byfolk er nok harme yver, at Bøkerne deira vert so litet lesne og kjende uppgjenom Dalarne; men dei veit Raad. Stat og Kommuneskal ofra Pengar til Skulen sin i Tusund og Milliontal, fyr at Skulen skal bruka sine 20-25 Vikur um Aaret til aa læra Bønderne "tænke" og "tale" paa det same Maalet som "vi" skriv "vore Bøger" i; - det er som det skal vera. Bonden hev slikt so gjera han, maavita.
 
Eg trur ikkje Thinget let seg lura av slike "Schakktrekk" no lenger. Dei er for trehendte, desse vaare gode Styresmenn; Eselsøyro sting seg so altfor snart fram baade gjenom Løve- og Revepelsen. Lat Folket, gjenom Logmagti, sjølv greida Saki, so er ho greidd, og so veit me, kor me stend. So kann Administrationen faa syna fram sin Visdom og gode Vilje ved aa verksetja Folkets Vilje so – høveleg seint, i denne godslege norske Smaadilten, som me kjenner so godt fraa vaare Skjusshestar og vaare kongelege Departement. Der kann Administrationen vera rett bra. Det som det gjeld um er, at Tingen endeleg ein Gong vert avgjord. Folkets Rett lyt alle no kannast med, som me ser. Men det som er Rett, bør ogso vera Log.
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum