Um Fatikskatt og Lægd.

 
Hjelp til deim som sitja i Armodsdom og lida Naud, skulde sjølvsagt Folk giva friviljugt og utan nokot annat Logbod en det som Guds Ord giv og som ein kann les i 5 Mosebok 15. 11 og Joh. 1ste Brev 3. 19. Dette vil vist ogso alle Kristne fylgja, um dei enn ikkje altid gjera so fullkomeleg og rett etter det som dei skulde. Men den Tru um vaart Folk at dei vilde gjera so, heve inkje vaare Riksraadar og Storthingsmenner havt, meddi dei heve givet Logbod um, at alle Fatikfolk skulde faa Hjelp til Livberging av Bygdi elder Fatikkassa (sjaa Log av 20 Setbr. 1845) og settfyre, at Menner skulde utveljast til at likna ut Fatikskatt og Legd. Detta var gjort i beste Meining og etter som Flestalle trudde var rettast; likevel, det er ein vrang og bakvend Veg at taka det paa, for no kann kvar Drikkar og Leting, som inkje er god til aa syta fyre seg og Huslyden sin, koma med Logi i Handi og søkja Upphelde av Kassa, anten han so idest taka si Hand i Arbeid elder ei, og det er – Skam at segja – komet so vidt, at dei i Byarne døma Folk paa "Tvangen" naar dei inkje kann livberga seg sjølve, anten dei so er Skuld i det sjølve elder inkje. At detta ikkje kann vera so rett er lett skynande, naar Ein tenkjer vel etter alt, og er det ikkje rett, so er det helder inkje til Gagn, men berre til Skade. Dette syner seg ogso, for i dei tjuge Aar 1850 til 1870, som var gode Aar baade paa Sjø og Land, aukadest Fatikskatten her i Landet fraa 573 Tusund Dalar til 1,337 Tusund Dalar, elder fraa 49 til 90,8 Skill. fyre kvar Menneskja, og det heve sidan auka paa framleides. Same Røynsla hava dei gjort i andreLand ogso. Og var inkje Skaden større, enn Auking av Pengeutlaget, var det endaa inkje so faarlegt; men det er verre at Fatikfolk paa denne Maaten syger i seg den Tanken, at dei hava Retttil at liva paa andre likare Folks Kostnad, og dermed tapa di Trui paa seg sjølv og fær den Freistring at verda lata, uvyrdne og ovundsjuke. Dei Rike derimot gløyma so lett si Skylda til aa giva av eit godt Hjarta, og tenkja berre paa den store Fatikskatten dei maa betala, og som dei verdapantade fyre, soframt dei inkje legg honom ut i rette Tid. Denne Veila ved Fatikstellet heve sume gaadd. Det var soleides fyre ei Tid sidan ein Prest i Skotland, heitte Chalmers, som prøvde paa at brøyta Vegen fyre friviljug Fatikhjelp, og han heve skrivet ei Bok um dette Emnet, som er umskrivi paa Dansk av Presten Knutson i Evje og prentad her i Landet i 1857. Fyre 6 Aar sidan heldt daaverande Kandidat, no Prest, Schjelderup nokre Fyredrag i Bergen um det same, etter den Maate dei hadde det paa i den fyrste kristne Tid, daa Apostlarne leet velja Diakoner elder Fatikfyrestandarar i Jerusalem, og som ogso var den Maaten Chalmers tok det paa. I Menigheitsmøte fyre Nykyrkjesoknet vardt det sidan vedteket at freista med ei slik Fatikhjelp, og det heve sidan stadet ved Lag og gjenget fram Aar fyr' Aar. Ifjor toko dei til paa same Maaten i Aarstad Sokn tett med Byen, og no er det Tale um at byrja det ogso i dei andre Sokner i Bergen. Same Tanken fekk fyre nokot sidan Lensmann Skaatun i Fitje paa Storden. Um dette fortel ein Mann i eit Brev til Bergens Tidende, 1) og i 1873 er det i Bergen prentad ei liti Bok um same Emnet. 2)
 
Um dette trudde eg det kunde væra høvelegt no at fortelja og bedja Folk tenkja væl yver um inkje her er eit Umbrøyte at stræva etter, som vilde vera til Gagn og Gleda baade fyre Fatik og Rik. Kann fleire vaaga seg til aa gjera det Tiltak, som vardt gjort i Fitje-Gjeldet, vil det muna; Utlaget til Fatikhjelp skulde vonlege med Tide minka og Fatikfolk skulde faa den Kjensla, at Hjelpi kom av Kjærleikje og inkje ved nokot Logbod, som verd sett av Storthing og Riksstyre.
 
P.
 
 
1) Lensmann Skaatun heldt eit Møte og greidde ut um det Andsvaret, Samfundet hev fyr uforsyrgde Born, og um fri Fatikhjelp. Tie Mann melde seg strakst viljuge til aa fostra kvar sitt Fatikbarn, og ein Maa nads Tid etter hadde alle Fatikborn i Sokni (ikr. 30) funnet kvar sin Heim paa same Maaten. – Lika eins fekk dei alle andre Fatikutgifter (ikr. 600 Spd.) inn ved frie Gaavur, og det var dei, som fyrr hev voret iliknade berre 4-5 Spd., som no fritt gav upp til 30 Spd., og meir og.
(Bldst.)
 
2) "Nogle Ord om frivillig kirkelig Fattigpleie."
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum