Skule og Upplysning.

 
Premie fyr dei beste Lærebøker aat Aalmugeskulen lovad Kjyrkjestyret ut fyr ei Tid sidan. Af dei innkomne Prov heve no Domsnemndi valdt ei Fedralandssoga av Rektor Eriksen og Yverlærar S. Petersen; Natursoga av O. A. Larsen, Styrar av Lærarskulen i Søgne; Naturlæra av Farstad, Styrar av Lærarskulen i Eikersund; Geografi av Oberst Broch; ABC "Barnets første Bog" av Fru Rosing.
 
Ved Kristiania Aalmugeskule er Skuletidi fyr Femteklassarne nyleg aukad med 6 Timar um Vika; fyr var det 18, no 24 Timar. Dette gjeld fraa den Tid, det nye Skuleaaret byrjar; fraa den Tid verd og Skuletidi fyr dei bitalande 5te Klassar ved same Skulen aukat inntil 30 Timar, Skuletidi fyr 6te Klasse skal likeins aukast fraa August 1879 og fyr 7de Klasse fraa August 1880.
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum