Notisar

 
Løning aat Lensmennerne. Fleirtalet i Justitsnemndi hev innstilt, at det kongelege Framloget um Lensmannsløni skal havast fyre paa detta Thinget; tvo Mann vil berre leggja Saki burt.
 
Av Domsmenn ved Parisutstillingi skal det ialt vera 650 (325 Supleantar), herav skal det vera 350 Utlendingar. Noreg og Sverik fær tilsaman 22 (11 Supleantar). Dei skal koma saman 1ste Juni. Det er ikkje her som i Amerika ifjor, at det Landet, som held Utstillingi kostar Reisa aat alle Domsmennerne, annat kvart Land maa syta fyr sine.
 
Ein ny Forteljing av Jonas Lie, som heitter "Thomas Ross" skal utkoma aat Vika att paa det Gyldendalske Forlag.
 
Til Reisepengar aat Pariserutstillingi med sers Avsyn paa Næringsvegerne hev Næringsnemndi No. 1 innstilt mot 2 Mann, at det umframt skal latast til 10,000 Kr.
 
Smaalensbanen. Formannskapi i Rakkestad Futedøme i Smaaleni hev sendt inn eit Skriv til Storthinget, der dei klagar yver, at Arbeidet paa den øystre Lina hev gjenget so smaatt, med den vestre snart er ferdig, og dei skulde vera ferdige samstundes. Dei bed difyre Thinget sjaa til, at dei ogso snart maa byrja til Gagns med Arbeidet paa den øystre Lina.
 
Fodernaudi skal alt hava byrjat paa Throndheimskanten.
 
Ein Vulkan paa Island hev nyst gjort hardt Utbrot.
 
Bilæte av Sokneprest Hærem. Kand. A. Fosterud tenkjer aa gjeva ut eit Bilæte (Lithografi) av Hærem. Det skal kosta 2 Kr. og kann tingast i alle Landets Boklødur.
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum