Lat os faa fleire norske Salmar!

 
I sidste No. av "Fedraheimen" var der nemnde nokre Bøker, som "det norske Samlag" hadde Von um at faa giva ut med det fyrste. Eg saag fælt forviten etter, um me inkje snart kunde venta fleire norske Salmar; men der stod inkje nokot um det. Det er sant: Dei 3 Hefti, me heve fenget, er ei stor Guds Gaava, og det er vandt, um andre norske Bøker heve voret mottekne med slik Gledasom dei. Men netupp difyr er det, at eg her vaagar meg fram med den Bøni (eg vonar "Fedraheimen" vil bera henne fram til "Forfattaren"): Kann De, so lat os snart faa fleire Salmar! Eg veit, der er mange med meg, som lengtar etter det og vil verta hjarteleg glade, naar dei fær eit nytt litet Hefte. Eg kjenner og Folk, som kann Mesteparten av dei 3 utkomne Hefti utantil.
 
A.
 

 

Frå Fedraheimen 06.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum