Av laak ætt.

 
[Del 2 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
(Framhald fraa No. 13).
 
 
IV.
 
Daa Leiv vart so uppimot dei tjuge Aari, freistad Lars ofta paa aa faa han med seg ut millom hin Ungdomen. Men Leiv vilde aldri. Han var rædd Bygdefolket. Han kjende seg so laak og arm under dei skjegglande Augo som alt Folk sette paa han. Eg høyrer ikkje til der, tenkte han. Mest rædd var han Gjenturne, for dei kunde han ikkje slaa, um det kneip. Og det beit altid so rart, naar dei flirde. Han rømde fyr dei kor han kunde. Han rømde helst fyr alle. Han kjende seg flat ved det i Grunnen. "Eg skulde vera likso god Kar som dei!" tenkte han og knytte Neven. Men naar han saag dei, vart han likevæl heit og uhugleg, og rømde.
 
Han var tvo-tri og tjuge Aar, fyrr detta gav seg nokot. Men daa var det ein Vetr, at han fekk meir Hug til aa høyra paa Lars, naar han fortalde sine Elskhugssogur um dei fagre Møyar. Vaaren etter gjekk han oftare til Kyrkja enn vanleg. Og daa gaadde han ein Dag fyr fyrste Gongen, at ei Gjenta kann vera væn. –
 
Men i same Stundi vaknad det liksom eit nytt Liv i Guten. Hugen vart so mjuk, og Tankarne so øre. Det kom slik ein underleg Eld i Blodet: baade saar og sval. Han saag paa Møyarne og vart bljug; det stakk i Bringa hans, naar dei smilte; men var det ei, som saag paa han, daa vart han raud heilt uppi Haargarden. Daa han kom heim den Dagen, merkad han, at det var stuslegt og audt paa Hegglid. Stova var so trong og myrk, Faeren so tagall; Lars var ute; - han laut til Skogs. Der gjekk han og dreiv millom Sol og Skuggar; hans nyvekkte Hug fødde Tankar og Kjenslur, liksom Solbakken um Vaaren skyt Blomar og grøne Straa. Han kjende seg baade frisk og ufrisk. Skogen stod der, ung og grønkande, dei myrke, digre Granbuskur laag og svam i Sol og Blaatt, Fjelltopparne stod so reine og ljose, Lufti var vid og klaar, roleg og gjenomsynleg ende til Himmels, djup som Havet, full av Sol og symjande Fuglar. "Det er vænt, detta!" tenkte Leiv, naar han saag upp.
 
Det var helst ei Gjenta, som han hadde lagt Merkje til. Ho var stor og staut, helder før enn mjaa, hadde digert Brjost og sterke Aksler, ein frisk, aalvorleg Munn, og myrke, klaare Augo. Naar ho steig fram fyr hans draumsjuke Minne, tottest han kjenna, kor Hjartat bankad. Men so var det ei til, som han og hadde set seg glad i. Ho var mindre og grannare; Munn og Augo hadde ein sorgmild Smil, som drog han sterkt; Haaret var brunt og uvanleg digert. Desse tvo steig og kvarv i hans øre Draumar liksom Havfruvur paa voggande Baarur. Han gjekk som i Ørska og kjende ikkje Jordi han steig paa.
 
Best som det var, braastanad han. Han høyrde Omen av Felelaat og glade Rop; der var Dans einkvarstaden, kunde han skyna, og daa han lydde etter, fekk han ut, at det var paa Haugstad. Dans -! Blodet strøymde saman i Bringa slik, at Hjartat stampad og sleit i han -: skulde han vaaga seg der ned? Der kunde han faa sjaa alle dei væne Møyar, han hadde set i Dag, og fleire til . . . skulde han? Han hadde aldri voret i Lag fyrr. Eingong laut vera den fyrste. Kvi skulde han vera Krusling og Heimaling, han meir enn andre? –
 
Hugen drog, Ræddhugen heldt fast. Men so samlad han seg i eit stort Tiltak. "Det lyt vera slut med denne Stakkarsdomen no", sagde han og gjekk. – Det bar til Haugstad.
 
V.
 
Daa han kom fram imot Garden, vardt han meir og meir rædd. Han stansad ofta og lydde. Men han heldt fram. "Det skal vera Slut med Stakkarsdomen," sagde han. Tilslut var han i Tunet. "Eg lyt stogga her litegrand fyrr eg gjeng inn, tenkte han; "høyra etter, kven som er her, og slikt." Han vart standande burtmed Løda og gav seg til og lydde. Aa, kor vænt Fela song. Det var baade Graat og Laatt, men alt so fint, so fornæmt, slik ein Sving paa det. Han fekk ein forjagande Hug til aa dansa. Og ikveld skulde han freista. Han vilde vera med i denne Gleda. Det skulde vera slut no med denne Einstødingskapen. Han var fullvaksen Kar, og han vilde vera som dei andre.
 
- Det var fælt mange Folk i Laget. Dei song og staakad og lo. Alle var glade. Han saag gjenom Vindaugo, kor dei svingad seg. Det var gilde Folk, beste Ungdomen i Bygdi. Det var Ingen av d e i, som hadde nokon Ting aa skjemmast fyre. Dei kunde stiga trygge og hugheile fram millom kven dei vilde: Ingen flirde aat dei. Dei var av god Ætt og høyrde Bygdi til alle. Og alle hadde dei fine Kjenningar. Kvar Gut hadde si Gjenta, kvar Gjenta sin Gut. Dei kunde nok dansa og hauka og slaa Hælarne i Golv og Tak. Dei hadde Retten til det.
 
Leiv kjende seg i Grunnen liten der han stod. Hadde han nokon Ting her aa gjera? Høyrde han til millom slike Folk? Kven var det her, som brydde seg um han? Han kjende ikkje ein Kryp. Dei vilde berre gjera Gjøn av han naar han kom derinn. Dei vilde undrast, og sjaa paa han, og kaldflira. Den Skarveguten! den Bytingen! Son hans SvarteAsbjørn! "Slike vil me ikkje vita av i godt Lag". Leiv sveittad der han stod, so vart han flat og kald. Den som kunde søkkja i Jordi. Det gjekk kvasse Styngjer gjenom han, kvar Gong han høyrde Gjenturne lo. Dei var glade der dei var, dei, og saknad ikkje Leiv Hegglid. Gutar stod paa Trammen og svallad med Kvinnfolk innanfyre. Dei turvte ikkje røma, naar dei saag ei Gjenta. Og Gjenturne rømde ikkje fyr dei. Han stod og lydde, og ovunde dei slik, at han kjende Hug til aa fara fram og skamslaa dei.
 
Det var alt Kveld. Best som det var høyrde han Steg attum seg. Det var Folk, som skulde til Laget. Tri store Karar kom gangande. Dei var alt innimot Løda der han stod. Kor skulde han no gjera av seg? Han vart skræmt, krylte seg ihop og gjorde seg so liten han kunde. Likevæl gaadde dei han. Dei smaalo og sette beint paa han. "Kvat er du fyr Ein?" sagde dei. Leiv tagde, men vende seg og gav den eine av dei eit Drag under Øyra so han valt. Men i det same hengde dei tvo andre seg fast ein i kvar Armen hans. "No skal du fyr Ljoset, Kar!" sagde dei.
 
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum