Til Lesaren.

 
Fraa idag kjem Bladet ut kvar Onsdag og Laurdag. Du fær soleids dubbelt so stort Blad fyr dei same Pengar, og dermed vert "Fedraheimen" eit av dei billegaste Folkeblad i Landet.
 
Denne store Utvidking hev me vaagat i den Voni, at detta vilde vera den beste Maaten aa driva Bladet upp paa. Til dessa hev Folk funnet Bladet hosta dyrt; dei totte og det var væl lengje aa venta millom kvart Nummer. Og me sjølve var i Naudi med, at me altid fekk for litet Rom. No vil alt detta jamna seg. Og no skulde det væl vera trulegt, at Tingartalet vilde veksa, so det var Mun i.
 
Me veit, det stend mangt i Vegen. Tiderne er laake, Tevlingi stor, og det er Uraad fyr oss aa vita, um me hev styrt Bladet slik, at Stormengdi av Folket kann lika det. Men det lyt røynast. Det skal ikkje hava voret god Vilje, som vantad. Vil alle andre gjera Sitt som me hev gjort Vaart, so skal det nok bera til. Men gjeng det galet, so lyt Folk finna seg i, at Bladet vert Vikeblad att. Det er ikkje onnor Raad med det.
 
I Innhald og Synsmaatar vert Bladet det same som fyrr. Det fær meir Politik og meir Nytt. Skule-Artikkelen er helst meint paa Lærararne, um dei kjem med i større Tal; men han kann og vera fyr Andre. Brevsendingar og andre Stykkje tek me imot som fyrr. Forteljingar skal me sjaa aa halda oss med so nokorleids jamt. I Bladkjeldaren kjem det, naar "Skildringar fraa Italia" slutar, ei lang og helder morosam Forteljing. Dei gode Menn, som hev hjelpt oss fyrr, vil arbeida endaa meir no, og dei, som ikkje hev hjelpt oss, vil visst og kjenna seg drivne til aa taka i. I ein Strid som vaar skulde Ingen finna Grunn til aa spara seg. Folk burde hava lært no. Lat oss hugsa, at Tidi er dyr, og at Mange er imot oss. Den, som ynskjer Framgang, fær spenna i.
 
Og hermed, gode Lesar, set me i Veg.
 
Bladstyret.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum