Sløg.

 
Ei Soga fraa Aust i Skafsaa i Telemark.
 
De va ein Manne som ville av aa leigje seg Tenestgute, so seie Kjeringjé de mæ honom, "du maa 'kje leigje noken, som heiter Sløg, - de plaga jamt vera noko Unopur, dei som heiter so." Nei, han sille 'kji, sa'n. So tok han ut. So kjæme han noko langt paa Vegjen, so møtte'n ein Gute. "Goddag!" seie Mannen. "Gud sign deg!" seie Guten; "sko du langt av idag?" "Eg vill' av aa leigje meg Tenestgute," sa Mannen; "men eg veit inkji hori eg sko faa'n, - eg hev fordrygt meg so reint," sa han, "Aanné kjæme paa meg, aa inkji kann eg vera eismall." "Eg hae tenkt aa byggje meg, du sko faa meg", seie Guten. "Ja, d'æ bra nokk," seie Mannen, "men hot heiter du?" sa'n. "Sløg," seie Guten. "Ja, men Kjeringjé sae de mæ meg, eg sille 'kji leigje noken som heet Sløg." "Nei, de kunna so vera," sa Guten. So reiste Mannen Vegjen, aa Guten skogvegjes. So kjæme'n noko langt paa Vegjen, so møtte'n ein Gute atte. "Goddag!" sae Guten, "sko den Mannen langt daa?" - ja, so gjekk de likeis daa: han heet Sløg, denni ou. So skjuldest dei at, aa sula kvaar sin Vege, no ou, - Sløg teskogs atte hovustupp, ivi ein Aasrygge mæ'n, aa Mannen Vegjen. So møtt'n ein Gute treë Venda. "Goddag!" seie Mannen. "Gud sign deg!" seie Guten, "sko du langt av idag daa?" "Eg ville av aa leigje meg Tenestgute," sa Mannen, "men han æ nok inkji so go aa faa detti Bil Aars." "Eg hae tenkt aa byggje meg, du sko faa meg," sa Guten. "Ja de va væl nokk, men hot heiter du daa?" sa Mannen. "Sløg," seie Guten. "Æ de 'kji anna hell "Sløg'ar i denni Bygdé?" "Eg veit 'kji, eg," seie Guten. "Ja eg fær faa deg daa," sa Mannen, "eg kann 'kji lengr gange."
 
Ja, so kjæm dei heimatt um Kvellen. "Hev du no fengji deg Gute?" seie Kjeringjè. "Ja," sa Mannen. "Hot heiter han?" – "Sløg." – "Men va de 'kji eg som sae du sille 'kji leigje noken som heet Sløg?" "Ja de va nokk so, men der va 'kji are: kvenn eg fann, so heet han Sløg." "Aa ja, so lyt de vera de sama," seie Kjeringjé.
 
So seie Mannen mæ Guten: "No tar du 'kji vera so tileg uppi i Morgo, aa ikkji taka paa arbeie so svært fysste", - de hev vori ein snille Manne. Nei, detti va no bra nokk. "No reiser eg av aa slaa," seie Mannen, "no kjæme du ette meg, naar de lie paa Morgoen. So sko eg setje nokle Stikkur i Vegjen ti Merkji ette meg, der som du sko gange." – Men so visste 'kji Kjeringjé noko um detta. So va der ein som ho heelt seg mæ – de va endaa Husmannen - som heet Jon; aa so stelt'o slik Mat aa Drikke fyr denni Jon'en um Morgoen, - aa so spyr'o Jon, hor han slo idag. "Der den kvite Merré mi stende," sa'n Jon. Alt detti laag Guten aa lydde paa, aa Kjeringjé visste 'kji anna hell ho va eisemo.
 
So tok Guten Blæja oto Sængjé aa bar mæ seg, aa kjæme etti paa Slaatteteigjen ti Mannen. "Hot vi du mæ denni?" seie Mannen. "Eg ville taka mæ meg tilbakars noko Bos, eg totte eg laag so hardt." Ja, so va detti bra nokk. "Eg tenkje mi lyt snart faa okkon Mat," sa Mannen, "d'æ Dogurs Bil." "De hastar 'kji," sa Guten, "eg tenkjer Kjeringjé kjæme mæ Mate ti 'kon idag." "Nei tru de daa?!" sa Mannen; "ho plaga 'kji de," sa'n; - "de maa vera si mi hev fengji ny Tenestgute," seie Mannen. So hae Kjeringjé koka Feite-Groute ho, aa klint eit Par Klingar, aa kjæme etti paa Slaattune mæ. So saag ho denni kvite Blæja, so tenkte ho de va Merré hass Jon, - ho va noko nersynde. Aa so kaam ho so nere, fyrr ho gaadde hot de va, at ho kunna 'kji vende att. Ja so kjæme ho no mæ denni Maten, aa dei no ti aa eta. So seie Mannen: "Idag hev mi so goe Mate, eg trur eg vi burt ette'n Jon, so'n fær eta mæ 'kon;" – de hev vori ein snille Manne -. Aa detti høyrde 'kji Kjéringjé. "Eg sko burt ti Jon," seie Guten; aa so reiste han Sløg. Daa han kjæme daa burt ti Jon, so seie'n de: "No maa du vara deg, no kjæme Mannen mæ ei stor Vaag aa vi slaa deg i Hel, for du laag sjaa Kjéringjé hass idag." Aa Mannen tenkte detti, at Guten kaam atte mæ Jon. Aa Guten kjæm atte springandes, so heitt aa hart som han kunna. "Eg sille bea, du ville burt ti Jon," seie Sløg ti Mannen, "aa taka mæ deg ei store Vaag: Merré hass heve dutti av at eit Søyledikji." Mannen bleiv so forsura, han sprang av mæ Vaagjé paa Okslé aa Biten i Kjeften. Aa Jon vart so rædde som han kunna, aa tenkte de va som Sløg sae, aa tok ut, so fort som han kunna, aa Mannen etti aa tenkte at Jon sprang der Merré laag. Men so bar de so avsta mæ Jon, at Mannen kunna 'kji springe lengr ett' en, han visst' ikkje hor han sprang etti. Men so ville Jon hoppe utivi ei liti Ufs, men der brout han av seg Foten, aa so bleiv han liggjandes aa krouna aa enkja seg. "Eg sko alli gjera de mei, eg sko alli liggje mæ Kjeringjé di mei, eg sko alli ænse hæna mei, nei alli i min Dag, um du inkji vi skammslaa meg." Mannen reint forsura, daa han fekk høyre detti, aa snudde attende so fort som han kunna. Daa han kjæme daa tilbakars so kjæme'n paa sama Staen, som han hae ført ne dei Bitane, som hae drosi av Klingjen, daa han tok Vaagjé. "Hot gjere Mannen dera?" seie Kjeringjé ti Sløg. "Seer du 'kji han plukkar kvite Smaasteine?" seie Sløg. "Hot vi 'en me den?" "Han vi steine deg i Hel," seie Sløg, "for du leet Jon liggje sjaa deg." Kjeringjé te Flogs aa heim igjænom. "Hot æ Kjeringjé springe for?" seie Mannen ti Sløg. "Der æ Ell i Basstoga!" seie Sløg. Mannen etti, aa sprang han au, so hart som han kunna, ota aa sprang, ville vera mæ sløkkje. So vart Mannen so spræke, at Kjeringjé slapp ikkji unda; so rulla ho paa Hovdi at eit Søyledikji. Der kaam Mannen like ivi hæna. Daa vart ho so rædde, at ho ba: "Hjarte-vene, slaa meg ikkji i Hel, eg sko alli leta Jon liggjemæ meg mei."
 
So æ Soga Endi. (So bleiv Sløg eisemallmæ Grouten ou).
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum