Fraa Dyreheimen

 
I.
 
(Framhald fraa No. 13).
 
[Del 2 av 5. Fyrste delen.]
 
Bia byggjer sine Smaa-Rom i regelrette Sekskantar. Er det no nokon, som trur, at Bia kann Matematik elder Utmælingskunst? Hev ho reknat ut, at just den regelrette Sekskanten er den, som vil høva best fyr slike Byggverk? - Med det same ho kjem til Verdi, veit ho aa finna dei Blomar og Vokstar, som det er Honing og Vaks i. Er daa det nokot, som ho hev lært? Og naar ho fyrste Gongen dreg Vaks og Honing til Bølet sitt, veit ho daa, kvat ho skal med det der? - Det, som Hugskotet driv Dyri til, det gjer dei, og det gjer dei til Fullkomenskap; men der Drifti slutar og Ettertanken vert kravd, der slutar og Dyret med sitt meiningsmerkte Yrkje. Tendrar Ein upp ein Verme i ein Skog, som det bur Apekattar i, og so Ein gjeng sin Veg og let Elden brenna, so kjem Dyri strakst aat Elden og set seg ikring honom og vermer og kosar seg; men naar Elden er utbrend, er det og Slut paa Gleda; for det er ingen Apekatt som finn paa so mykje som aa leggja Ved paa Elden.
 
- Men til detta kunde Ein svara: Eit litet Barn vil helder ikkje koma paa aa leggja Ved paa Elden, og likevæl vil Ingen segja, at Barnet vantar Vit. Barnet maa fyrst hava set, at Ein legg Ved paa Elden fyr aa halda Liv i honom, og so kann det sjølv gjera det. Og naar Apekatten hev set slikt, so gjer han det au, ja gjer mange Ting, som hev mykje meir paa seg enn det.
 
Det er soleids ikkje so lett aa faa fullt Svar paa Spursmaalet. Det kann sjaa ut til, at der er Rett paa baade Sidur, og at Ingen hev den heile Retten. Det gjeld daa um aa merkja seg og sanka ihop alle dei mest lærerike Syningar av Dyrevitet, og daa vil det kannhenda verta lettare aa segja, kor Naturdrivti slutar og Vitet tek aat.
 
Lat oss fyrst sjaa paa Byggjedrivti. Det er væl visst, at naar Vevkjeringi spinner sin Vev, so er det ikkje av nokon Ettertankje hjaa henne; det er Drivti. Men naar me no ser, at ho gjer den ytste Strengen, den, so ho hefter Veven sin fast med, tjukkare elder tunnare, ettersom han skal vera lang elder stutt til, og altso gjer honom sterkare, naar han skal bera ei større Tyngd, - so ser ikkje detta ut til aa vera berre blind Naturdrivt. Kvepsarne byggjer Bølet sitt ihop av tallause smaae Trefliser; den eine gjer det som den andre; Ingen hev lært dei det; men rette Staden fyr Bølet maa dei sjølv finna seg ut. Bølet aat Termittarne 1) er so forbineleg kunstrikt, at Ein gjerna stend til, at detta kan dei ikkje hava lært; det maa liggja i dei av sjølve Fødesupplaget. Men likevæl ser me rett som det er, naar me gaar væl etter, at dei finn paa sumt, som er Undantak fraa den vanlege Byggjemaaten, og det Undantak, som ser ut til aa vera Meining med. Hjaa Biurne hender det ikkje sjeldan, at heile Byggverket deira vil verta skjeivt, av di der kann vera gjort eitkvart litet Mistak fraa fyrstunde. Men dei smaae Dyri gaar snart detta og veit aa beinka paa det. Dei gjer eitpar Smaa-Rom mindreelder større, elder dei gjer sume av dei skjeive til hi Sida, elder dei byggjer nokle Femkantar istadenfyr Sekskantar; Mishøvet er beinkat, Byggverket gjeng aa nyom fram paa vanleg Vis. Daa lyt Ein spyrja: er det au Naturdrivt?
 
Fuglarne byggjer seg Reid paa ovmange ulike Maatar. Dei meste Symje- og Vadefuglar grev seg berre upp eit Hol i Sanden og fjelgar det til med Fjør elder Sevblad; men Hegren byggjer i Tre. Sume Vatsfuglar lagar seg symjande Reid av Sev; Isfuglarne grev seg ei Hola, som dei bur i; Svala murar sitt Reid ihop av vaat Jord; Spetta lagar seg Holur i Tre; Rovfuglarne byggjer av Riskvistar; Songfuglarne fletter seg sine Korger; Pungmeisa vev seg liksom ein Sekk, som ho hengjer upp i Lufti etter ein Traad; Kolibrien lagar sitt vesle Reid av tusundtals ørsmaae Haar og Traadstubbar. Alle Fuglar av same Slaget byggjer paa nokotsonær same Maaten, og ein Trast kjem aldri paa, at han - istadenfyr si vesle Korgfleiting – vil gjera seg eit Reid av Haar liksom Erla. Detta lærer oss, at det her styrer ei Naturdrivt. Men naar me so ser, at Fuglarne med stor Umsut leiter seg upp gode Byggjestader, at dei flyg vida kring, set seg ned snart i det Treet og snart i hint, prøver ei Grein her og ei der, kjem fleire Gonger attende til same Staden og prøver, ja ofta tek til aa byggja paa ein Stad og so reiser av att til ein annan, - daa vil Ein nok koma i Tvil um, at det her berre skulde vera den tvingande Naturdrivti, som raar. Daa kann Ein mykje snarare forklara endaa dei gildaste Byggningarne aat Biveren som eit Innskot av Naturdrivti.
 
( Meir).
 
1) "Termitt" elder Kvitmaur er eit Skordyr av Maurslaget; det liver mest i det varme Jordbeltet.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum