Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 16 av 25. Fyrste delen.]
 
V.
Tivoli. Ei Fotferd i Albanerbergom.
(Framhald). 
 
Me fekk Undamun, og soleids kunde me daa sitja i Ro og Fred med vaart Vin paa Pergolaen (Altan) i den kyrre Kvelden og sjaa paa det underfagre Nemivatnet og Strenderna kringum Nemivatnet er eit gamalt Krater. 1) Difyre ligg det nedi ein Grytebotn med svarte, stupbratte Steinveggjer kringum. Men uppfyre Steinveggjom halla grøne, fraudige Lider ned mot Vatnet, og Knausar og Knattar og Holvegjer med Skog inimillom, sting seg fram, kvar du ser, so det er nokot med det mest maalande eg heve skodat. Dei kann gjerna kalla Nemivatnet Perla i Albanerbergom. Paa eine Sida av Vatnet, som inkje er stort, ligg daa Byen Nemi uppetter Fjellhallet, paa den andre ligg Genzano. Me sat og song her stille Kvelden, og dei høge Cyprestre, som heldt Vakt utanfyre, lydde til dei underlege Tonarne.
 
Sengerumet i Nemi var hyggelegt. Rundt ikring paa Veggjom hekk det Madonnabilæte med Rosor under, og Jesus paa Krossen og myket annat katolskt, fromt Stel. Sengi var so høg og mett med ruvande Sengeklæde, at ein laut stiga upp aa Sengestolpen og so bykse uppi; men var ein fyrst upp komen, sov ein baade godt og vel. Snilde, hyggelege Folk var her og. Morgonen etter var det stinn, kald Skodda, men so klaarnad det, daadet leid ut paa Dagen, og me kom til Genzano i Solskin. Genzano – det heve alt nokot lokkande i Namnet – og so er det her, dei halda Blomfest, daa Gatorna er straadde med dei fagraste Blomar som ein utsaumad Duk; ein kann lesa um det i "Improvisatoren" av H. C. Andersen. Og Dansediktaren Bournonville heve sett upp ein Danseleik, der og alt er som i Paradis her i Genzano. Javisst var det skaplege Blomar her var! Det laag etter Gatorna baade av Folk og Dyr, og strakst me kom dit, laut me halda fyre Naserna og renna gjenom Smette og Smog, til me kom burt paa eit Torg, der me kunde pusta, Aldri heve eg set ufjelgare Hol enn her i Genzano. Og so klengja Tiggarungar seg paa ein og gaula, kvar ein fer, skitne og lurvutte. Det er som Kleggarne um Sumaren. Merkelegt er det, at den gamle latinske Diktaren Juvenal segjer, at Genzano er utropt fyre Tiggarom sine. So er detta gjenget i Arv soleides fraa Foreldre til Born gjenom mange hundrad Aar, og um Juvenal stod upp or si Grav og kom til Genzano, vilde han visst inkje sjaa stor Skil den Dag i Dag. Men Andersen ser no paa alt her i Italia med Improvisatoraugo. Han ser og paa Nemivatnet ein stor Ørn slaa ned i ein Fisk, og so var Fisken so stor og sterk maavita, at han drog Ørnen til Botnar, so Vengjorna knakk. Ja dei Diktararne, dei Diktararne! dei kann ljuga godt. Tvo Ting var daa framifraa her i Genzano: her var godt Vin og væne Kvende.
 
Fraa Genzano bar det stad til Arriccia og Albano, som berre liggja ein liten Mole fraa kvarandre. Paa fem Minutt kann ein vera i Albano, naar ein er i Arriccia. I Arriccia skulde eg gjerna bu ein Sumar. Eit makalaust Vidsyn yver Kampagnen hadde ein, og so var der ein stor Hage tett med Byen med fraudig Grasvokster og lauvtunge Tre, der ein kunde finna Skugge under Solsteiken.
 
I Albano er alt meir europalikt. Der er store Hotellar mette med Framandfolk. Mange Storfolk baade fraa Innlandet og Utlandet bu her um Sumaren. Her var det Kolera herjad so forfælande, daa denne leide Gjesten sidst var paa desse Kantar. Folk vardt reint vitlause. Dei drog gjennom Gatorna med Knivar og Mykgreip og dreiv alle attende, som kom fraa Rom. Dei foor og flaug og skreik i Gatorna, dei drakk og spilad Kort  og song sedlause Visor, og so kom Dauden og slo ned i Flokken. Dei vilde korkje høyra paa Doktar helder Prest. Det var Doktaren, som gav deim Forgift, sagde dei. Erkebiskopen foor dit ut og fekk stoggat og stilt deim litet vetta; andre Dagen seig han i Kolera. Det er ryslegt, naar slik ei Sott et ikring seg hjaa ei vankunnig Mannamengd, ho verd som ein Hop ville Dyr. – Daa me var her, var alt stilt; nokre skamlause Smaagutar stod og apad etter Kaupenhamnaren fyre Maalet hans; dei gøydde som smaae, sinte Bikkjor. Han talad no og so ravende Kaupenhamnermaal, at det var, som han braut seg fyre kvart Ordet.
 
Fraa Albano ber Vegen gjenom Castello Gandolfo, der Paven bur um Sumaren, til Marino, rundt Albanovatnet. Det er myket større enn Nemivatnet, men inkje so vænt paa langt nær. Det er ogso eit gamalt Krater. Sidste Stykket av Vegen til Marino ber igjenom ein stor Lauvskog. Pintseliljor og Valmuer voks vilt millom Treom og ved Vegkanten, og Soli skjein varmt. Me gjekk inn paa ein Kafé etter Middagsmaten og fekk oss ein Kopp Kaffe. Her er den finaste Staden i Marino, for der halda dei Blad. Her kjem ogso Doktaren, den einaste paa Lag, som kann lesa, og so sit han og tyder Runerna fyre Bønderne, som standa og lyda. Doktaren er inkje nokon liten Mann daa i Marino, kann de vita.  
 
Fraa Marino kom me til Grotta Ferrata. Her var det full Marknad og eit forsett Staak. Ein laut mest olboga seg fram. Byen og Markerna kringum var fulle med Folk og Buder. Her var Albanergutar med dei spiske Hattarne sine, stundom med ein Blomkrans ikring, Kvinfolk i Helgarplogg, skrikande Kjeringar og Fillefantar med Jarnskrot og Flesk, Rosekransar og Tamburiner, Æslar, som beljad, Kjerror, som ramlad o. s. v. Her fekk eg daa sjaa Høgtidarskrudet, som dei rike Albanerkvindi bera. Det er ein Stakk av finaste Silkety, mest rututt, og so ei illraud Trøya med Krot av Gulltraad og opi i Bringa. Yver Brjostet er daa lagt ein kvit, utsaumad Duk. Dei heve eit Slag Snøreliv dei og med stinne Spilar, som stinga seg fram under Brjostet. Yver desse Spilarne er daa Bringeduken spanad. Dei sjaa soleides høgbarmade ut men faa og liksom ei Bordplaata liggjande paa Sneid uppaa Bringa, og paa denne Bordskiva liggja dei daa fram all den Stasen dei eiga, for dei er kjære fyre Stas dei italienske Kvinnor. Her er tjukke Syljor, digre Kedjor, som vinda seg fleire Tak kring Halsen, og Gulddoppar hava dei i Øyro. So hava dei eit Kasteturklæde paa Hovudet, og dei ugifte bera Sylvpil i Haaret. Me møtte slik ei Gjenta, grannvaksi og væn, med finaste kvitaste Hud. Eg vardt reint hugstolen av henne, og so høvde det so heppelegt til, at eg raakad paa henne fjore Vendor. Eg stirde paa henne, og ho smilad. Men so fekk eg eit Par Augo av ein Kar, som gjekk atmed henne, og som venteleg var Kjærasten hennar, som sagde tydelegt nog: "Fingrarne av Fatet god Kar!" Eg kaupte meg ein Rosekrans og ein Klædeslap, som var til at bera kring Halsen, og som skulde vera god fyre Sjukdomar. Han saag ut, som han var gjord av ei gomol Brok, og paa honom var det prentat nokre Bilæte av Sjæler, som liggja og kava i Skireelden, og so Jomfru Maria med Sverd gjenom Brjostet og nedunder stod: "hurra fyre Jesus: hurra fyre Maria." Me sette oss inn i ein Kjellar og fekk oss Vin, Ost Braud og Frugt, og so bar det i Vegen til Frascati atter, der sidste Trænet skulde ganga Kl. 7. I Ventesalen krydde det med Folk. Dei hadde inkje Vogner nog til at taka alle, for flestalle hadde drygt i lengste Laget. Dei var lystuge av Vinet og det gode Vedret, og so song dei Operavisor ut i lause Lufti, medan dei bukad og baldrad paa Dører og Glas i Venterumet. Daa Klokka var nær sjau, og dei endaa inkje slapp inn, der som Vognerna stod, spente det Fellingarne ut or Døri, og in flaug den galne Hopen. Dei sette seg i Vognerna, men dei sat ein halv Time – ein halv Time til – ingen drog deim til Rom. Fyrst kvein dei og skreik og huad, men so steig Sinnet, dei trappad i Golvet, dei spente mot Tak og Vegjer i Vognom og hutsch! – der singlad ei Ruta – der ei til – no var Teiknet givet, og ut singlad Ruta etter Ruta heile Vognradi nedetter. Stumparne flaug burtetter, Jarnvegstenararne sprang i Kross, Kyndlarne av Tjora, som brann etter Vegen, blekkte. Sidstpaa vart Hopen so uppøst, at dei urde ut or Vognom med Stavarne lyfte og ropad: "bastonate!" (Juling!) og hadde inkje daa Damphestpipa kvinet, so hadde nog baade Husbond og Tenar her fenget blaatt Skinn. Endaa lang Tid etter gjekk Harmen som ei Murring gjenom Folk, og sume heiv Høgjendi igjenom Glaset ut paa vide Marki. Daa me stanad i Rom, vardt det verre. Dei styrmde i Hop, blistrad og ropad paa: "birbanti! ladri!" 2) og alt det verste som til var. Det er Magt i slik ein uppøst Folkehop, og eg fekk eit litet Bilæte av, korleides det maa sjaa ut i ein Folkereisning. Dagen etter saag eg, at det var skrivet paa Muren paa Monte Pincio: "viva Garibaldi! Italia una!" 3) Sprengkrutet var der alt, som skulde sprengja Roms Portar fyre Fridomen.
 
1) Skorsteinsholet til eit eldsprutande Berg.
2) Kjeltringar! Røvarpakk!
3) Hurra fyre Garibaldi! Italia vere eit!
 
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum