No. 70,000

 
Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 9 av 9. Fyrste delen.]
 
V.
(Sluten.)
 
Ziba kom til fastsett Tid. Han var hardt uppøst, og det synte seg i all hans Ferd, at han ikkje rett visste, korleids han skulde taka det med meg. Men daa eg tedde meg mjuk og smaafarande, ynskte honom til Lukka med Giftarmaalet, og bad honom paa smaalaatnaste Maaten um aa gjera meg det Tilviket, som eg hadde skrivet um i Brevet, daa vart han trygg i den Trui, at eg Ingenting visste, meir enn han sjølv hadde fortalt. Han tok daa paa meg med harde Ord fyr den Utskrifti eg hadde sett paa Brevet, og sagde meg ende ut, at eg hadde fenget nok fyr den vesle Beina, eg hadde gjort honom i Wien. Han vilde ikkje vita av nokor Tigging lenger, sagde han, og me fekk skiljast no og ikkje hava meir med kvarandre aa gjera.
 
Blodet foor til aa renna i meg; men eg tok det likevæl berre rolegt og sagde: "Det er likt til De trur, at Kritscha ikkje veit um, kor Ziba hev fenget Rikdomen sin ifraa. Men daa tek De i Mist. Eg tenkjer ikkje ein Rovmordar tarv gjera seg so kaut mot den Mannen, som hev Magt til aa faa honom i den fælaste Naud og gjera ein skræmsleg Ende paa all hans Herlegdom. Elder vil De eg skal fortelja det som hende den Kvelden, daa De fylgde den gamle Kapteinen heim fraa Vertshuset sidste Gongen?" -
 
Daa seig Ziba radt ihop og skalv yver heile Kroppen. Men snøggt tok han seg att, og gav meg eit Augnekast so fælt, at eg aldri i mine Livedagar gløymer det. Eg trur han tenkte paa aa taka mitt Liv au, - naar berre han hadde trutt seg Kar til det.
 
Tilslut vann han seg yver og bad meg um aa ikkje taka honom Framferdi hans so illa upp. Lagnaden hans var langtifraa ikkje so gild som det kunde synast ut. Ved kostesam Byggjing og Dyrking paa Garden hadde han tettpaa gjort Ende paa Pengarne sine, so i Dag kunde han ikkje vera av med meir enn 100 Gylden; men sidan skulde eg stødt finna ei hjelpsam Haand hjaa honom,  naar eg berre med ein dyr Eid vilde lova honom,at eg Ingenting skulde fortelja.
 
Eg sagde meg nøgd med detta, og dermed skildest me. Men dei 100 Gylden heldt ikkje lengje. Eg misste ein Hest, og eg maatte betala ei stor Pengebot fyr nokre Kvaksalvarkunster, som dei gav oss Skuldi fyre; eg kunde hava sont det med aa sitja paa Fangehuset; men det er fyr oss Taterar litet likare enn aa døy. Dermed laut eg til Gartenau utpaa Hausten att same Aaret, fyr aa faa meg ein Hjelpepening. De hugser meg nok, fru Thorbeck, fraa den Gongen.
 
Ziba tok væl imot meg denne Venda, bitalte meg utan Kvink og Krøkjing 200 Gylden, ja bad meg sjølv um aa koma attum, so ofta eg tottest trengja paa det. Eg undrast paa detta den Gongen; men no skynar eg det. Han var væl alt daa fast i den Tanken, at han vilde selja og røma.
 
Eit Par Maanar etter kom det ut eit Gjetord um, at eit stort Amerikaskip hadde brunnet upp midt paa opne Havet, og at dei meste Folki umbord var gjengne til ved den Ulukka. Alle Blad var fulle av Skildringar og Forteljingar um detta øgjelege Hendet. Tilslut kom Lista yver dei, som hadde sett til, og dei, som hadde bergat seg. Me heldt oss den Gongen i ein liten By sudpaa, og der fekk eg daa i eit Vertshus sjaa denne Lista. Og so rett som det er, so finn eg, millom dei, som var tilsette, Namnet "Ferdinand Thorbeck or Ungarn."
 
Eg vilde lagt avstad med det same og høyrt etter, um denne Thorbecken var den same som eg kjende. Men so vart eg sjuk, og daa eg kom upp att, var eg so snaud fyr Pengar, at eg ikkje kunde tenkja paa slik ei Langferd. No er eg komen, og høyrer daa, at Alt er som eg tenkte. Ziba er stroken sin Veg baade fraa Dykk og Garden. Eg tenkte daa, De kunde lika aa faa vita, kor det hev vortet av honom. Bladet, som detta stend i, hev eg med meg."
 
IV.
 
Det er ikkje forteljande, kor forfælte og forstøkkte dei vart av aa høyra denne Soga. Kugler skjende og bannad, og Kona var so harm, ho vissteikkje dei verste Fantord ho vilde gjeva den fyrre Maagen sin. Maria sat reint mælelaus. Men daa det kom til Mordet, vilde ho mest siga ned; ho gjøymde Andlitet sitt burt av Sorg og Skam. Tilslut, daa Kritscha fortalde um Amerikaskipet, reis ho upp, bleik som eit Lik. "Skræmelegt!" sagde ho, "aa falla soleids i Guds Hender!"
 
Ho gjekk ut og upp paa Kammerset sitt, og gret og bad i si tunge Naud. Daa ho kom ned att, vilde Kritscha just ganga. Dei gamle hadde fagnat honom med baade Mat og Drikka, og ei Gaava hadde han og fenget, so stor som dei kunde gjeva. Kritscha," sagde Maria, "endaa so hardt og tungt eit Bod, Du hev komet med, lyt eg likevæl takka deg, at du hev gjort ein Ende paa den Uvissa, som so lengje hev pint meg. Eg hadde som eit Hugsviv um, at Thorbeck hadde leide Ting aa minnast, og det laag hardt paa meg. I Slikt er Vissmun betre enn Mistanke. No stend han fyr den store Domaren, og der hjelper det nok ikkje aa skifta Namn. – Sjaa her, tak detta vesle som ei Løn fyr det Bryet du hev havt; det er ærlegt fortente Pengar og ikkje av det Slaget, som du fekk av Thorbeck. Og kjem du ein annan Gong paa vaare Kantar, so sjaa innum oss, baade naar du treng Hjelp av oss, og naar du ikkje treng. Eg er ikkje rædd deg no som fyrr; for eg skynar, at du likevæl hev Hjartat paa rette Staden."  
 
Det lyste i Augo paa Tateren, han tok Haandi hennar og takkad av Hjartat fyr dei venlege Ordi. "Dei held oss fyr Heidningar, dei fleste", sagde han; "men me er nok og Folk, og eit godt Ord gjer oss dess meir godt, som me sjeldan fær det. Farvæl; Kritscha gløymer Dykk aldri."
 
Meister Kugler tok avstad Dagen etter til Skrivaren fyr aa høyra, um det var Raad aa faa rettslegt Prov paa, at Thorbeck var daaen. For daa turvtest det ikkje nokor Skiljing, som han fyrr hadde ordat innpaa um. Skrivaren lovad aa høyra etter i Bremen, der hitt Amerikaskipet hadde høyrt heime. Og eit Par Vikur etter kom det Svar derifraa. Der stod det, at "Ferdinand Thorbeck or Ungarn", rett nok, hadde voret paa Skipet; men Namnet hans fanst ikkje paa Lista yver dei, som var komne i Land paa Skipsbaaten; og meir enn ein Baat hadde dei ikkje kunnat sett ut fraa det brennande Skipet, etter som det var vitnat av Styrmannen, som og hadde bergat seg i Baaten. Det laut soleids vera visst nok, at Thorbeck hadde sett til.
 
Dermed var Maria Enkja. Og kor saart det enn var aa vita, at den, ho ei Tid hadde havt til Mann, slik var riven burt midt i sine Synder, so kjende ho seg likavæl, som ein Stein var velt ifraa Hjartat. Ho hadde kjendt slik ei Tyngd paa seg, so lengje ho var gift med den Mannen, og den same Tyngdi hadde ho kjendt, so lengje ho visste seg bundi til honom, endaa han var burte. No fyrsta levde ho rett upp att og vart fullglad og roleg som fyrr. Og ofta tenkte ho paa dei Ordi, som den rette Kjærasten hennar hadde sagt, daa dei skildest: "gløym ikkje meg, dersom dei eingong treng um Hjelp!" – Sjølv kunde ho fulla ingenting gjera i den Sak; men ho undrast paa, um ikkje han no snart skulde vilja sjaa innum.
 
Og ho turvte ikkje venta lengje. Han hadde heile Tidi spurt til henne, Skræddaren Groote hadde stødt gjevet honom Vitring um alt, som hende. Daa han no fekk vita, at ho etter Rettens Ord var Enkja, kunde han ikkje drygja lenger, men kom.  
 
Det er tkkje snakkande um for ei Gleda det kom paa dei, daa dei saagst att etter so lang ein Skilnad. Og dei Gamle var glade, dei med. Daa Johan no bar upp sitt Friarmaal, sagde Kugler med graatande Taarer:
 
"Tilgiv meg, at eg i min Blindskap og mi arge Sjølvvisa hev gjort dykk so mykje vondt. Eg gjorde styggjeleg Urett, det hev eg set fyr lengje sidan. Og difyr skal du no med Gleda have Dotter mi, Johan. De skal enno sjaa, at eg hev Hjarta i Livet og Vit i Hausen. Eg hev lært det no, at det er litet Mun i Mat og Mynt, naar den rette Elsken vantar. Gud signe dykk baade tvo."
 
"Og du, Gamlemor," sagde han til Kona si, som lika eins stod og gret, "lat no oss au gjera Semja og Lag, liksom dei unge der, og lova kvarandre trutt og ærlegt, at den Stundi me enno hev etter aa liva, vil me liva i Fred og Samhald som gode Egtefolk fyr Gud."
 
- "Er det avgjort?" spurde Meister Groote, han stakk Hovudet inn gjenom Døri.
 

"Ja, no er det avgjort, Granne," sagde Kugler. "Og no kann du ynskja til Lukka."

 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum