Kongedøme og Republik.

 
[Del 4 av 6]
 
V.
(Framhald.)
 
Eg er rædd fyr, at desse Stykki um "Kongedøme og Republik" hev vortet for mange og lange, og endaa tykkjer eg, at eg hev so myket usagt. Vil Lesaren vera med meg lenger, skal me idag koma paa heimleg Grunn og sjaa, kvat Skipnad der var her i Landet i Fyrstningi og korleides Kongedømet her vart innført og kvat Uppgaava det hadde aa gjera.
 
Daa Fedrarne vaare vandrade inn i Landet, kom dei i smaa "Herar" elder Flokkar, og fleire slike Herar, som høyrde ihop, kallade dei eit "Folk" (slike som Horder, Egder, Ryger, Trønder). Det Stykke Land, som ein Her busette seg i, kallade dei "Herad," og det som eit Folk busette seg i, "Fylke." Odelsbønderne var Kjernen i Landet, endaa dei etter Maaten var faa i Talet. Odelsbonden hadde full Eigedomsrett til Garden sin, og Garden gjekk fraa Fader til Son, og Ætti let inkje gjerna Garden ganga fraa seg. Ingen kunne selja ein Odelsgard, mindre han fyrst baud Garden til Odelservingarne, som hadde fyrste Retten til aa kaupa. Seinare vart det so, at den, som var odelsboren, i ei viss Tid hadde Rett til aa løysa inn Odelsgarden.
 
I kvart Herad var det ein "Herse," som var Herførar i Ufred og Forstandar elder "Gode" (uttal: Gaade) fyr Herads-Hovet (Hov, uttal Haav, er det same som Gudehus). Ein av dei gjævaste Odelsbønderne var Herse, og Hovet paa hans Odelsgard vart Heradshov, og paa den Maaten kom denne Hovdingskapen til aa ganga i Arv fraa Fader til Son liksom Odelsretten. I kvart Herad var det eit Herads-Ting, og der avgjorde Bønderne dei Sakerne, som kom Heradet ved.
 
I kvart Fylke var det eit Fylkes-Hov og eit Fylkes-Ting. Den Hersen, som hadde Fylkeshovet paa sin Odelsgard, var Gode fyr Folkeshovet og Hovding fyr heile Fylket. Fylkestingi kom truleg ihop til visse Tider, og der avgjorde dei Saker, som kom heile Fylket ved, og tok ved Loger, og Trættur vart paadømde av "Lagretta," Domarar, som truleg vart utnemnde av Hersen.
 
Naar der var Ufred i Heradet elder Fylket, sende den, som fyrst merkade Fienden, Bodstikka umkring, og daa møtte Bønderne fram og Hersen, som styrde Heradet elder Fylket, førde dei mot Fienden.
 
Fylki var soleides i den eldste Tidi smaa sjølvstyrde Rike, der Stormennerne, Odelsbønderne, raadde mest (det me kallar aristokratiske Republikar). Dei gamle norske Hersarne liknade myket paa dei homeriske Kongarne. Liksom desse hadde dei all si Magt fraa Preste-Embættet sitt. Kannhenda kunne den norske Hersemagti hava vortet med Tidi til ei Kongemagt, soframt Nordmennerne hadde livt fyr seg sjølve og inkje var komne ihop med andre Folk. Men soleides gjekk det inkje. Kongemagti i Norig vart til paa den Maaten, at Storbønder laag ute paa Herferd og hadde myket Stridsfolk um seg. Stridsfolket het "Drott," og Herføraren "Drotten" elder "Konge." Naar ein slik Herkonge hadde Odelsjord i eit Fylke og elles var ein dugande Mann, fekk han tidt meir Magt i Fylket enn Hersarne, som inkje hadde nokot Fylgje av Stridsmenner aa stydja seg paa, og han var sjølvskriven til aa vera Herførar i Ufred, og reiv vel tidt til seg all den Magt, som tilkom Hersen, og vart tilslutt Konge yver Fylket. Soleides trengde Kongemagti seg etterkvart inn i mange Fylke. Men me lyt tenkja oss, at Fylkeskongarne inkje hadde stor Magt. Solenge Odelsretten stod ved Magt var det Odelsbønderne som raadde heime paa Gardarne og paa Tingi, og Kongen fekk berre so myket Magt, som han og Odelsbønderne vart forlikte um.
 
I dei Land, eg hev skrivet um fyrr, saag me, at Aandslivet var sterkast i demokratiske Smaarike (som Athen, Florens). Men Norig var so fatigt og gresgrendt i den Tidi, at der trengdest eit Stormannsvelde, som hadde Rikdom nok til aa fostra upp Emni til eit Aandsliv, og kunne gjeva Aandslivet eit Tilhald paa Gardarne sine. I desse gamle republikanske Fylke blømde eit fagert Aandsliv; det var der Haavamaal ogVoluspaa vart til, og det djerve Viking-Motet skapte den makelause Ragnaroks-Segni.  
 
Ein av Smaakongarne, Harald Haarfagre, lagde heile Landet under seg og gjorde seg til Herre i Landet og "tok Odelen" fraa Bønderne. Det gjekk her som andre Stader; naar eit Land er stort, er Kongen nøydd til aa styra strengare enn naar det er litet. Harald tok seg so myket Magt, som andre Kongar hadde paa den Tid, og Odelsbønder og Hersar hadde ingenting aa segja. Men den gamle stolte republikanske Fridomshug tolte inkje detta. Fraa dei rikaste og mest upplyste Fylki drog dei fleste Stormennerne ut og fann seg ein ny Heimstad paa Island, og der gjorde dei eit av dei største Storverk, som me veit aa nemna: paa denne ville Øyi, med vide Fjellmarker og store Snøfjell, som det er vanskelegt aa fara yver, ei Øy, som er mest tri Gonger so stor som heile Danmark, der skipade paa nokre faa Aar dei norske Utvandrararne ein Republik, so faa dei var (umkring 25,000 paa 1800 Kvadratmil!), og denne Republiken stod med Æra i umkring 350 Aar. Det Aandsliv, som hadde teket til aa bløma upp i Heimlandet, fekk her ein fager Vokster.
 
 

 

Frå Fedraheimen 02.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum