Notisar

 
Kyrkeleg Log. Jakob Sverdrup hev sendt inn til Thinget eit Forslag, som er underskrivet av Johan Sverdrup, um at Soknelaget skal hava Innverknad paa Prestevali. Røysterett skal dei hava, som er yver 25 Aar, buande i Sokni, er Husfeder elder hev sjølvstendig Stelling, og ikkje er burtstøydte fraa Nattverden. Desse skal velja eit Utval fraa 12 til 24 Mann, som hev aa røysta paa 3 av dei Menn, som hev søkt Posten; Regjeringi skal daa utnemna ein av desse elder ogso senda Saki attende til Yverlegning elder nytt Val.
 
Bygdenamn. Christoffer Bruun, Fritz Hansen, Per Bø m. fl. hev sendt Forslag til Thinget, um at Namn paa Bygder, Gardar o. s. fr., maa sjaast til aa verta skrivne paa ein rettare Maate, meir i Samhøve med Bygdeuttalen og den upphavlege Form.
 
Sprokforskar H. Rosshev søkt um Understudnad til aa studera Maalføri umkring i Bygdom 1 Aar til.
 
Vedret. Sledeføret her er no gjenget, Bakkarne tek til aa verta berre; igaar var det + 10 Grader.
 
Et Studenterforeininger no stomnat i Bergen.
 
Sagflis skal ikkje vera daarlegt til Kreturi naar det er smaatt fyr Foder.
 
Fonografen, som ein Amerikaner hev komet paa, er endaa snaakare enn Telefonen. Naar ein talar inn i denne Maskinen, so gøymer den paa Ordi, so lenge det skal vera, so du kann faa den til aa segja upp att det, som ein Gong er sagt, so ofta du vil, plent med same Ljod og Læte, som du skulde høyra den sjølv, som fyrst hadde talat inn i Maskinen.
 
Aat dei brandlidnei Levanger er det gjenom Innsamlingsnemndi i Kristiania komet tilsaman Kr. 15,526,20.
 
Ein Vaksflaum hev det voret nordanfjells i Fyrstningi av Maanaden, taa-di det var slikt Regn, so Elverne flaug upp og paa mange Stelle gjorde Skade.
               
Reisepengar. Regjeringi hev komet med Framlegg til Storthinget um aa gjeva 8000 Kr. til Reisestipendier fyr Lærarar ved høgre Aalmenskular, Seminarier, Lærarskular og tekniske Skular.
 
Elg i Finmarki. I Reisendalen skal det i Haust vera komen ein Elg inn millom ein Hop tam Rein. Det er nok fyrste Gongi, Elgen hev vortet set so langt nord.
 
Sibbern, Statsminister hev voret, er utnemnt til Noregs og Sverikes Gesant (Utsending) i Paris.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum