Fraa Suldal. (Brev).

 
Suldal, ei fager Fjeldbygd i Ryfylke i Stavanger Amt, er eit Dalføre, som skjer seg inn beint i Aust. Det er paa Lag 5 Miler langt og grensar med den eine Enden ned til Sand og med den andre til "Austmannfjedle." Øvst i Dalen ligg eit 2 Mil langt Vatn; or det kjem "Suldalslaagi" dei kallar, som bugtar seg strid ned gjenom Dalen og hoppar utyver eitpar staute Fossar ned i Sjøen. Paa baade Sidur av Laagi og Vatnet, under skogklædde Lidar og høge Nutar, bur Suldalsfolket paa sine spreidde Gardar.
 
Um "Landnaamet" av Suldal fortel Segni soleids. Bjarne Bjørnson heitte ein Mann, som var dømd utlæg fyr Draap. Han rømde med heile Huslyden sin upp til Vestenden av Suldal og slog seg til der. Her var den Gongen store Skogar, fulle av Bjørnar, Vargar og annan Styggedom. Men Bjarne var ein ferm Styttar og fekk snart Skikk paa detta. Avkjømet hans flutte sidan lenger upp i Dalen, og fraa honom er daa Suldalsfolket komet. Um so er, so maa Ein segja, at dei likjest godt paa Ættefaer sin. Ferme Skyttarar er dei, og i det Heile eit strævsamt og nøgsamt og hardført Folk.
 
Fyrr var her fælt uført og vondt aa koma fram. Men no hev me fenget ein gild Postveg, som gjeng fraa Garden Kolbenstveit - paa Lag midt i Dalen – og radt til Sjøen. Slike Veger er ein stor Bate fyr ei Bygd, endaa um dei i ymse Maatar kann gjera Sitt til aa skjemma ut det gamle Folkelivet. Me ser litegrand av detta her og. Den gamle Klædebunaden er det ikkje fritt dei tek til aa kasta, helst Kvinnfolket; og det skal helder ikkje sprækt Kvinnfolket til, fyrr ho skal knota. Bygdemaalet er for gamalt, det, maavita. Eg trur do eg trygt kann segja, at Mengdi av Folket her held med Maalsaki, og Ein høyrer tidt dei klagar yver, at ikkje vaart eiget Maal vert brukt paa Skularne. Med Upplysningi er det væl ikkje nett som det burde vera; men eg trur daa at Folk meir og meir lærer aa sjaa, at me ikkje nettupp er skapte til, liksom Kui, aa berre grava ende nedfyr oss etter den vælsigna Maten, men at me bør læra og tenkja, eta fyr aa liva og liva fyr aa arbeida, og ikkje, som so mange, liva fyr aa eta, og so ganga ut or Verdi meir toskne enn me kom inn.
 
L.n.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum