Fraa Nissedal (Brev).

 
Det er fælt sjeldan, og meirhellso aldri, at der stend fortalt nokot i Bladi ifraa Nissedal. Her hender no ikkje stort helder, som er verdt aa skriva um. Men no, daa eg fær skriva paa mitt eiget Maal, so tykjer eg Moro i aa fortelja nokot fraa Heimbygdi mi.
 
Her er ei sterk religiøs Rørsla uppe hjaa oss no. Og det kunde vera godt nok. Berre Rørsla var nokot meir sunn, so var det væl, um ho fekk endaa meir Magt. Men ho er hosta "pietistisk". Pietismen driv si Gjerning i det store Laget her. Det er reint stort aa sjaa, hossi viljuge dei er, som hev komet med i Røra, til aa skura paa dei andre, at dei "lyt" vera med; "for hellest trullar dei snart i Helviti," segjer dei. Detta gjere nok so mykje, at det blir alt fleire og fleire, som gjeng med. Og sitt nye Liv syner dei helst paa den Maaten, at dei lagar seg avskapeleg til, kraunar eg skrik ende yver seg fyr si fæle Synd, stutt sagt, gjeng inn i heile detta underlege tunge og sutfulle Liv, som høyrer til det, me kallar "Pietisme". At der er nokot i detta, som ikkje er sunnt, ser Ein av, at denne Røra ofte gjer Ungdomen, helst Kvinnfolket, reint ubrukeleg til sitt daglege Yrkje. Eg høyrde soleids her um Dagen um nokre Gjentur, som det hadde teket so hardt, at dei i nokre Dagar ikkje kunde hjelpa Moer si med Husstellet. – Og so den leide Dømesykja, som fylgjer disse Folk. Dei strengaste fordømer soleids reint aa lesa andre Bøker og Blad enn dei gudlege. Syngja annat enn Salmar gjeng ikkje helder væl an. Kor dei finn detta skrivet i Bibelen, veit ikkje eg; men dei trur det likevæl fullt og fast. Fyrdi her er soso laga, so er det snart ikkje andre Blad som vert lesne, - umframt dei religiøse -, enn "Fædrelandet". Ser dei t. Ex. "Verdens Gang," skrik dei ende yver seg for eit fælt Blad, og forpligtar seg paa, at dei vilde ikkje lesa det, um so dei "fekk ein Aargange ti Gjevans." "Fedraheimen" vil eg ikkje røda um; det vert visst lengje, fyr Maalsaki kann bli ei Hjartesak hera.
 
Men det er ikkje verdt aa ormodast fyr det. Det kann nok ljosna her au, naar Tidi kjem. Berre
"fram med Mot, med' det er Dag!"
 
x.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum