Fraa Hordaland. (Brev).

 
Det ljosnar no fyr Maalet tykkjer eg. Paalag allesaman, som gjekk ut fraa Stordøyseminaren fyrre Aaret, var glade "i Maalet hennar Mor". Dei let vera aa knota, og talad som gode norske Gutar baade til Borni og elles seg sjølve millom. Og dei faae Motstrævarar der var talad ogso Landsmaal til Borni; fyr dei laut sjaa, at dei vart bedst skynade, naar dei talad som Moderi.
 
Etter som Gjetordet gjeng, skal dei og i Aar vera myket glade i Maalet der, 15 Fedraheimar skal koma dit segja dei; og fleire av Gutom der hava ordat um, at dei likar Bladet. Kandidat Ross, han, som hev voret so hæv til aa fara ikring og grava etter detta Arvesylvet vaart, lyddest nog og innum til deim; dei lærde av det. – Men no maa Ingen tru, at det er Stjorni, som hev voret so raust at hjelpa Heimemaalet fram. Aa nei. Det var endaa ei Tid at Stjorni freistad aa drepa Maalet med eit Magtbod. Men likevel so vann det setja seg fast, og eg trur inkje, det vil sleppa Taket. Det er Uraad maavita, aa forbjoda Sumaren aa koma, naar Soli skin upp til Sumar. Ein kann stengja seg inne fyr ei Tid; men Soli finn nog ei liti Riva aa smetta inn gjenom. So stend ein midt i Sumaren fyrr Ein veit Ord av. Slik gjekk det no med Maalet paa Stordøyi. Dei stengde Dørerne so godt de kunde; Maalmøte maatte inkje eingong haldast i Seminarhusi; men Maaltanken stal seg inn hjaa Gutarne likevel, og Motstrævet gjorde berre at Elsken til Maalet kunde verda sterk.
 
- Heimen hev lenge ropt paa norsk Maal i Skulen, - ja, alt fraa det fyrste han byrjade aa hava Moro av Skulemeisteren, som var so klok, at han ikkje kunde tala Morsmaalet sitt. Dei segja at Heimen er nøgd som det er; men det hev han aldri meint.
 
V.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum