"En vis Mand

 
lønner og frir Sine, og saa er det vel med Kongen, Regjeringen og Aga." So stod det i Bladet "Hardangeren" for ei Tid sidan.
 
Den kgl. norske Regjeringi, som ikke er vidare gløggsynt i store Ting, men hev "Auer som Katta" i alskyns Smaating, fekk sjaa denne Setningen. Og strakst kom ho til aa minnast eit annat Ord, som just ikkje er fagert, men som likevæl ser ut til aa vera overlag godt kjendt i Regjeringi; det heiter – med Permission -: "F-n frir nok sine."
 
Den kgl. norske Regjeringi smattad paa detta. Det var greit, totte ho, at her var Hs. Maj. Kong Oskar den Andre paa ein Maate liknad ihop med hin Styggingen Gamle-Erik, og endaa at denne Karen nok au er som ein Konung paa sin Maate, ja hev eit mykje større Rike enn Kong Oskar II, so fann Regjeringi likevæl, at Kong Oskar II var vanfaren med aa koma i slikt Lag. Og det var rimelegt nok. Men so lagde Regjeringi Sak mot Bladet "Hardangeren."
 
No veit me alle ovende godt, at Kong Oskar II og Gamle-Erik ikkje hev nokon Ting tilhopes, ja at dei er so ulike kvarandre i alle Maatar, som tvo "Monarkar" kann vera. Det vert difyr nokot Flirande i at Regjeringi hev funnet det naudsynlegt aa faa ein Rettsdom istand fyr aa slaa detta fast. Og so kjem Spursmaalet. Kor veit Regjeringi so visst, at Brevskrivaren i Hardangeren hev tenkt just paa Gamle-Erik?
 
Det kunde nok koma til aa røyna hardt, um nokon kann sannprova fyr Retten, at Brevskrivaren i "Hardangeren" just hev tenkt paa same Ordtøket som Regjeringi. Og so Ordlaget " en vis Mand?" Skal ein lesa det " viss", elder skal Ein lesa det viis? Danskemaalet gjer ingen Skil paa dei tvo Ordi. Les Ein det fyr "viis," so vert heile Setningen fælt so uskyldig. Ein "viis", d. v. s. klok, Mann løner og frir sine; daa no Kongen og Regjeringi au er "vise Menn," so løner og frir dei au sine; - det høyrer med til Visdomen deira det. No er det væl so, at der kann vera litegrand Spott i det aa kalla Stangs Regjering "vise Menn;" men nokot Logbrot er det væl ikkje. Ei Regjering, som er so fastklind til Krakkarne sine som Stangs, fær nok ikkje vera so fin paa det. Kor gjeng det so med Saki? - Eg er ikkje logklok, eg torer ingen Ting segja. Visst er det, Von, at naar Regjeringi kjem fyr Retten, og det daa skulde koma til Knipetak, so finn ho Ingen der, som "frir sine," og daa meiner eg, kann det nok koma til aa røyna paa. Og det Verste er, at i Grunnen er det galet anten ho tapar elder vinn. Autoriteten er ein skjøyr Ting; skal han verjast med Rettens Magt, so fær han snart Brestar. Heile Landet veit no um desse "vis(s)eMenn", som "løner og frir sine", og heile Landet veit, at detta vesle Ordet hev bitet so hardt, at dei totte dei laut gjera Sak av det. Um dei so fekk "Hardangeren" dømd hundrad Gonger og meir til, so vart detta Ordet um dei "vis(s)e Menn" sitjande lika godt. Aa fara med Høgbrotssaker i denne Tid er som aa leika med Eld og Krut. Det er Guteferd. Autoriteten maa haldast uppe med andre Midel i desse Dagar.
 
Men slik er det. Regjeringi vaar er for veik til aa verja Autoriteten paa rette Maaten; snarare lyst Autoriteten rett som det er ut aa verja Regjeringi. Og skal ho so ein Gong freista paa aa gjera eit Karstak, so gjer ho det so trehendt og bakvendt, at ho berre vert til Glis og Laatt. Tilmed Morgenbladet hev sagt, at detta kunde Regjeringi gjerna latat voret.
 
Ei sterk Regjering vilde ikkje fara so. Ho vilde agta seg fyr slike Karsstykkje som fyr Rottekrut. Imindsto vilde ho ikkje leggja Sak fyr slikt, utan ho visste, at der var meir aa vinna enn aa tapa ved det. Naar eit fransk Høgreministerium med eit slikt Søksmaal kann faa landlysa Gambetta fyr eit Aars Tid elder tvo, so vinn det paa det, og so legg det Sak. Men um no den norske Regjeringi kann faa leggja "Hardangeren" i ei Bot, elder faa honom i Fengsel nokre Dagar, - kvat vinn ho med det? – Ingenting. Ho berre tapar. Men "Hardangeren" kann det henda vinn!
 
Det er underlegt aa sjaa paa slik ein Armodsdom og slik ei politisk Tankeløysa hjaa Landsens styrande Magt. Men det høver so godt til heile Stellet i detta Stangske Styre. Ei Regjering, som ikkje veit nokot likare aa gjera enn berre sitja aa gjæta paa "Autoriteten" og paa sine eigne Krakkar, vert slik. Kom ho litegrand ut i Livet og i Politikken, kom ho t. D. inn i Thinget, - so lærde ho strakst so mykje, at ho ikkje vaste seg uppi slike Uførur. Men – "sjølv Mannen og sjølv Skaden," segjer dei fyr eit gamalt Ord. Det er ho sjølv, som stengjer Dørerne fyr seg, og so fær ho sjølv taka Fylgdi. Ein Dag kjem det væl upp, illa spunnet Garn; og daa vil det snaudt vera
mange, som vil tykkja Synd i Stangs Regjering.
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 23.02.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum