Um Maal- og Skuletilstand i Finmarki

- stend det eit langt og forvitnelegt Stykke i Morgenbladet af Ekspeditionschef Hertzberg. Me kann læra Sumt av detta Stykket, og dermed skal me her sjaa paa det litegrand.
 
I.
 
I Finmarki liver det, umframt Nordmennerne, tvo andre Folkeføre, Lappar og Kvænar. Lapparne er Landsens gamle Innbuar, Kvænarne er flutte inn ifraa Finland i seinare Tid. No hev Landsstyret i lange Tider strævat med aa "fornorska" desse Framandfolk, so dei kunde semjast ihop med Landsfolket hellest. Dei maatte daa snart verta "norske," skulde Ein tru. Dertil kjem, at dei "Nordmenn," som bur deruppe, stend høgre i Kultur enn dei Framande; det skulde og hjelpa til aa draga dei yver. So er det no alle desse nye Sambindingsmidel, Eimskip, Telegrafar o. fl.; Kyrkja er "norsk,"Embættesfolket er "norsk, "Handelsfolket likeeins; Skulen driv og paa med "Fornorsking" Etter den Læra, som vaare Motstrævarar jamt fer med, at det altid er "Kulturfolket" og "Kulturmaalet," som vinn i slike Samstøytar, skulde Ein no tru, at Kvænsk og Lappisk maatte kverva burt fyr Dansk-Norsken som Dogg fyr Sol.
 
Hertzberg meiner og nokot slikt. "At ein Nationalitet," segjer han (han meiner den "norske" dvs.dansk-norske), "der har saadanne Hjælpemidler til sin Raadighed (som Eimskip, Telegraf, Handelsrørsla), som der hos er repræsenteret af Embedsstanden, samt en dygtig og oplyst Handelsstand, og som kan virke saavel gjennem Kirke som Skole," - at ein slik Nationalitet "skulde kunde fortrænges eller i det Hele og Store denationaliseres af de indvandrede Kvæner, der i Oplysning og Kultur staa langt tilbage, er utænkeligt."
 
Men likevæl er det visst, og Hertzberg fortel detta sjølv, at "Fornorskingi" bland Kvænar og Lappar i dei seinara Aari ikkje gjeng fram, men tilbaka. Serleg er det Kvænsken, som et ikring seg, og det ikkje berre millom Lapparne, men millom sjølve desse "kulturberande" "Nordmenn." Ikkje nok med, at Nordmennerne lærer seg Kvænsk fyr aa kunna tala og handla med Kvænarne, men dei lærer det slik, at dei ofta talar Kvænsk seg sjølve imillom. Og det skal, fortel H., vera mykje gjengt, at Born av kvænsk Moer og kvænsk Faer veks upp i kvænsk Maal og ikkje lærer skyna "Norsk" dess meir. I ei av dei største Bygder der uppe, Kantokeino, er Kunnskap i "Norsk" mykje mindre hjaa Ungdomen enn hjaa dei Gamle, ja tilmed dei Gamle, som kunde "Norsk" fyrr, hev no oftaste gløymt det. Den kvænske Nationaliteten og det kvænske Maalet er i Framgang, trass i alt, som dei "Norske" gjerer fyr aa breida ut sin Norskdom.
 
- For ei Skam fyr denne norske "Nationaliteten!" -
 
Hr. H. reknar upp mange Grunnar, som skal forklara denne merkjelege Tingen. Men alt han reknar upp, so kann han daa ikkje forklara, at Kvænsken kann faa slik Magt yver dei "Norske," atdei gjer Kvænsken til sit Heimemaal. Detta kann og sjaa rart ut. Men i seg sjølv er det ikkje so vondt aa greida endaa.
 
So snart eit Maal vert so uppløyst og øydelagt ved Samstøyt med framande Maal, at det liksom taper sitt Eigenlag, sitt Sjølvstempel, sitt "Idiom," og vert til det me kallar "Proletariatmaal" (Fantemaal), so taper det og all Kraft til aa standa imot, so snart som det kjem eit nytt og heilvakset Maal dragande imot det. Det er liksom dei Folk, som talar slikt eit utvatnat Blandingsmaal, sjølv vert leide det, og sjølv kjenner, at det ikkje hev nokon rett "Malm" og Fagerdom i seg. Men no er det norske Maalet i Finmarki so øydelagt, at det er snart vandt aa segja, anten det er norskt elder ikkje. Det er eit Blandingsmaal mest paa Lag som vaare fleste Bymaal. No kjem Kvænsken dragande. Kvænsken er fulla ikkje nokot "Kulturmaal." Men ein Ting hev Kvænsken framum denne finmarkske "Norsken": Kvænsken er eit Maal, eit heilgrodd og heilrennt Maal, som hev sitt eiget fulle og rette Lag, og som difyre hugheilt vert brukt av dei, som talar det. Og daa maa det vinna, endaa det ikkje er "Kulturmaal."
 
- Av detta kann me draga ut ein liten Maal-Lærdom fyr oss sjølve. For som det no gjeng upp i Finmarki med Kvænsken og Dansk-norsken, soleids lyt det og ganga hellest i Landet med Norsken og Dansknorsken. Dei Bygder, som held best paa Maalet sitt, dei vil vinna paa dei Bygderne, som slepper Maalet ned, og tilslut vil dei vinna paa Byarne au, etter kvart som Dansken der vert meir og meir øydelagd og uppblandad. Det er altid det Heilvaksne, som vinn tilslut.
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum