Kjyrkja og kjyrkjestriden.

(Tilsendt.)  
 
Kjyrkjesakji er no ein Ting, som hev vori og er mykji Strid om. Ein kann snart ikkje sjaa eit No. av noko Blad no fe Tidi, utan de paa ein hell anen Maate hev Kjyrkjestriden framme. Almuvennen held no paa med sitt, som me alle vita, om, at Skriftemaal og Avløysning er Synd (ubibelsk), og mangt ana. So vidt hev eg kje set nokon anen hev gjengji, og han fær daa au høyre mykji vondt, te all viss av Prestar. Dei, som er gjengne ut or Kjyrkja, hev no nyleg fengji seg sitt eigji Blad, "Vidnet," styrt av Munch, og dei stend no, som venteleg er, fast paa sitt.
 
Merkjelegare er de aa høyre some Uttalur av Prestar, som stend i Statskjyrkja og er i dens Teneste, at dei au kan rive so ubillegt ned paa Kjyrkjevæsene, at Du sko no alli høyre harare Ord, og so samstondes endaa paastanda, at d'er gale gjort aa melde seg ut. I "Vidnet" No. 11 kann Ein sjaa, hosi Kand. Greve hev tala paa Stiftmøte i Bergen. Han hev fyste skjildra Kyrkja av so myrk og umaugeleg, at de synest kje vera ana atte hell og uttala Vraka-Domen. Men naar Mannen sia i sitt Fyredrag vaser seg so heilt burti Naatti, at han paa Sluten endaa kjem te den Slutning, at de likevæl er gali aa ganga ut av denne Kjyrkja, - jo so gjev han eit godt Døme paa, hosi den plent maa koma te segja seg sjave imot, som paa Set og Vis vil halde paa Statskjyrkja trass i, at ho, etter hans eigne Ord, er so vrakande som nokonting kann vera. Han stende daa au teslut te, at han inkje magtar Tankjen. De trur me nok! De magtar ingjen ein Tankje, som gjenge so nere Eins eigji Liv, naar han sko gange paa Revafot imot'en. Mannen hev eit klaart Syn paa Sakji, og med ein god Vilje ha'e han sakte magta Tankjen; men so ha' 'n regtigt nok au komi te ein anen Slutning. D'er mange Ting, som avgjer ein Manns, og te all viss ein Prestemanns, Synsmaatar, og der sko eit Mot og ein Truskap, som inkje er alle gjeven, te aa segja Sanningji beint fram feutta Krokar.
 
Ein Ting synest meg greid i denne Kjyrkjestriden, og de er, at her maa ein Vending fehaandi i Kjyrkja. Prestar og Bispar prøva aa finne ut Rettebøtar, Lægfolk protestera og ganga ut, Avisur er fulle av Strid, og alt er i Røre. Dersom me kjende kvaar Krafts Retning og Styrkje av dei som trekkjer paa Kjyrkjeskjipe, so konna me finne Diagonalen dvs. vita, hori de ber' av. Men so kloke er vel ingjen, og vigtugare er de vel au aa vita, hot fe ei Leid Ein sjave sto trekkje i. Eit Augnakast paa Kjyrkjehistoria gjev god Rettleiding i denne Sak. Daa Apostlane livde, og strakst etter deires Tid, stod Kjyrkja i full Kraft, bui med store Aandsgaavur og gode Tenarar. Daa ho so tok te koma seg i de Ytre, daa ho fekk Fred og Goddagar i Verdi, daa tok ho au te orættast fraa de, ho hae vori. Prestekalli blei søkte fe Livemaatens Skuld, og so – va de ute. Me vita, hosi gale de blei, naar Adelen ha' fengji rivi te seg dei høgste Postar i Kjyrkja, og livde der fljot og lystugt, klædde seg av Ulli, men fødde inkje Sauene. Luther stogga dette Ustelle fe ei Tid; men de drog seg inn atte, og sjaa me paa vaar Tid, so finna me de i full Gang. Me er ialfall komne so langt, at Prestestandi er ei søkt Stand fe Livemaatens Skuld. Prestane sit'e paa sine Gardar og liver eit Liv, som te allviss me Bøndar maa kalle drust, og Ein høyrer alli, at der fy'gjer nokonslags Svivyrding med Yrkje deires av de, som Bibelen kallar Verdi. Verdi er kvorvi burt; ho finst iallfall inkje som Motsetning te de norske Kjyrkjesamfund. So gale er de no inkje, anna Mengdi av Landsens Prestar enno er bra Folk, og mange vistnok rette Hyrdar; men me sjaa daa likevæl, hori dette pekar etti, avdi me kjenner Historia atte fraa den katolske Tidi. Verdi er seg sjave like jamt, og dei sama Faktorar gjeve sama Facit.
 
Henge no detti ihop med den Greida, at Staten stydjar Kjyrkja, so vita me, at de beste me konna gjera va aa gange ut og stelle te eit Kjyrkjesamlag paa eigjo Haand (gjera Frikjyrkje). Men kven kann no vita at inkje, naar Frikjyrkja kom i Magt, de sama Ustelle kom atte? – Jau, Ein lyt væl tru, at de blei Skjil paa de likevæl, avdi Frikjyrkja nettupp inkje tenkjer aa samle alle te seg dvs. inkje fleire hell dei, som sjave vil vera med, at her altso blei tvo serskilde Flokkar, at dei Kristne inkje berre konna sere seg ut ifraa dei, som inkje vilde vera med, men at dei au konna sere ut ifraa seg dei, som dei inkje vilde hava med dvs. slike, som gav Forargelse. Detti er Kjyrkjetukti, som i Statskjyrkja er nokosonær umaugeleg, avdi Staten inkje vil vita noko av di. Endelykti med, at Staten stydjar Kjyrkja, og hev'a med de sama unde sitt Vald, er nettupp de, at Kjyrkja, som de hev blivi sagt, sko gjera Staten kristeleg, setje ein kristeleg Svip paa Staten og telike hjelpe te aa halde dei grovaste Syndir nede. Større Krav hev ikkje Staten te sine Borgarar. De kvittar den plent eit, anten Folk kjeme i Himelen hell inkje. Men de er nettupp inkje Kjyrkja's Mid. Den vil arbeide te aa faa frelse so mange, som vil lata seg frelse, og de, som inkje vil de, vil Kjyrkja langt ifraa setja nokon kristeleg Svip paa, men ho vil snarare gjera sitt te, at dei kann koma fram i Dagjen med sin sanne Natur, etter de gamle Ord, at likefram Fiendar er likare enn falske Venir. Kristus segje sjav, at han er inkje komen te Verdi med Fred, men med Sverd, og han vil nettupp dermed uttala den Skjilnad og Sering, som hass Ord sto virke i Verdi, men som Statskjyrkja hev vore so dugeleg og vellaga te dytte ned.
 
Er de inkji helfte detti, som talar fe Frikjyrkja, so trur eg inkji d'er noko ana. Tvangsdaup, Tvangskonfirmation o. s. fr. er nokonlonde so galne Ting, som dei kann vera; men d'er altsamen berre Lutir av denne eine store Skaden, som altfor vist ingjo Botevon er fe, men er laga som Mell og Rotu dvs. han let seg inkje stanse, fyrr han hev gjort Ende paa de han heldst med.
 
Her sko nok vera eit Kjyrkjespursmaal framme no ifraa Kjyrkjestyre te Landsfolkje um Skriftemaal og Avløysning. D'er Tankjen aa gjera de valfritt, er de lyand' te, so at kvar og ein kann faa ganga te Alters, ifall han vil, feutta Avløysning. Jaja, Ein sko inkje lasta halvgjort Arbeid, segja dei. Detti blei daa halvgjort Arbeid; men tru de inkji nettupp derfe va lastande? De er no mi Meining, at de kann alli nytte med slike smaa Rettebøtar. Solengje den sama Statskjyrkelege Aand drive Verkji, so bli de inkji aleids hell som nye Bøtar paa gamle Klæde: Holi bli verre. Tenk no berre, fe endelaust Rom der blei fe Tviil og Sjav-Ankur av saare Samvit, dersom detti blei ei Log, som blei brukt av some, men inkji av alle. Lat so valfritt, borgarlegt Egteskap au koma, Konfirmationstvangji falle burt og meir av sama Slagje, so sko Du sjaa her bli eit Ustyr, som bli utolande. Men de kann radt hende, at de kjeme te ljote gange so. De kann radt hende, at Statskjyrkja lete seg ikkje styute, fyrr ho fær gjera seg sjav umaugeleg.
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum