Husdyrstellet

(Av ein Agronom). 
 
II.
 
Denne Knapfodringi hev det voret skrivet og sagt mykje um; men det er likt til, at me endaa lyt stræva eit nokot Bil, fyrr me vinn heilt yver denne Armodsdomen. Knapfodringi er enno den styggaste Bresten i Husdyrstellet vaart, og den maa heilast, skal Stellet svara seg og Jordbruket vinnast upp.
 
At det erTapaa fodra knapt, det er so greidt som Dagen. Dyri brukar ein Lut av Fodret til berre Upphald av Liv og Lemer ("Upphaldsfoder"), og det er berre det dei færmeirenn detta, som dei gjev oss att i Avdraatt, Mjølk, Kjøt og annat, ("Avdraattsfoder"), - og detta sidste er det, som Landmannen skal hava Gagn av. Fodrar no ein Mann Kreturi sine so knapt, at det er berre so vidt dei liver, - og det er ikkje uhendt, helst um Vetren -, so gjeng alt Fodret hans burt til Upphald av Kretur, som ingen Avdraatt kann gjeva. Gav han no same Fodret upp til Helvti so mange Kretur, so vilde desse berre bruka Helvti av det til Livsens Upphald, Resten vilde dei gjeva att i Avdraatt, og daa vilde Mannen baade faa Fodret sitt bitalt og hava Hugnad av Fjoset sitt.
 
Me skal sjaa endaa nokot meir paa Statistiken, som med sine klaare Tal er den mest paalitelege Læremeistaren me hev i slike Ting. Her vil me draga fram ei Likning millom dei 4 Norderlandi, som er ikkje litet lærerik. Tenkjer me oss heile Folkemengdi utbolkad i Huslyder paa tie Mann, so kjem der paa kvar Huslyd:
i Norig: 0.84 Hestar, 5.53 Bukretur, derav
            4.08 Mjølkekyr; 11.06 Smaafe, 0.59 Griser;
            Inførsla: 2.4 Vog Feitevarar,
i Sverig: 1.03 Hestar, 4.80 Bukretur, derav
             3.00 Mjølkekyr; 3.58 Smaafe, 0.9 Griser;
             Innførsla: 10 m Dalar Feitevarar,
i Danmark: 1.76 Hestar, 6.87 Bukretur, derav
                   4.48 Mjølkekyr; 10.22 Smaafe, 2.45 Griser;
i Finland: 1.41 Hestar, 5.22 Bukretur, derav
                3.64 Mjølkekyr; 5.11 Smaafe, 1.26 Griser;
desse 2 Landi fører ut myket Feitevarar.      
 
Reknar Ein alt ut i Kyr (sjaa Art I), so kjem det paa kvar Huslyd: i Norig 9,05 Kyr, i Sverig 8,38, i Danmark 12 og i Finland 8.89.
 
Her ser me at Norig hevstørste Kreturtaletetter Folkemengdi, men likevæl denstørsteInnførslaav Feitevarar. Detta er no plent so bakvendt som det kann vera. Og naar me ser, at endaa Finland kann hava Budraatt tilovers, endaa det hev færre Kretur fyr kvar Huslyd, so ser me greidt, at Armodsdomen hjaa oss ikkje kann koma av annat enn av daarlegt Stell og snaud Fodring. Tenkjer me daa paa, for eit Landstap det er, at Folk øyder upp Avlen mest berre til Upphaldsfoder og so kauper inn att Budraatt fraa Utlandet fyr Millionvis av Pengar, so maa detta mana oss upp til aalvorsamt Arbeid fyre, at den Dagen maa koma, daa Norig er imindsto sjølvhjelpt med Buvarar.
 
Detta kann ikkje vera meir unaaande fyr oss enn fyr Finland, naar berre den almenne Mannen vil leggja nokot meir Aalvor og Framtanke i Strævet sitt. Me hev nemnt, at Mjølkemengdi i Mideltal fyr Landet var 900 Pottur te Kui. Kunde Mjølkemengdi daa aukast med ei 200 Pottur, so var me bergad. Og detta er ikkje nokot stort Pottetal av ei Ku, imot det kunde og burde vera. I gode Bygder gjeng det mykje høgare, soleids i Smaaleni til 1500 og hjaa einskilde sers duglege Landmenn upp til 2-3,000 Pottur. Detta syner, kvat Trott og Umtanke kann gjera, og kvat Framtid Husdyrstellet hev, um Folk kjem til Vit i den Vegen.
 
No skal me helder ikkje dylja, at Hugen fyr Landbruket og dermed fyr Husdyrstellet er i Veksande. Det, som her er fortalt, gjeng nokot att i Aari, daa dei statistiske Uppgaavur alt er 10 Aar gamle, og dei Upplysningarne, som dei er bygde paa, væl er endaa nokot eldre; so dei gjev truleg ei nokot skymrad Skildring av Tilstanden no. I ei Framgangstid som denne lyt altid nokot vera gjort paa 10-20 Aar; for i all den Tidi hev Tanken om aa fremja eit betre Husdyrstell voret uppe. Millom Tanke og Gjerning og Utslag (Resultat) er sakta store Stig, og dei vert større, di større Sak det gjeld. Men at det gjeng fram, det gjerer det, og daa lyt me berre halda paa. Fraa 50-Aari av er Framgangen merkande. I dei betre Bygdelag hev det aukat med Dyrkjing av Eng, samstundes som Kreturtalet er det same. Istadenfyr aa halda Buskap mest berre fyr det ein treng til sitt eiget Hushald, tek Landmannen til aa sjaa, at det er av Buskapen han skal hava si største Inntekt, og at Feavlen daa ikkje høyrer til aa vera berre eit Attpaasleng til Gardbruket, men helder Hovudstolen.
 
Folk fær daa meir Umsut fyr aa ala uppgode Dyr, og dei hev set, at det var Skil paa gode og ringe Slag (Racer) av Kretur. Detta hev ført til ymse Freistnadar med aa forbetra Husdyri vaare, helst ved aa føra inn gode Kreturslag fraa Utlandet. Kor no detta vil ganga i Lengdi er vandt aa vita. Visst er det, at dei beste norske Slag i ymse Maatar er likso gode som dei utlendske, attaat dei er meir hardføre og høver betre til Landsens Lag.
 
I detta Strævet hev Landmannen god Hjelp av "Selskabet for Norges Vel" og av sume dug lege Landmenn. Staten hev hjelpt til med Fesjaa og Innførsla av gode Kreturslag, so det no er meir lettvint fyr Landmannen aa faa gode Aledyr.
 
Det er og andre Merke paa Framgang. Jordbruket hev soleids no lagt seg meir paa Dyrkjing av Fodervokstrar. Næpur og Jordeple hev komet i Bruk til Kreturmat. Innreidingi av Fjos og Sætrar hev mangestader vortet betre, og dei hev og lært aa stella Budraatten nokot likare. Men Saki er stor, og Folk er seine til aa læra og taka etter. Det gjeld daa um aa semja seg um detta Arbeidet og halda traust fram i rette Leidi. Her er so mykje aa vinna, baade fyr kvar Mann og fyr heile Landet, at Ingen skulde halda seg fyr god til aa hjelpa til, - og Ingen halda seg fyr klein helder.
 

Frå Fedraheimen 12.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum