Utlandet.

Danmark. Folketinget hev i denne Vika raadlagt um Finanslogi. Tinget tok ved aa skilja den provisoriske Logi, som Styret hadde gjevet ut i Vaar, ut ifraa sjølve Finanslogi og gjera henna av for seg aaleine, medan det vanlege er, at slike Fyrebilsloger ikkje vert tekne serskilt. Deretter forkastad Tinget henne og gav ei Millombilslog, som Riksstjorni er nøgd med. Styret for Vinstreflokken hev kallat Riksraadarne inn til Forlikskommission for krenkjande Ord, som dei hadde brukt i ei Maalbering for Kongen den 12te April i Vaar.
 
Frankrike. Riksraadet let her ein Dagen, som det vilde ganga sin Veg, og det syntest alt vera avgjort, at eit Riksraad med Bonapartisten Pouyer Ouertier til Fyremann skulde koma i Staden for det, som no er, under Broglie; det hev ogso voret tymtat paa, at Mac Mahon hev funnet seg til rette med den Tanken, at han kann koma til aa taka Avskil vonom snarare. Men det er nok Meiningi hans – og aat Raadet med – aa freista aa halda seg i lengste Laget, med Hjelp av Senatet (Fyrstekamret); elles er det no ogso paa Voni, um dei der vil i Lengdi finna den Studnad, dei treng; for Vali aat Generalraadom, som kjem til aa verka paa Samansetningi av Senatet, hev fallet ut til beste for Fristyremennerne. Tinget vart opnat den 7de November. Grévy, Føraren for Fristyreflokken etter Thiers, vart vald til Fyremann i Folketinget med 290 Røyster; 170 røystad ikkje.
 
Krigen. Ryssen gjerer Framgang baade i Europa og i Asia. Ved Plevna trengjer han nærare og nærare innpaa, og Voni um Hjelp elder um aa koma ut vert mindre og mindre for Osman Pasja, som er innstengd med ein Her paa 30,000 Mann, elder kor mange det no kann vera. Det er fortalt, at Ryssen vil enno i Haust sende ein ny Her paa 70,000 Mann yver Balkan mot Adrianopel for aa prøva aa faa gjort ein Endskap paa denne Krigen med ein Gong. – I Asia hev Ryssarne under Herførararne Heimann og Tergukasoff vunnet paa Muktar Pasja og Ismail Pasja i eit Slag den 4de November. Det varad i 9 Timar. Turkarne rømde undan i vill Flugt og let etter seg Vaapen og Forraad.
 
Abyssinia. Her stend ogsaa ein Strid, som kostar Blod. Den stridsame Kong Johannes hev sleget ein Upprørarher; denne misste 23,000 Mann, men Kongsheren berre 9,000.
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum