Slengjetankar.

"Når bønderne vaknar, vaknar dei til reaktion," sa Bjørnson i den store fest-talen sin hi vika.
- Ja då er det visst best, me let bønderne sove.
 
"Lat oss vera i sanning!" – er Bjørnsons nye store grunntanke.
Tanken er stor, ålvorsam. Han kunde skapa livet vårt um.
- Berre det ikkje vert upp i snakk med det som med det meste andre her hjå oss. Det kunde koma mykje lygn utav slikt eit sanningssnakk, når det vart på moden.
 
"Vera i sanning" er eit stort og strengt krav. Folk hev aldri likt det; her hjå oss likar dei det ikkje held. Men den som likar det minst, ser ut te vera – Morgenbladet. 1)
 
Det ser leidt ut fyr Kristendomen vår no um dagen.
Ikkje fyrdi at sume folk slepper Kristendomen.
Ikkje fyrdi at sume folk arbeider imot Kristendomen.
Men fyr di at Morgenbladet, og Morgenbladsens haledingel, slær lag med Kristendomen. Ende fram motstand hev Kristendomen aldri turvt fæla fyre. Men ein ting hev han havt vondt av, meir enn nokon trur, og det er av – "falske alliancer."
 
I grunnen kann ein mann berre liva heilt på den sanning, som han og trygt tore døy på.
 
1) Mgbl. 4de Novbr.
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum