Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
II.
 
Paa Kapitolium.
[Del 4 av 25. Fyrste delen.]
               
Det finst vel inkje ein Stad i Verdi, som eig so mange Sagaminne innum Murarne sine som Rom. Du snaavar liksom yver deim, kvar du gjeng. I mange Aarhundrad var denne Byen Midpunktet fyre heile Verdi og drog til seg alt, som fanst av fine Konstverk. Du gjeng millom hundrad av Bilætstyttor, Tempelbogar, Kongeborger, Sulehallar; nye Underverk dukka upp av Gruset den Dag i Dag, naar dei grava i ei Gata elder bora ein Brunn, og Vitenskapsmenner og Konstnarar fraa alle Heimsens Hyrnor samla seg og skal tyda den gaatefulle Skrivti. At ganga i Rom er som at blada i ei Bilætbok. Heidningadom bryt seg mot Kristendom, Stortider med Forfallstider, Fridom mot Trældom; Fagnadrop og Graat, Styn og Songar blanda seg med kvarandre, og i alle desse vekslande Skifte av Stordom og Usseldom, Strid og Fred, ser ein Guds styrande Finger binda ihop dei sundrivne Traadarne og leida Mannaætti fram mot Endemaalet.
 
Og likavel kann det henda, at du kjenner deg liksom narrad, naar du kjem til Rom. Mangt av det store, du hadde tenkt deg, daa du sat heima og drøymde, heldt inkje Maal, soleides hadde du inkje tenkt, det saag ut. Naar ein sit heima og drøymer, daa stig alle desse Minnesmerke fraa Sagatida fram fyre Augat ditt store, lokkande, i uklaare Umrit liksom Berg i Maaneskin. Og naar du so naar fram og ser det, som det er, verd du mest som skamfull og kviskrar med deg sjølv: - for høgt vaagar ein inkje segja det – "er detta alt?" Soleides gjekk det iminsto med meg. Kapitolium med den tarpeiiske Berghamaren, der dei støypte Folk utfyre, som kunde vera faarlege fyre Staten, tenkte eg meg liggjande som eit Ørnareid uppe paa Berget og stoda stolt utyver Byen framfyre Føterne sine – og so var det ein liten Haug, der ein makleg Gongeveg bar fram til nokre fint bygde Hus. Og Romartorget (forum romanum) som ligg nedfyre Kapitolshaugen, denne Livaadri fyre den uhorvelege Kroppen, som heitte Romarveldet, med alle sine Templar og Bogagonger, med alle sine myrke Blodminne – det tenkte eg meg daa som eit vidt Rum, og so var det ein liten trong Torgplass.
Du gjeng daa og gapar paa detta Dag etter Dag, og kann inkje faa Sanningi ihop med Draumen. Men so gjeng det smaatt um Senn som med drukne Mannen. Ettersom han atter kann raada med seg og sjaa og tenkja klaart, verd alt det, som foor og flaug i Hovudet paa honom som store Skræmor, atter til det det var, Menner og Dyr. Det sanne, dei store Sagaminni, dei verda verande, dei bleikna inkje, um Skalet kring deim verd nokot minder. Dei stiga meir livande fram, naar du kann peika paa Stellet og segja: der stod han, der stupte han. Og dess minder alting ser ut fyre Augat, dess større veksa dei seg alle dei Tilburdarne, som stiga fram or dette tronge Rumet. Det er som einstor Ande i ein klen Kropp. Og vil du so med Tanken fara gjenom heile Heimsens Saga, skal du og finna, at det største, det som heve rist Verdi i Grunnvollarne sine og umskapt all Heimen, det heve ofta vokset seg fram or det ringe og smaae. Det var inkje megtige Kongar, som drog Kristendomen fram gjenom Verdi, men tolv ringe Fiskarar. Ein bleik og blodlaus Munk stend paa ein Stein og preikar, og all Verdi, Kongar og Riddarar, Vaksne og Born, reiser seg og fer i Krossferd. Paa Korsikaligg det ein liten Gut i Vogga, ukjend, unamngjeten, og nokre Aar etter skjelv mest all Europa i hans Hender. I dei slitne Steinarne og dei brotne Sularne paa Romartorget preikar det store Ting. Den tunge Kroppen ligg atter og minner, medan Anden er løyst fraa honom lenge sidan og heve gjort si Gjerd i Mannahavet.
 
No er det annat Liv paa Torget og paa Kapitolshaugen enn i gamle Dagar. "Forum romanum" er no eit Kutorg, og paa Kapitolshaugen venda graae og striputte Engelskmenner paa Glasaugat sitt (Lorgnetten), naar dei sjaa paa dei fine Utstillingshus elder paa Bilætstytta av Keisaren, Markus Aurelius, der han byrg sit paa Hesten med den framrette Hondi si.
 
Til Kapitolshaugen er det, me i Dag vil ganga. Me fylgja med den store Straumen, og han ber burt til ei Kyrkja, som ogso ligg paa denne Haugen, og som heiter Aracoeli. Kyrkja høyrer til eit Fransiskanarkloster, som ligg tett atmed. Ei stor, bratt og breid Tropp ber ned til Gata nedunder radt ifraa Kyrkjeporten, og denne Troppi er no mett med Folk. Her er Handverksfolk og Bondefolk fraa Kampagnen (den store Sletta atmed Rom); her er Hyrdingar med Sekkjepipor, og Tiggarar og Smaagutar, som selja Almanakkar og Sukkerty og bilæte fyre tvo Skiling.
Og millom denne lægjande og pratande og tjaakande Flokken snur seg Framandfolk av alle Slag. Dei sjaa og peika og glo i raude Reisebøker og skriva upp, medan Maalararne renna i Kross og teikna av baade Folk og Eslar og Hundar, for slike Dagar er Fagnaddagar fyre deim, daa so myket Folk fraa ymse Stelle i brokutte Klædnadar er samlade paa ein Stad.
Eitkvart maa det vera paa Ferde i Dag, for alle er i Stasen sin, og der kjem Musiken dragande med Soldatarne etter seg. Skal tru, det er denne Fransiskanarmunken, som vart framlagd i Kyrkja, og som etter Dauden hadde ledat paa Fingrom og difyre skulde verda eit Heilagmenne, som dreg somange Folk til seg? Nei, han er komen i Jordi fyre lang Tid sidan, men i Dag er det den store Bambinofest, og Bambino skal velsigna Romarfolket fraa Troppi. Kven er daa denne Bambino? Jau "Bambino" paa det italienske Maalet vil segja det same som Sogbarn paa Norsk, og detta Sogbarnet her er det heilage Jesusbarnet, som Kyrkja er vigd til.
Tred inn i den store, gamle Kyrkja med mange Rikdomar og Kunstverker, so skal du faa sjaa det. Eit litet Kapel inne i Kyrkja er tillagat som Stallen, der Jesusbarnet vardt fødd. Ei Vogga med Halm i stend paa Golvet, og atmed Vogga paa eine Sida ligg Jomfru Maria paa Kne, og eit Stykke innanfyre henne ei Bondegjenta, klædd som ei ute fraa Kampagnen. Paa andre Sida stend Josef, studd til Staven sin; nokre Uksar stinga Hovudi fram yver honom, og der koma Hyrdingarne fraa Marki og skal tilbedja. Lengst attantil ser ein utyver ei stor Bygd, der klaare Morgonsoli renn, og høgt uppyver Stallen er Himlen open, og Gud med ei yrande Mengd av Englar kring seg sviv ned i eit sterkt underlegt Ljos. Dokkorna, som alle er i Likams-Storleik, er gjorde av Vaks, og slett inkje so illa gjorde endaa. Men no kjem det løglege. Istadenfyre at finna eit Barn i Vogga, sveipt i Klutar, soleides som Lukas fortel oss det, so ligg det her ei triveleg, lubbi Vaksdokka, sveipt i ein Reiv, som glimer av Gull og Sylv og dyre Steinar og med ei stor Kruna paa Hovudet. Det er det merkelege med alle dei katolske Tilstelningarne her i Rom, som no giva seg um at setja heile den kristelege Læra fram i Bilæte, liksom gjera henne til Kjøt og Blod, at dei stødt skal pynta paa henne. Det er detta, som gjerer mangt so flirande og raakar meir enn den kvassaste Spe.
Naar Paven soleides i Paaskehelgi skal syna fram, korleides det gjekk til millom Jesus og Apostlarne i den sidste Vika, og inkje berre held Nattverd med 12 Prestar, men endaa til gjeng ikring og tvær Føterna deira, - so skulde ein daa venta, at han gjekk berføtt og klædd i ein ring Kyrtel som ein botferdig. Men nei – der kjem Paven stigande i beste Stasen sin med tvo Kardinaler (dei øvste Biskoparne) som bera Dragset paa Kjolen, som er utsaumad med Gull og Sylv, so han er ei heil Mansbyrd, og denne Jesus er det, som gjeng kring med eit Handklæde og tvætter Føter, medan Framandfolk glo paa med Glasaugo og Kikarar. Eg tykjer, det er at gjera Narr av det heilage og av seg sjølv detta, men dei tykja vel inkje so Katolikarne. Eg kjem at tala meir um detta sidan kannhenda, no skal me venda oss til "Bambino" atter.
 
(Meir.)
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum