Rispur.

I eldre Tid trudde dei mykje paa Almanakka, at ho kunde "spaa Veeret," som dei sagde. So var det ein Nordlandsbonde, som foor til Byen, men hadde gløymt aa sjaa paa Almanakka, fyrr han foor heimanfraa. Det fyrste han daa gjorde, daa han kom til Byen, var aa springa inn til ein Kaupmann og spyrja etter Almanakka, for han skulde so plent ha set etter Veeret, sa'n. Kaupmannen let honom faa ei Almanakk, som var tvo Aar gamall, og den reiste Bonden heim med. Eit Bil etter kom han aat Byen att, og raakad Kaupmannen. "No," spurde denne, "hoss hev du likt den Almanakka, du fekk her sist?" - "Jau" svarad Nordlendingen, "ho va reint utruli' i Veere', men ho va so ymse me' Helli'dagann'!" –
 
Ein Prest i Seljord i gamle Dagar lyste fe Dotter si og Tenesguten sin soleis: "Eg skal lysa fe Dotter mi og Tenesguten min. Den som ikkje vi' hava dæ betre, fær hava dæ soleis."
 
(Fraa Siljord ved H. E.)
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum