Notisar.

Norsk Bibelsoga. O. J. Høyem i Trondheim skriv i Bladom, at han tenkjer aa gjeva ut L. K. Müllers store danske Bibelhistorie paa Norsk. Til det Fyremaalet bed han Lærarar og andre Menn og Kvende aa hjelpa til med aa umsetja Boki, som er 500 Sidur stor, so det vert helder vandt fyr ein Mann aa yverkoma det. Det som det især gjeld um, er aa faa barnsleg og endefram Stil, gode norske Vendingar og Ordlag, og stutte og greide Setningar, so skal Høyem semja Stilen til Einskap og skipa paa sumt, um han trur han kann gjera det betre. Den som vil hjelpa til med detta, maa senda Brev um det aat honom fyrr Sluten av November, so fær kvar til seg sendt ein liten Lut, som han skal umsetja. Det er greidt, te fleire det melder seg, te minder Arbeide kjem det paa kvar. Alle som hjelper til fær kvar ei Bok fritt, naar heile Verket vert ferdigt. Det hev alt meldt seg nær 50, men han meiner, han vil hava innpaa 100.
 
Folkehøgskular. I Ingedal, Aneks til Skjeberg, i Smaaleni held no Student Sørensen Folkehøgskule. I Uppdal, i sundre Trondheims Amt, skal Daniel Sæter halda ein Folkehøgskule etter Jol.
 
Lærarmøte. Skulekommisionen i øystre Moland hev gjevet Lærararne ein Fridag fraa Skulen kvar Maanad, for aa koma saman med Prest og Foreldre og røda um, kvat dei skal gjera fyr aa letta Samarbeidet millom Skule og Heim.
 
I Hypotekbanken skal det etter Morgenbladet vera vandt um aa faa Laan no; det ligg 1400 - 1500 Søknadar, som dei ikkje ser seg Raad til aa gjera nokot ved.
 
Bilætstytta av Wergeland, som skal stellast upp her i Byen, er det no avgjort, at Bilæthoggar Bergslien skal arbeida ut.
 
Jadarbanen skal vigjast inn ved Nyaarsleite.
 
Smaalensbanen meiner dei skal verta ferdig i November næste Aar.
 
Det norske Samlag. Det er lovt i Lysingarne, at dei, som melder seg inn i Aar, skal faa "Fraa By og Bygd". Men no er det komne so mange, at Upplaget ikkje vil rekkja til, og det er Grunnen til, at Sume i det sidste ikkje hev kunnat faa det. Istaden fær dei daa ei Bok meir. Men fraa Nyaar att vert det stellt so, at Alle kann faa Bladet.