Lysingar.

"Fedraheimen"
kjem ut kvar Laurdag og kostar Kr. 1,20 (36 Skilling) fyr Fjordungaaret med Postpengar og alt. Bladet er aa tinga paa alle Posthus. Her i Kristiania kann Ein og skriva seg i Ekspeditionen,Ringvolds Trykkeri, Jernbanegata 6, elder hjaa Bokhandlar Alb. Cammermeyer. – Betalingfyreaat.
 
Arbeidstanken i Bladet er den: etter beste Makt aa hjelpa fram Folkets Upplysning og Framgang paa national og kristeleg Grunn. Fleire gode Maalmenn vil hjelpa til med aa skriva; me hev Lov aa nemna Kristofer Janson, Umsetjaren af Heimskringla, og endaa Ivar Aasen vonar me aa faa eitkvart Smaatt ifraa so bilimillom. Brevsendingar tenkjer Bladet og det fær fraa Landsens fleste Luter.
 
Ein kann her i Bladet skriva baade paa Landsmaal og Bygdarmaal (naar det er gode Bygdarmaal daa). Skriv Nokon paa framifraa ringe Maalføre (deribland Bymaal), skal me sjølve skriva det um, naar Stykki hellest er brukande.
 
Den, som samlar og sender Pengar fyr 6 nye Tingarar, kann faa Bladet fritt sjølv.
               
Fraa By og Bygd,
Maanadskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit Nummer paa 16 Sidor Octav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt send med Posten, og kann tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1877. Til Lesararne. Fraa Telemork. Smaastykke fra Dalarne. Nebraska (Fortelnad etter Gerstäcker). Smaanøgdi og Stortorvi. Ho Hamars Brynhild. Framgang i landet. Kunsten at skriva. Til Maalmennerne. Ute paa ville Havet. Rafteseten. Jonsok-Kvelden. Fodernaudi. Ein Brotsmann etter tapad Æra. Kor ligg Leidi? Eit Tilsvar. Olav, Son min. Ymist.
 
Det norske Samlag.
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram dennorske Bokavlen.Det hev no arbeidt i 8 Aar og gjevet ut mange Bøker, paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Dei, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Kr. fyr Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut. Ein skriv seg hjaaRekneskapsføraren fyr Det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarpengarne.
 
Dei, som skriv seg no, og legg Aarspengarne med det same, fær fritt ikring 9 Bøker elder Hefte af Aasen, Vinje, Janson m. fl., so langt Upplaget rekk, - umframt dei Bøkerne, som er utgjevne i Aar (derimillom Soga um Olav den Heilage, elder Snorres Heimskringla II).
 
Paa 6 betalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likeins vert ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og sender Pengar fyr 6 nye lagsmenn.
 
Ein fær sendt seg alle Bøkerfritt med Posten.
 
- NB. fyr eldre Lagsmenn: Aarspengarne fyr kvart Aar maa koma inn i fyrste Helvti av Aaret, annars vert det Slut med Boksendingi, til dess Pengarne kjem.             
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum