Bjørnsons "Magnhild".

(Av G.)
 
[Del 1 av 2]
 
I.
 
Det ser ut til, at Bokavlen vaar er aat med aa svinga inn paa ei ny Leid no. Ibsen hev "forandret Signalerne", Bjørnson stend og i eit stort og ymist Vende. Kor han vil hamna er vandtaa vita. Men at me fær ein "ny Bjørnson", liksom det er Von um ein ny Ibsen, det kann me mest vita.
 
Fyrr hev me likt Bjørnson, av di han var slik ein frisk Natur, som hadde Samhug med Liv og Folk og ei merkjeleg fast Tru paa Landsens Framtid. No er han, som so mange andre, komen upp i ymis Tvil og Mistru. "Intelligentsen" (dei Boklærde) trur han ikkje paa, meir no enn fyrr, helder mindre; og helder ikkje trur han vidare paa "Folket." Bonden søv, "snorksøv", segjer han; Bonden er saa faakunnig, 1) trongsynt og raa, at det ikkje er tenkjande paa aa faa honom med paa nokot Framgangsverk. Kor skal han so snu seg? Han hev det reint vondt. No, daa Ibsen kannhenda tek til aa friskna, ser det ut til, at Bjørnson vil til aa sjukna, so no stend dei mest i same Skora, desse tvo Skaldarne, som fyrr hev voret so motsette.
 
Detta syner seg og i "Magnhild," den nye Forteljingi hans. Det gjeng slik ein Kaldgust gjenom denne Boki, at du tidt kunde tru, du les i Henrik Ibsen og ikkje i Bjørnson. Dei Bønderne, han skildrar av her, er væl i Grunnen dei same, som han altid hev skildrat, og endaa er det som Nott og Dag. Fyrr hev han set paa Bonden berre med "Blid-Augat", set berre det Gode og Varme og Friske, som laag under den kalde Yta. No snur han reint um. No ser han berre Utsida att. Bønderne er tunge og stygge, skjeive og skakke, slitne og kalde, raae og ufrie; det er fraa Topp til Taa dei same Bønder, som Ibsen hev set og skildrat i "Brand" og "Peer Gynt."
 
Med Magnhild, sjølve Emnet i Forteljingi, er det nokot likt. Magnhild er ei norsk Bondegjenta, fin og fager, men bljug, overlag bljug, taarmild, tagall, litet fyre seg, drøymesjuk, innestengd, tanketung og hugtung, veik i Viljen, full av Ræddhug, eit underleg blidt og spakt og beinlaust Ting, som aldri vaagar seg fram, aldri hev Mod og Magt til aa spenna i, naar det gjeld paa, berre tigjer, drøymer og græt. Ho er soleids i seg sjølv ikkje nokot nytt. Det er den same gamle Bjørnsons-Gjenta, som me finn att i alle Bøkerne hans, fraa "Synnøve Solbakken" til "Brudeslaatten." Plent den same. Og likevæl – ikkje den same.
 
Me finn her nokot reint nytt, eit nytt Syn og eit nytt Skyn. Fyrr hev Bjørnson likt denne Gjenta, sett henne upp som eit Mynster. No er han leid og arg paa all den Bløyteskapen og Magtløysa. Ho er ikkje lenger eit Mynster, ho er ein Sjukling, som treng Helsebot, elder eit Barn, som treng Uppfostring. Nokot godt hev ho, Reinskapen og den fine Kvinneblygsla; men detta er berre ein "passiv Eigenskap," Motstands kraft, ikkje Framtak, Framhug, Liv, Eld. Dermed treng ho Vekkjing. Og korleids meiner du Bjørnson vil, ho skal faa den? Jau han vil senda henne aat – Amerika.
 
- Den same Tanken! Det var Amerika, Ibsen og peikad paa i "Samfundets Støtter." Kor kann detta hava seg?
 
Me Nordmenn hev til dessa trutt, at me var eit skikkelegt Folk, ja eit av dei likaste som fanst. No vil dei setja oss i Skule hjaa Amerikafolket, desse Villstyringar og Galningar, som hev Ord fyr mest alt Vondt; som er aa kalla aalgjetne fyr Storljugarskap og Kjeltringskap; som snyter Folk kor dei kann koma til, skyt dei ihel med Revolverar og skamsting dei med Bowieknivar; som ikkje hev korkje Konge elder Statskyrkja, men let Landetstyrast av Skræddarar og Vedhoggarar, og let kvar Mann tru som han sjølv vil; som eig korkje Standsskilnad elder "Autoritetar" elder mest nokon Ting av det, som me brukar til "Samfundsstyttur" og "Folke"-Skræmur, - ja som er oss so ulike i mest alle Ting, at me helst hev voret vane med aa gjera oss til av, at me ikkje var slik som desse Tollarar og Syndarar.
 
Men lat oss ikkje undrast for mykje paa detta. Eit Land som Amerika, der Livet er so fritt og stort, hev mangt, som er rangt og leidt; men so hev det og so mykje meir, som er godt. Du kjenner visst einkvar, du og, som foor heiman til Amerika likso tung og traa og tankearm som dei fleste andre, og kom heim att – frisk og ferm og strak og fri som ein Stormann, men likevæl endefram og greid som den "simplaste" Bonden. Amerikalivet hev det Laget, at det folkar og friskar upp og gjer Folk sterkare og større, anten so det er i Godt elder Vondt. Og det er det, som Skaldarne vaare hev merkt seg og komet til aa lika. Og dei hev ikkje so litet Rett i det. Nokot av det beste, som kunde henda oss, var visst det, at alle dei, som hev faret herifraa til Amerika, og livt seg inn der, kom heim att. Dei vilde koma som ein Stormvind og "lufta ut" i mange Ting. Og setja Fart i alle. Men me veit, korleids det er med desse "amerikaniserte" Nordmenn. Naar dei kjem heim att, kann dei ikkje trivast her. Dei maa attende. So me tarv visst ikkje ræddast fyr slik ei Heimattferd. – Men detta syner i Grunnen best, at "Utluftnin gi" kunde turvast.
 
Naa, dermed er ikkje alle Voner sløkkte. Det alra-beste, som kann henda oss, er, at me arbeider oss sjølv fram til større Fridom og sterkare Liv. Og det kann me, um me vil. Me fær ikkje ormodast, um me ser, at det er langt fram og ber smaatt i Veg. Tolmod maa til. Den, som vil vera med oss, han maa vita det, at det hjaa oss trengst ein Mannsalder til kvart einaste litet Framstig. Sjaumilsstyvlar eig det norske Folket berre i Eventyri. Det er det, som hev voret Skaden hjaa Bjørnson, at han hev gjort seg for store Tankar og vonat for snar Framgang. Me skal agta oss fyr alle Ovdraumar, og gjera oss væl kjende med dei Meinkrokar, som ligg oss i Vegen. Men so skal me og sutalaust taka aat, so godt me kann, og kvar i sitt Yrkje. Kor myket ilt og leidt og rangt her er, so er det daa enno sannt, det Bjørnson kvad i ein av sine beste Songar:
                "Her er Sommersol nok,
                her er Sædejord nok,
                bare vi, bare vi have Kjærlighed nok!" -
 
[Meir.]
 
1) Kor braad han er i Svingen, den kjære Bjørnson. Det kunde dragast fram mange, mange Bønder, som, so i beintfram Kunskap, var mykje klokare enn Bjørnstjerne Bjørnson!
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum