Barbara Alexandrowna.

Ei Forteljing or det gamle russiske Huslivet.
 
(Framhald).
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
I detta Bilet sat Feodor Petrowitsch upp i Treet sitt, han, og grundad hardt paa sin leide Lagnad. Væl sløkkte Vaktmennerne ut Kyndlarne sine; men so gjorde dei upp att ein stor Eld midt i Hagen, som mykje verre var, og dreiv jamt kring og ropad paa sitt "Pass paa." Fangen deruppe skynad greit, at han nok kunde kliva ned or Treet, daa Ljosken fraa Elden ikkje kom dit; men sleppa lenger usedd, det vilde vera reint ugjerande.
 
Der sat han i ei god Knipa! Men endeleg blenkte det upp i honom ein djerv Tanke. Han gjorde eit Grip ned i Kjoleluma, drog upp ein Neve med Sylvskilingar, heiv so desse burtyver Tretopparne, og raamad nærepaa den Staden, der Vaktfolket sat. Daa kann du tru, det vart Liv i Flokken! Dei kastad seg yver denne "ovankomne Signing" som Bikkjur um eit Bein – kannhenda hadde dei som eit Fyresviv um, kor det kom fraa au, - og fysst daa dei hadde sankat upp kvar einaste Kopek, 1) tok dei til aa ransaka rundt um i Hagen. Men daa var det hosta seint. Det einaste, dei saag, var ein Kar langt ned med Elvi, som lagde seg paa Saam, sette tvert yver, og so tok Foten paa Nakken og avstad alt det han vann. Strakst gjorde Kararne Lag um, at dei ikkje skulde gjeta nokon Ting fyr Herren sin; og alt til Dagen kom, gjekk dei ikring i Hagen og ropad trutt paa sitt same "Pass paa."
 
Feodor Petrowitsch kom vælhalden heim, endaa han hadde fenget seg so kaldt eit Laug, og stemnde til seg, reint i Otta, Lutbrukaren sin og Starosten, 2) og sagde fraa um, at han var meint paa strakst aa gjera ei Ferd til St. Petersburg.
 
Hjaa Boguslawski gjekk Tidi som vanleg. Husbondsfolket stod upp, og drakk sin The; so mynstrad gamle Bojaren Hestestallen sin, og heldt Raadleggjing med Husfruva um Middagsmaten. Berre eldste Dotteri vart liggjande, for ho var "forgjord" maavita; og at det var det "vonde Augat" aat ein Mann, som hadde skadd henne, det synte seg av den Ting – som Prokofjewna fortalde -, at dei allra største Tre-Koli hadde sokket i det Fyregjerdsvatnet, som ho lagad. Andlitet aat den unge Dama drog seg yver med ein eldande raud Lit etter den fæle Støkken; febersjuk laag ho og strekkte seg i Kvila si eit Bil utetter, og sjølve Gamlefaer var ikkje vond paa henne, annat var naadig nok, so han bilimillom lydde innum, hoss ho hadde det.
 
Dagen etter kom Gjetordet, at den unge Grannen deira var faren attende til Petersburg.
 
"Kvat skal Ein væl gjera?" sagde Gamlen; "den Skarven hev smøygt seg fraa Hoggi, og kor skal ein no faa Tak paa honom? – Han vil berre segja som so: eg veit av ingen Ting! og gjera Narr av meg attpaa. For ein Tjuv, som Ein ikkje fakkar, det er just ingen Tjuv!"
 
So var Feodor Petrowitsch burte; Barbara Alexandrowna besnad, og alt vart med det Gamle.
 
Tri Maana'r gjekk, og fraa Feodor vart korkje høyrt elder spurt.
 
"Han hev gløymt meg", sukkad Barbara stilt fyr sjølve seg. "Han tenkjer ikkje meir paa meg. Annat kunde eg væl ikkje venta held". Og tidt, naar ho gjøymde Hovudet sitt i Puta, gret ho heite Taarer. Og so ein god Dag kom det ein ny Friar, som Gamlefaer hadde betre Mod paa.
 
"Barbara", sa han til Dotter si, "det hev funnet seg ein ny Friar aat deg, ein dugande, skikkeleg Mann, ikkje slik ei Dugløysa som hin; no byd eg deg utav all mi Faers-Magt: tak honom!"
 
Gjenta vaagad inkje Mottlegg, - og Festarmaalet gjekk fyr seg. Men skrinnast gjorde ho Dag fyr Dag, og Skaden, som ho hadde fenget av det "vonde Augat," vilde ikkje gjeva seg. Naar Festemannen kom og gjorde seg gild, og hadde med seg altslag Gaavur aat henne, agtad ho snaudt paa det, og mot Gjevaren sjølv synte ho seg ikkje helder nokot blid elder beinsam. Tagall og bleik sat ho der, liksom ho vore dauddømd, og det gjekk ingen Helgedag av, minders ho var i Kyrkja baade til Morgon- og Middagsmessa. Det saag reint ut til, at ho tenkte paa aa bua seg fyr Klosteret.
 
Eingong ho kom or Morgonmessa, høvde ho ein Krypling, som drog seg fram etter Vegen paa baade Hender og Føter. Heile Hovudet sitt hadde han tullat inn i eit Plagg, som laag nedyver Andlitet, slik at Ein berre saag det graae Munnskjegget. Han kraup burt imot Gjenta, strekkte ut Hondi og bad seg. Ho vilde just taka fram ein Pening or Pungen sin; men daa kvakk ho, for med det same høyrde ho eit vælkjendt og kjært Mæle, som kviskrad: "Vesle Duva mi harmar seg; sorgfulle er Augo aat mitt Hjarteblad! Hit hev kjæraste Guten skundat, til aa berga sitt Eit og Alt."
 
Gjenta lydde; ho trudde 'kje sin eigen Sans!  Kor kom det ifraa, detta kjære Mælet? Det var Ingen paa Nærhondi utan hin Armingen, og dei andre Kyrkjefolki, dei visste ho, ho kjende.
 
"Det er eg, du Elsksæle!" heldt Mælet fram. "Sjaa paa meg med dei Engle-Augo dine, og sjaa, kvat Elsken hev fenget meg til. Kryplings Ham hev eg stolet, og ein halv Perst hev eg kropet paa mine Hender, til aa faa sjaa deg, og spyrja deg: vil du fly burt med meg? elder vil du vera ein annan Manns istadenfyr mi?"
 
Barbara sleppte all Tvil og Tvihng. Ho lagde den mjuke Hondi si paa Duken, som løynde Andlitet aat Guten, og svarad varmt: "Tungsaknat hev du voret, kjæraste Guten min! Du aaleine er meg dyrare enn heile Verdi, og gjerna gjeng eg med deg, um no det ber til Himmels elder til Avgrunns."
 
Feodor Petrowitsch kysste henne paa Hondi, mange, mange Gonger. "Kom til Middagsmessa, kjære, men nokot utpaa," sagde han, "naar Hittfolket alt er i Kyrkja; gakk daa ikkje dit, men att-um den Haugen; der skal eg vera, naar du kjem."
 
Og Armingen krabbad attende yver Herregarden og gjøymde seg attanum Løda. Men Barbara gløymde, at det var Vetren, som no raadde paa Garden, seig paa Kne i Snjoen med Andlitet vend aat Kyrkja, og bad, lengje, lengje.
 
Det leid til Middagsmessa. Høgtidsleg vandrad Bojaren Alexander Dmitriewitsch med Vivet sitt og dei tvo yngste Døterne til Guds Hus; - men Barbara var ikkje ferdug enno, og hadde endaa alskyns Ting aa stella i Lag paa Klædebunaden sin.
 
Endeleg smaug ho ut av Huset; ho neig seg aat alle fjore Sidur, og daa ho saag, at Ingen lagde Merke til henne, sprang ho snøgt attum den utskilde Haugen.
 
Foreldri og Systerne kom heimatt; dei bytte Klæde; sette seg aat Bordet, og bidde; Høgtids Piroggarne var alt framsette; men Barbara felte og synte seg ikkje.
 
"Kor er Barbara?" spurde Gamlingen.
 
"Ja berre eg visste det, Faer Alexander Dmitriewitsch," svarad Husmoeri. "Ho hadde Hovudverk, daa ho kom heim or Morgonmessa; kannhenda hev ho no fraa Kyrkja gjenget ein Tur etter Vegen?"
 
"I Kyrkja hev ho daa voret, veit eg?"
 
"Visst hev ho det! Du veit ho var mest klædd, daa me gjekk."
 
"Kor er Syster Dykkar, Gjentur?" spurde Gamlefaer Døterne sine.
 
(Meir).
 
1) russisk Skilling.
2)Den eldste av Bønderne.
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum