Utlandet.

Danmark kom Riksdagen i Hop den 1ste Oktober. Riksretten hev frikjent dei fyrre Ministrarne Hall og Worsaae, som var sette under Tiltal for aa hava brukt Statens Midlar urettelege.
 
I Frankrike stend no Ting-Vali for Døri, og Staaket er alt i full Gang. Kvat Utgangen vert, er ikkje godt aa vita. Kvar Fylking vonar det beste for seg. Republikanarne hev no fyrr voret fullvisse paa det, at dei skulde etter nytt Val møta fram med dei 363, som stod paa deira Sida ved siste Avrøystingi i det fyrre Tinget, og med fleire til; men det er ikkje utrulegt, at Styret medalt sitt Stræv vil vera i Stand til aa gjera so vidt Fusk, at Utgangen vert ein annan en den, som rettelege skulde voret. I so Maate er ikkje Regjeringi myket vand med dei Medel, ho brukar. Eit slikt Medel er ogso Saki mot Gambetta. Han er no andre Gongen dømd i sitt Fraavære, men Logi er slik, at han kann skjota til høgre Rett og draga ut so lenge, at han kann verta vald, og daa er han urøyvande. Det er sjaa'nde til, at Mac Mahon elder Riksraadet hans hev til Maal aa faa Keisardømet innsett atter. Vali skal vera den 14de Oktober, og daa lyt det fulla verta ei Vend.
 
Krigen millom Ryssen og Turken gjengso upp og ned med stort Mannfall paa baade Sidor. Ryssen hadde, fyrr han byrjad Krigen, reint mismætt det turkiske Herstell, og det er, kannhenda, ein stor Orsak til den Uheppa, som hev voret yver dei rysske Vaapen. Elles er ikkje Herførararne like til aa vera nokot framifraa duglege paa nokor av Sidom. Det hev voret nokot stillare med Slagsmaalet paa det siste, men Ryssen hev no fenget meir Hjelp aat seg, og daa tek han fulla paa atter i harde Tak ved Plevna. I Turkaheren hev det voret Usemja millom tvo av Herførarom, Mehemed Ali og Suleiman Pasja, og Enden hev vortet den, at Mehemed Ali er kallad atter, Suleiman Pasja er sett yver Donauheren i hans Stad, og Krigsministeren Reuf Pasja hev stiget i Romet etter honom ved Balkanheren. Skulde Sigeren no venda seg aat Ryssom, er det trulegt, at Serbien slær seg attaat deim. Austrike vil trulege finna det klokast aa halda seg utum so lenge, som det kann.
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum