Thiers.

[Del 1 av 2]
 
Det er no meir en Maanaden liden, sidan Telegrafen og Posten bar ikring Verdi den Tidendi, at den franske Statsmannen og Historieskrivaren Thiers hadde fallet fraa. Det kom som ein Braadstøyt ikkje berre for Fedralandet hans, men for all den upplyste Mannheimen. Han var 80 Aar gamall, og han hadde ei Gjerning gjord, som fyllte til Fullnad eit Mannsliv, eit so langt eit desshelder. Likevæl var Burtgangen hans ein Braadstøyt for Frankrike og Europa; for denne vesle, men herdebreide, kvike Mannen med dei livande Augom og den rappe Tunga, som var med Vit og Løgje ute, der det høvde, og med Aalvorsord tilreide, der det trongst, denne Mannen, som hev skrivet Soga til Landet sitt i dei framfarne Tiderne, fraa den store franske Umstøyten og under den fyrste Napoleon, og som sjølv hev voret med og livt og gjort i Gjerning i Frankrikes Historie i dei tvo siste Mannsaldrar, - me hadde gløymt, at han og laut ein Gong ganga den Vegen, som do er alle lagen. No daa han er fallen ifraa, er det eit Rom etter honom, som er ufyllande. Han var so lukkeleg, han fekk vera ved sifulle Kraft baade i Kropp og i Saal alt til sindøyande Dag, og meir en det: han fekk gjera sine hævaste Verk i den Aldren, daa Aari vert for tunge for dei fleste. Han hadde vunnet Namnet "Landsens Frelsarmann" med det, at han hadde friat Landet utor Hendom paa Tysken, og no, daa Dau-den kom yver honom, var han den, som Landet enno ein Gong hadde aa venta Frelsa fraa, um det skulde lukkast for det Styret, som no er, aa setja Statsskipet paa Grunn, og det er det ikkje so ulikt til.
 
Bladi hev no ei Tid voret fulle av Sogor um Thiers og Hermor etter honom, og me vil gjera som dei andre og gjeva ei stutt Utgreiding um hans lange Liv.
 
Thiers var fødd i Marseille den 16de April 1797. Faderen var Smed, og um honom er ikkje myket aa segja. Moder hans skal hava voret ei Kvinna med meir en aalmennelege Gaavor, kverv og kvik, som han sjølv var. Han hadde henne innarlege kjær, og det er trulegt, at ho hev havt størst Innverkning paa honom i Uppvokstren attaat det, at han hadde ervt hennar Kynde og Huglynde. Utkoma aat Foreldrom var ikkje stor, men han fekk fri Skule, for det viste seg snart, kvat Emne det var i honom. I hans unge aar var det det leikande Livet, det snartøke Forstandet, det gløggeLaattevitet, som skilde honom ut; og han hadde av Naturi ein snarkveikt Hug, men Klokskapen fekk jamnaste raada, og det meir og meir, etter som han vart eldre. Det var fyrst Meiningi, at han skulde verta Hermann, og til det Maal las han Matematik, men det vart snart til det, at han valde Logkunnskapen til Læra og Sakføraryrket til Livskall. So drog den unge Advokaten til Paris i 1821, full av gode Voner, men fatig paa Pengar. Han aatte ikkje meir en 360 Kronor, som han hadde vunnet i Præmie for ei Skrift; Venen hans, Historieskrivaren Mignet, fylgde med honom, og han var ein Gong til so rik. Men det gjekk ikkje so rart med Advokaten. Han vart daa Bladskrivar, og han kilte og skreiv Dag etter Dag, sumtid politiske Stykke, sumtid um Teater og Kunst. Under dette leikad det stødt i Hugen hans aa koma til aa gjera ei Ferd kring Jordi, og det var like paa Bikken til at han og Mignet skulde lagt avstad; men til all Lukka vart det ingi Reisa, og so gav han seg i Staden til aa skriva det Verket, som fyrst gjorde honom namngjeten; det var "Soga um den franske Umstøyten," som kom ut i Aarom 1823-27. Verket vakte slik Undring og vart so gjævt, at Thiers med ein Gong vart reiknad millom dei største av Frankrikes Bokmenner og fekk Heidersnamnet "National Historieskrivar." Det, som gjerer Verket til det, det er, er den grundige Gransking, den friske greide Stilen, men allermest det frilyndte Syn paa det store Umstøyten; og Boki sjølv brøyter Vegen for ei ny Tid. No er det ogso, at Thiers fyrst stig fram i den politiske Striden. Sjølvsagt slær han seg til Motstandararne mot Bourbonnarne. Han og Mignet og den namnkunnige Bladskrivaren Armand Carrel fekk i Gang Bladet "National," det djervaste av alle Motstandsblad. Her skreiv Thiers den 30te Juni 1830: "Folki er jamnaste nøydde til aa gjera Uppreist for aa vinna Fridomen; men Grunnlogi hev sett Retten paa vaar Sida, og so er det no Regjeringi som fær gjera Uppreist og standa for alle dei Faaror, som fylgjer med, um dei vil røva Fridomen fraa os." Det er sagt, at Thiers var den, som hadde meste Skuldi for Umstøyten i 1830. Daa Karl den Tionde i 1830 gjorde det same, som Mac-Mahon hev gjort uppatter i Aar, og sende heimatter eit frilyndt Folketing, daa stod Thiers paa same djerve Maaten i Striden for aa faa dei 221 Motstandsmenner attervalde, som han i 1877 vilde gjort for aa faa dei 363 attervalde, um han hadde voret Liv laget.
 
( Meir.)
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum