Slengjetankar og rennestev.

No må du tru, at dei er forfæla -:
"kor vrangt det er då i denne væla!
Den skarve Norsken, me "slog ihel,"
- her kjem han drivandes like væl!"
 
Eg tykjest sjå, hoss dei gamle gutar
båd' glor og glåpar, båd tyt og tutar -:
"Den skarve Norsken, me heldt fyr daud,
her kjem han att, og hev inga naud!"
 
Hoss skal dei fara, hoss skal dei gjera?
D'er visst 'kje greit slik ei sut å bera.
Dei freistar alt, både låt og lått,
men alt dei freistar, so gjeng det smått.
 
For Norsken er no på lag som gjeiti,
han er rett ikkje so vann um beite; -
fær han 'kje hagen med blomar i
han trivst full' betre i urd og lid. –
 
- Ja, de som talar, og de, som skriver,
tryggt kann de helsa, at "Norsken" liver!
Og ikkje tarvst det væl lått og skøy,
for den vil liva, når de lyt døy.
 
x.
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum