Notisar

Kongen kom til Byen Sundagskvelden; det var mykjet Kop som vanleg.
 
Nye Pengesetlar. 500 og 1000 Krunesetlar er no utgjevne.
 
Hestehandelen ved Utstellingi paa Hamar gjekk smaatt iaar.
 
Mange Drifter er no komet til Byen, og det skal hava gjenget godt med Handelen.
 
Eit nytt Verk av Ibsen, som skal heita "Samfundets Støtter", skal koma ut aat Vika att.
 
Kyrkjevigsla. Den nye St. Pauli Kyrkja ved Sofienberg vart idag høgtideleg innvigd.
 
Ei katolsk Kyrkja skal vigjast inn i Fredrikshald midt i denne Maanen.
 
Vaadeskot. I Tinn i Telemarki var det ein Reinskyttar fraa Tveito, som skaut ihel seg paa Raulandsfjellet. Eitkvart hadde teket burti Hanen, so Skotet gjekk laust og beint igjenom honom. Dei som var med, førde honom til ein Støl og sprang til Bygdi etter Far hans. Men daa han kom, hadde han alt andat ut. – Det er nokot, Skyttarar aldri kann læra fullvel: stødt aa ganga med Hanen halvspennt, naar dei hev Knaldhetta paa.
 
Vedret. Fraa Øysterdalen fortel Ferdafolk at det i Fyrrevika skal hava voret 15 Graders Kulde; ogso ned i Alparne skal det hava voret Snjoveder og 5-6 Graders Kulde.
 
Kappkøyring. Thorsdag var det Kappkøyring paa Eikebergsletti; Skeidet var ein Fjordung langt, som det galdt aa køyra paa minder en 10 Minutar. 11 Hestar var meldte. Den fljotaste brukad 6 Minutar 17 Sekundar, det var "Flygaren" tilhøyrande Lastehandlar Haugan, Drammen, han fekk daa fyrste Premie. Den andre Premia fekk"Fridtjof" tilhøyrande Rasmus Bergsund Vang, Hedemarki.
 
Styrararne af Fengsli her i Byen saman med nokre andre Menn bed Folk vera med seg paa aa sanka Pengar til "Foreningen til Forsorg og Beskyttelse for de fra Kristiania Strafanstalter løsladte Forbrydere".
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum