Late-Lars.

(Eit nytt norsk Eventyr).
 
Det var eingong ei gomol Kjering, som budde i ei gomol Skarvehytta attmed ein Kongsgard. Ingenting aatte ho, utan ein Son, som heitte Lars; men han var so ørjende lat, at han berre laag og grov burt i Peisen fraa Morgon til Kveld og snaudt iddest risa av Krakken. Dermed vart han og heitande Late-Lars. So maatte daa Moeri føda baade seg sjølv og honom, og daa vart det ikkje feitt fyr deim, skulde eg tru. Upp i Kongsgarden var det mange, som log og gjorde Narr av Late-Lars, og av Moer hans au, fyr detta; men ingen var so fæl til aa læ som Kongsdotteri. Men Lars var fin same, han, og sat burtmed Peisen allstødt, og brydde seg um ingen Verdsens Ting. Ein Kveld kom Moeri heim or Kongsgarden og var so grøteleg trøytt, - for ho hadde skurat Kongsgarden, maavita. So segjer ho til Son sin: "No fær du hava deg upp av Krakken du au eingong, Lars, og ikkje sitja der som ein Stein, for Alle, som til er, so gjerer dei Narr, baade av deg og meg, fyr denne skræmelege Læta di," sa' ho. "Aa," meinte Lars, "hev eg sitet her so lengje, so kann eg væl sitja her no au," sa' han, og strekkte paa seg. Nei, Moeri meinte paa, han skulde upp; "og so fær du rettig taka Bøtturne og gange ned aat Bekken etter nokot Vatn aat meg," sa, ho; "for eg er so fælande trøytt av all den Skuringi." - "Ja, - eg lyt væl det daa!" sa' Lars; han reis upp, og tok Bøtturne, og drog seg so smaatt ned at Bekken. Dukkad so Bøtturne nedi-i, ei fyr ei, og drog deim upp att; - men daa var det ei Gjedde i den eina. "Aa kjere vene, slepp meg ut, so skal du faa tri Ynskje," sagde Gjedda. "Neimenn gjer' eg ei!" sa' Lars; "d'er altfyr tungt aa hala upp ei Bøtta Vatn til dess." "Aa jau kjære vene! du skal faa seks Ynskje," bad Gjedda. Men Lars meinte som fyrr; det var so tungt aa bøygja seg ned, og slaa Vatnet ut, og dukka Bøtta ned-i, og draga upp ei ny Vatsbøtta, at han ikkje vilde paa nokor Vis. "Du skal faa nie Ynskji, daa!" sa Gjedda. – Ja, detta totte Lars var nokot aa tenkja paa; "eg lyt sakta sleppa deg ut, daa, veit eg," sagde han. Og han so gjorde. Drog so upp ei ny Vatsbøtta, men daa han det hadde gjort, tottest han hava strævat nok au. Dermed berre ynskte han, at Bøtturne vilde ganga sjølvmant upp yver Bakken og heim, og trast han hadde ynskt detta, ruslad Bøtturne i Vegen nokso vænt, ogLars etter.
 
I det same kom Kongsdotteri framum; ho hadde voret ute paa ei Kjøyreferd. Daa ho no saag detta, hoss dei tvo Bøtturne med Vatn i ruggad avstad so smaatt og vænt oppetter Bakken reint sjølvstyrt, og Lars kom daskande og danglande etterpaa, so vidt han vann fylgja, - daa kom Kongsdotteri paa Laatten. "Aa for Gorr-Leting!" ropte ho. "Jamen er han so lat, at jamvæl Bøtturne gjerer Skam paa honom, - ikkje meir leduge enn dei er!" Og ho log, so ho sat tvikrokutt. Detta likte ikkje Lars; han vart arg og smaamurrad med sjølve seg: "Grimen gav Gjedda, og Gjedda gav meg; - gjev han gav ein Liten aat deg!" For det var no det verste, han kunde ynskja Kongsdotteri, det, maa vita.
 
Andre Dagen bad Moeri honom aa ganga aat Skogen draga heim Ved. Lars var uhugad som fyrr han; men so lengje tagg og gnaalte Moeri, til han totte han laut avstad. Daa han so var komen til Skogs, gjekk han berre burt-aat eit Tre og ynskte: "gjev du vilde ganga heim av deg sjølv baade med Rot og Top!" – og strakst lyfte Treet seg upp og til aa hinka i Veg. Dermed sette Lars seg paa, han, og reid heimleides so gildt som dertil. Men so kom Kongsdotteri, og daa ho saag, for Ridehest Lars hadde fengjet, so til aa læ og gjøna, alt det ho vann. Men Lars berre murrad som fyr han: "Grimen gav Gjedda, og Gjedda gav meg; gjev han gav ein Liten aat deg!" – og dermed reid han heim som inkje var.
 
No leid det av eit Bil; men daa tok Kongsdotteri til aa bleikna og skrinnast, og daa det leid av endaa eit Bil, opendagad ho, at ho var med Barn. Daa vart ho so reint sorgsprengd og leid av seg, og daa Kongen fekk vita det, vart det ikkjebetre, kann eg tru; for han vart so vill, han vilde slaa henne ihel med same, endaa ho baade gret og bad, og sagde som sannt var, at ho var so skuldlaus i detta som det minste Barnet. Men Kongen trudde 'kje det ho sagde, og heldt eit fælt Hus. Slik Sorg og Vesaldom hadde det ikkje voret i Kongsgarden, so lengje han hadde stadet.
 
Ein Kveld, Moer aat Late-Lars kom heim or Kongsgarden, tok ho til aa fortelja um detta, og kor galet alting var deruppe. "Kvat er tids?" spurde Lars. "Aa jau," sagde Moeri, "den stakkars Kongsdotteri er med Barn, og endaa ho ikkje veit av, ho hev gjort nokot vondt, so er Kongen so galen og vill, eg meinar han gjer' Ende paa det stakkars Tinget." – "Ja det er 'kje meir enn maate aat henne det," meinte Lars, "slik som ho hev lætt og gjort Nar av meg; - men det vert fulla eg, som fær Skuldi fyr Barnet," sagde han. "Du -?" sa' Moeri og storglaapad; - "ja du saag ut til det, du!"
 
Daa det leid paa, aatte Kongsdotteri ein Gut. Detta kom Moeri au heim til Lars og fortalde, og sagde, at det var Ingen, som visste, kor de skulde finna Faer aat denne Guten. "Aa ja," meinte Lars, "det vert no fulla eg, som fær Skuldi."
 
- "Ja det saag du ut til!" meinte Moeri.
 
Daa Son aat Kongsdotteri vart nokot større, vilde Kongen hava Greida paa detta, kven Faeren var, og so gav han Guten eit Gulleple, som var slikt, at um han sleppte det ned, so skulde det trilla beint burtaat Føterne til den, som var Faer hans. Deretter stemnde han inn alle dei Mannfolk, som fannst i Riket til aa koma til Kongsgarden. Fysste Dagen kom alt Storfolket og stellte seg upp i ein stor Sal; Guten sleppte Eplet ned paa Golvet, og Eplet triltad og traltad, rundt og ikring, men stoggad ikkje nokonstad, og kom sistpaa beint attende til Guten og vart liggjande der. Andre og tredie Dagen kom alt Smaafolket i Landet og skulde prøvast; men det gjekk ikkje likare daa helder. "Ja no finnst det ingen annan etter, som ikkje er prøvd, enn Late-Lars," sa' Kongen; "no kann me likso godt taka honom med med same; men me fær draga honom hit, for ganga so langt, det vinn han visst ikkje." So kom dei dragande med Lars, - og trast triltad Eplet burt og vart liggjande attmed Føterne hans. Men hadde Kongen ikkje voret vill nok fyrr, so vart han det daa, og englad og svor paa, at han aldri vilde sjaa Dotter si fyr Augom meir, som kunde gjera slik ei Skam baade paa seg sjølv og paa honom, og so byggde han ihop eit Glasskip aat henne og Lars, og der skulde dei umbord; so kunde dei gjera av seg kor helst dei vilde. Kongsdotteri bad fulla fyr seg; men det hjelpte aldri Grandet, og det Einaste, ho fekk Faer sin til, det var aa gjera tvo Rom i Skipet, so ho og Lars kunde vera kvar fyr seg umbord. Dermed so vart dei sette ned i Glasskipet, ho og Barnet i det eine Romet, og Late-Lars i det andre; litegrand Niste fekk dei au med; og so bar det til Havs.
 
Daa Nista var upptærd, var Lars leid av aa vera tilsjøs, og dermed berre ynskte han; gjev me var i Land; og strakst var dei i Land. So slog Lars Hol paa Skipet, og daa dei kom ut, fekk dei sjaa ei gild fager Borg av Messing beint framfyre seg. "Den Borgi kunde likso væl vera mi, den," sa' Lars. "Ja, du var den rette til aa eiga slik ei Borg!" sa' Kongsdotteri; sur og vill var ho. Men det var snaut ho fekk sagt detta, so kom det eit stort Trold farande og spurde: "Kven er som vil hava Borgi mi?" "Aa, Borgi kann likso snart verta mi som di den," meinte Lars. "Ja det skal me nappast um!" skreik Trollet. "Aa nei, ikkje nappast, men takast, som andre Manndoms-Menn", sa' Lars. Ja, so skulde dei til aa takast daa; men Lars berre ynskte, han: "gjev du sat i Jordi til yver Hovudet!" og so sat Trollet der. Dermed gjekk Lars upp-aat Borgi og kom att med ei Messingvogn med 3 Hestar fyre, til aa kjøyra Kongsdotteri heim i. Men ho var so vond, at ho vilde ikkje hava honom med seg i Vogni; han laut setja ein lang Planke fast bakpaa og standa paa den, for nærare vilde ho ikkje hava'n. Og daa dei kom upp i Borgi og skulde faa seg Mat, laut Lars sitja burt-i Omnskraai, han, bil ho sat med Bordet.
 
Men Lars likte seg ikkje her, og so tok dei avstad att. Daa dei hadde ferdst eit Bil, kom dei til ei utifraa gild og drusteleg Sylvborg, og den totte Lars og likso gjerna kunde vera hans, men Kongsdotteri berre gjorde Narr av honom, ho. So kom det eit Troll, plent som fyrre Gongen, og det gjekk ikkje likare med det held, enn at det vart sitjande ned i Jordi til yver Hovudet. Her fann Lars ei Sylvvogn og kjøyrde heim i, og no var daa Kongsdotteri so rimeleg, at han fekk standa bakpaa i Vogni, og daa dei aat, fekk han sitja med nerste Bordsenden. Men Lars vilde lenger endaa, han, og so kom dei til ei Guldborg, som var no so blenkjande fin og fager, at Ein aldri skulde sjaa slik Syn. "Den Borgi maatte gjerna vera mi, den," meinte Lars. "Ja du var den rette til aa bu i slik ei Borg," sagde Kongsdotteri. So kom Trollet, og so skulde det liksom verta eit Basketak att; men Lars berre ynskte Trollet ned i Jordi, han, og so var det gjort. Men denne Gongen ynskte han det ikkje lenger ned enn til Hovudet, og Trollet til aa tigga og beda, so vænt det kunde, um aa sleppa upp att. "Ja," sa' Lars, "fær eg hogga deg av i Knei, so kann du vera tilgagns i Kjøket, kannhenda;" dermed fekk han fri Kokk. Og no vart Kongsdotteri og so blid, att Lars fekk sitja jamsides henne baade i Vogni og med Bordet, og alt var godt og væl. So heldt dei Brudlaup, og dit ynskte Lars baade Moer si og Faer aat Kongsdotteri.
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum