Kristiania den 6te Oktober.

Det skulde vera rart, um det ikkje no skulde finnast so mange Nordmenn, som vilde lesa Norsk, at eit Blad som detta kunde liva. Men no fær det syna seg, kor myket Liv og Framhug det er i "Maalmannsflokken." Vil berre kvar Mann gjera si Skylda, baade med Skriving, um han kann, og med Tinging og Hjelp til aa faa Bladet ut bland Folk, so trur me, at me baade kann lova Bladet god Framgang, og lova eit godt Blad. For "Fedraheimen" hev so mange gode Menn med seg, at snaudt nokot Vikeblad i Landet hev det slik. Men er Maalmennerne dauve og likesæle, so kan dei sjølve vita, korleis det gjeng. – Men me vil vona det beste, og freista paa, so langt som me med Godom vinn. Det er ikkje formyket, at det i Norig finst eit norskt Blad ogso, attaat all den Maurtuva av danske og Knoteblad.
 
"Fedraheimen" kjem hellest ikkje til aa driva so myket med "Maalstræv." Me hev Tankar, som me vil freista aa faa fram; og det held me fyre, me kann gjera baade best og mest hugheilt, naar me dertil brukar det norske Maalet; meir er der ikkje i det. Difyre vil me og lata kvar bruka den Maalmakselen, han best likar, berre det er Norsk, han skriv. Og detta trur me ikkje skal gjera Maalsaki Skade, men helder stort Gagn.
 
- So spyr Folk oss, kvat det er fyr Tankar, me vil hava fram; kvat det er, me "vil." -
 
Det var kannhenda mest naudsynt aa fortelja Folk, kvat det er me ikkje vil. For heile denne Horgi av U-Norske og Millom-Norske elder Blandings-Norske elder Samrørings-Norske elder DanskSvensk-Norske o. s. fr. kann ein vita snart vil finna paa mange utrulege Ting til aa ljuga inn paa oss, som aldri me hev tenkt paa aa fara med. Men alt slikt skal me taka etter kvart som det kjem. Me er fullt budde paa Strid og Moteburd av alle Slag, men me er og glade, so lengje det kannvera godt Veer. Det kjem altid tidsnok som vondt er, maa vita. Og her er nok aa gjera med aa "byggja og bøta," um ein ikkje allstøt skal liggja aa bikkjebitast med Bakstrævet. Me hev betre Hug paa aa hjelpa til aa byggja paa det nye Norig enn jamt aa ganga og harma oss ut paa det gamle; - helder arbeida enn slaast. Difyr let me desse Stridsgreidur liggja so lengje.
 
Men som sagt er: naar Striden kjem, skal me og vera fullt budde. I slikt eit Byggverk lyt ein altid hava "Sverdet ved Sida," liksom hine gamle, som skulde byggja upp att Fedraheimen sin i Jerusalem, etter dei hadde voret utanlands i Babylon eit godt Bil, og den gamle gilde Heimen deira var øydd og nedsleppt, so han reint laag i Røys. Samaritanar og Skrap er det nok av i Norig au, maatenkja, som visst ikkje vil spara aa gjera oss all den Forsang, dei kann. Endaa d'er ikkje det, som vantar, at me ikkje vil hava deim med paa Byggverket vaart. Sykja er, at dei vil ikkje hava den norske Heimen uppattbygd. Det er 'kje Samaritanar, det er Judar, som legg seg etter i Babylon og ikkje vil heim. Elder dei kann liksom vera komne heim au, men lengtar attende til Babylon elder Ægyptens Kjøtmat. - Daa det er somange av slike, vert det meir "Maalstræv" (Strid um Maalei) i Bladet, enn me helst vilde; men me skal daa vita aa passa det so, att det vert so litet som Raad kann vera.
 
Det, me i Grunnen vil, er snart sagt. Me hev same Augnemerket me som andre folkelege Blad: aa arbeida paa Folkets Upplysning og Framgang i alt det som godt og gagnlegt er; men det, som skil oss fraa hin Hopen, er, at me vil denne Upplysningi og denne Framgangen paa heilt upp national Grunn. All den Knoting og Fanteskap vil me ikkje vita av. Me vil tala med Folket som Mann til Mann, ikkje som Skulemeistrar elder Byfantar, som altid lyt hava Finleiken og Kulturen i Kjeften, um dei skal kunna "indgyde Bønderne den nødvendige Respekt for Dannelsen." Me trur, at Bonde og Arbeidsmann hev likso god Rett til aa tenkja og læra som me andre, og vekkja Tankarne hans, og svara paa Spursmaali hans, det er det me vil, so godt og so endefram som me kann. Fyremaalet endaa fyr sjølve Rikslivet er, veit me, aa gjera Folket og kvar Ein i Folket fri; det vil me og hjelpa til med etter Vit og Von; men fri er berre den, som sjølv kann tenkja og vilja og kjenna seg ansvarleg fyr sitt Liv og si Gjerning her i Verdi.
 
Det segjer seg daa til sjølv, at me vil driva "Politik", og at den Politiken vert "liberal" (Fridoms-Politik). Det ligg i sjølve Maaltanken, detta: Bondefolket maa arbeidast upp, verta upplyst og upplært, so det heilt upp kann taka ved den Magti, som det etter Landsens Log og Rett skal hava. For det er Bonden, som sit inne med "FedraArven" vaar, endaa han lite sjølv veit av det; og honom maa me difyr hava med oss, um me vil byggja eit nytt Norig, som skal hengja nokorleis ihop med det gamle. Me vil ikkje vita av detta store Tverbrotet i Soga vaar, som desse U- og Halv-Norske vil hava godkjent. Det er og so greit som nokon Ting kann vera, tykjer me, at i detta Landet maa Rikslivet byggjast paa Bonden. Me kann fara aat som me vil med Herming etter andre Land og Adelsgalskap og Fantestormod: me er eit Bondefolk, og det vert me verande. Dersom Nokon kann faa arma ut Bondestanden og trælka den ned, daa er det i same Blinken ute med heile Fridomen vaar; so trur no me, og etter den Trui vil me liva. Men det er visst, at Bonden treng Upplysning og Uppseding, og me ser so godt som Nokon hans baade Vant og Veilur. "Fedraheimen" er Bondeven, men ein ærleg ein, og ingen Bondegjølar elder "Folkeforgudar." Vit maa der vera i Alting, og Sanning er til all Tid den beste Botevon.
 
Hellest stend Bladet fritt og opet fyr alle Meiningar i Politik og slikt. Det er ingen Ting som er so god til aa vekkja Tanken som Strid, elder naar Folk lærer kjenna ymse Meiningar. Kvar Ein, som vil skriva Norsk, og hellest sømelegt og folkelegt, kann faa skriva her, anten so han er Atterhaldsmann elder Framgangsmann, Kongsmann ellder Fristyremann elder Framgangsmann, Kongsmann elder Fristyremann o. s. fr.; me vil ikkje vera stridare paa det. For Bonden skal ikkje "tru" paa det, han les i Bladet, han skal tenkja yver det, og læra seg til aa velja millom fleire Meiningar. Endaa det me sjølve skriv, skal vera aa taka paa same Maaten. Me korkje er elder vil vera so vise, at me ikkje skulde kunna mistaka oss, og det i mange Maatar.
 
Um Skulen og um kyrkjelege Spursmaal kanndet og stridast. Men ein Ting skal det aldri vera nokon Strid um her i Bladet, og dei er um sjølve den kristne Trui. Kristendomen skal vera fredlyst her. For me kann ikkje skyna, at den, som vil Kristendomen illa, kann vera ein rett Folkeven. Dei, som hev andre Meiningar um detta, lyt ganga aat andre Blad. Me held oss til Kristendomen, iminsto til dess at Nokon finn paa nokot, som er likare.
 
Um Innehaldet hellest kann me ikkje segja so myket no. Det vert av alle Slag, og me skal visst vera um oss paa alle Kantar til aa finna Lesnad, som kann vera Gagn i, baade fraa norske og framande Bokmenn. Sjølve skal me, som sagt, gjera vaar Skylda etter beste Magt og med heil Vilje; det me daa ikkje vinnst paa, er ikkje vaar Skuld.
 
Og so veit me ikkje betre aa segja, enn som ein god Mann av dei Konservative sagde til oss her um Dagen, og med det vil me sluta: Gud leggje si Signing til alt i detta Bladet, som er godt og sannt; - det andre vil falla av seg sjølv.
 
Hermed byrjar "Fedraheimen."
 
Bladstyret.
 

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum