Jordbruks-Utstellingi.

[Del 1 av 2]
 
No sin Tysdag, den 2dre Oktober, tok det til, det store Jordbrukssjaaet fyr Aaret 1877 i Kristiania. Hs. Maj. Kongen var der, og skifte ut dei Premier, som til daa var gjevne. – Sjaaet var skipat i Bolkar elder Teigar soleis: 1) Fesjaa, 2) Maskinar og Reidskapar, 3) Avdraatt av Jordbruk og Hagestell, 4) Avdraatt av Skogbruk og Torvbruk, 5) Framsyning av Ting, som høyrer med til Kunnskapen um Jordbruk og Bondearbeid, og 6) Ting, som høyrer med til Handgjerning og Heimearbeid. – Desse Ting var uppsette paa ymse Stader: paa Kontraskjæret, i det nye og gamle Ridehuset, Gymnastikhuset og Fæstningspladsen, og alle desse Staderne var vænt prydde med Flagg og Kransar. Ein stor Aalmuge strøymde heile Tidi att og fram paa dei Staderne, der nokot var aa sjaa, so alt saag mykje livlegt og vænt ut. Det var møtt fram Jordbrukarar fraa alle Landsluter, ja fraa Utlandet med, baade Svenskar, Danskar, Tyskerar og Engelskmenn, som væl alle vilde sjaa, korleis me hadde det heruppe i Norig.
 
Fesjaaet var ikkje stort; men so var det helder so myket betre. Det er vandt, at me her i Landet hev sett so fager ein Buskap ihop paa ein Stad som her. Fraa Gudbrandsdalen var det paa Lag 50 Hestar og nokre og tjuge Merrar, og af Fjorda-Slaget innpaa eit Tjug Hestar og eit halvt Tjug Merrar. Den gildaste av desse kann Ein tryggt segja var "Gudbrandsdalens Pryd", som er aatt av eit Samlag i Gudbrandsdalen og i 8 Aar hev voret Sæter-Grahest deruppe. Denne Hesten fekk den Premia, som var sett ut av "Selskabet for Norges Vel". Etterpaa denre kom væl Son hans, "Stavemsborken", dei kallar, som fyrr hev fengjet 1ste Premia 3 Gonger. Framifraa Hestar var og "Aalsborken" fraa Hadeland, ""Ariel" fraa Røken, og Faer hans, "Arion" fraa Grue o. fl. – Av Kyr var det og mange gode. Gildaste var dei Buskapar av norske Fjeldkyr, som var utstellte av Gardmann H. Asker, Styrmoe, og Kofoed, og likaeins ein Flokk av reint Ayrshireslag, som var utstellt av Gardbrukar Thv. Sverdrup. Andre framifraa væne Dyr var ein Thelemarksstut (Eigar: Kofoed, Skouger), ein Angler-Ukse (Gardbr. Hellum, Modum), "Dronningi" (Lønseth), "Lina" (Brandt), "Drombot" (Blakstad), "Molin" (Frydenhoug), "Primadonna", "Beauty" og "Hanselin" (Omsted), o. fl.
 
Av Sauder var det helder ikkje mange; der var av einskilde Vedrar berre 5, og av Flokkar paa 5 Sauder og ein Vedr var det 7. Alle var av utanlandske Smala-Slag, og helst av CheviotSlaget. Store var dei, dei fleste, og Kropps-Laget var 'kje helder galet; men Ulli var mindre god, paa mange av dei daa. Det vart lagt Merkje til 4 Lomb, som tilhøyrde Gardbrukar A. Olsen, Lund, og var ei Blanding (eit Krydsningsprodukt) av Cheviot- og Ny-Leicester-Slaget; dei var baade sterkt byggde som Cheviot-Sauden og hadde fin Uld liksom Ny-Leicester-Slaget; og kunde Ein faa det til slik, so burde Fleire prøva med slik ei Blanding av dei tvo Smala-Slag. – Av Svin var det og helder faae. Dei gildaste var 2 Yorkshire-Svin, som var utstelte, det eine av Gardbr. Arne Omsted i Grue, det andre fraa Gaustads Asyl. – Høns var det nokre faae av, likaeins eit Lag Brevduvur og Parykduvur og so ein Hop Gjess og Ender. Kaniner og Leporider (smaae Dyr av Hare-Ætti) var det og nokre Flokkar av.
 
(Meir.)

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum