Fedraheimen.

Fedraheimen! Fedraheimen!
du som søv men ein Gong vaknar,
som eg elskar mest, kannhenda,
no, daa Liv og Aand du saknar.
 
Mett med gomol, mosgrodd Æra,
trygg ved Eidsvolls store Under,
sljo ved Trældoms tunge Tider,
sit i Peisen du og blunder.
 
Lekkjorna i Kyrkja, Skule,
Politik, du audmjuk kysser,
ruggar Tanken i den Takti,
"Morgenblad" og Presten bysser.
 
Skal daa dette evigt vara?
kjem ei Duva snart fraa Arki?
skal fyrst gamle Ætti døya,
strævande i Øydemarki?
 
Ungdom! Ungdom! upp fraa Kraklæn!
høgt paa Himmelen stend Soli,
me paa Paaske-Undret stunda,
turad ut er Eidsvolls Joli.
 
Sjaa! derute Tankar brenna,
vigd' med Strid og Blod og Taaror,
andre mildt, som kvite Fuglar,
duva paa dei lette Baaror.
 
Kom, ver med den fagre Fylking
fram til Strid fyr alt det gode,
ut til Ljos, til Gud, som straalar
fram or Framstigs Morgonrode.
 
Fridom inn i Kyrkja, Skule,
burt med Tvangs dagrædde Draugar,
lat vaar Grunnlog føda av seg
meir enn skrivne Papirsbaugar.
 
Ræddhug røma, Mistru minka,
Gjerning, Gjerning bakum Ordet!
Fordom let seg inkje rikka
med ein Eid og Slag i Bordet.
 
Aa eg ser paa ho, som drøymer,
han som syng imillom Nutar,
enn eig Lengsel Landsens Kvinnor,
enn er Liv i Landsens Gutar.
 
Fedraheimen! Fedraheimen!
du som søv men ein Gong vaknar,
som eg elskar mest kannhenda
no, daa Liv og Aand du saknar.
 
Aa eg ser deg ein Gong standa
logn og fast med frigjort Auga,
daa verd godt i Noreg liva,
daa kann Sol i Hav seg lauga.
 
Kristofer Janson.

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum