Ein Engelskmann um dei gamle norske Konganne.

Carlyle: The early Kings of Norway.
(I Telemaal fraa Vestbygdo).
 
De er stor Umon i Hugfesting af Baaneminne. Ei Solrenning, ein Leik, ei Segn kan sereseg ut og glitre up yvi ei Skodde av Ev og Fyrisviv, som er ihopsanka i ein Mannsalder. Alstøtt er de eit Fraamerki mæ slike Minne, at dei synerseg mæ ei Gjæve af Lit, Ljos og Siger, – ei Hildring, som truleg kransar kvor ei Nyfagning millom Aand og Fridd. Eg øygner nokle slike Glitretindar langt att i Umegdæ mi. Ein af dei er den Glæa, eg hae af Falsens Norgeshistorie, som eg laante fraa Bybibliotheki okkons. Men aar og ævi laut dei stronke Konganne mine tevle mæ so mangt anna stort i Mannheimen, at de vart noko trongsett mæ al den Frægdæ, og de eine klengde de are ne. Eg hugbar dei af sonno alstøtt, men naar eg lysta paa sjaa dei att i de gamle Glori sit, laut eg freiste paa finne dei mæ Baaneaugo mine. Eg kom ti aa tenkje paa dette, daa eg hae lesi Carlyle. For daa eg gaadde, hoss denni Utlendingin hae reint to Faato fari yvi al den Mandom og Mantekki, Snorre synte honom, var de liksom den rette Spipen duva meg imot att ifraa Britland, og eg totte eg fekk laane ny Verme og Kjensel hjaa den ilogandes gamle Engelskmannen.
 
Carlyle seer i dei tvo Olafane, Olaf Trygvason og Heilag-Olaf noko endefram utanfares, "Storfrægdingar af framifraa, jamvel af hægste Rang" (heroes of high or almost highest type). De er soso inkje undrande paa, at Sogunne deires hev fengi likso stort Rum i Skrifti hass som alle dei are tisaman. Han er mæ Olaf Trygvason i England og Irland, i Sveivanne hass mæ Heiingfolki kring i Faislandi okkons, paa Ormen lange, daa han mæ dei siste Kjempunne sine sto der som eit rjoandes Solgla, mæ Bloi sildra fraa Skarlakskyrtelen, fager og ugløymande, og so sein i Djupi, "ei Starsyn af gaste Fridd, de bjartaste Hermanslikan, Nordheimen heve seett."
 
Ve talande um Heilag-Olaf fagnar han seg, som ventande er, ve Englands-Visten hass, der han stendug hjalp den engelske Kongin mot Danekongin; han giv honom Fullfengi af Lovor fyr Ingeniør-Hegdæ hass, daa han vann Themsbruæ og London aat Kong Ethelred; han fortel um Golynni hass, daa Jarl Haakon Eirikson og Kong Rørek var honom at Hondo givne, um Lentunne og Skjemten mæ Thorarin Islendar, daa Olaf maalbatt han og meinte som so, at den taalause Foten var den minst ljote, af di at i mindre ein styg Ting er, i mindre stygt finnst de, - ein dialektisk Floki, som ein Megariker kunne hava misunnt honom. So ber de fram ti Stiklesta, og daa vert Forfattaren so hugill og harm, at han beint segjer, at Olaf var for go ti eit sovori Hundehol som denni Væræ (this doghole of a world), noko gruste sagt, som han au vekjennst i sama Stundæ.
 
Af fire Kjyrkjur, som i London var invigde ti den store Kongin, fortel Carlyle, at tvo stend atte, og ei Gate, som inkje er umerkjande i Englands Soga, heiter jamvel enno paa ein Maate St. Olafs Gate, soso forvend: St. Oley Street, Stooley Street, Tooley Street! Carlyle segjer, at Solmorki var den 29 Juli, daa Snorre setter Kong Olafs Fall (juliansk Kalender). Eg vaagar inkje reise Tvilsmaal mot Professor Hansteen, som sete Solmyrki 31 August, men tvo Ting er do merkjande: at Olafsdagin fraa fyste Uphavi alstøtt var 29 Juli, sovitt eg veit, og at Sighvat Skald, som sjav var i Rom, daa Stiklesta-Ota sto paa, segjer, at Solmyrki var aalmangjeti.
 
Naar Carlyle einstaen liknar dei store Konganne okkons mæ Achilles, Diomedes og are homeriske Yvigangskjempur, er Meiningjæ sakte go nokk, men de kjem do, tykjer eg, likso afhendes, som um han hae sagt noko slikt um Richard Løvehjarta hellaa dei are engelske Konganne.
 
Carlyles Bok fygjer Landssoga okkons fraa Harald Haarfager og endar, der Haakon Gamle ligg i Heljelindi ved Ørknøyanne. Ho er esla aat Aalmanlesing og er inkje noko Vismonverk fyre Lærde. Forfattaren giv ho inkje ut fyr meir hell ei helder lett og snar Yvifaring af eit rikt Emne, som han legg fram ti aathugande af Ein hell Annan, som kunne heva Hug og Haus ti føre Heimskringla in i Aalmankulturen "mæ den rette kosmiske Bunan."
 
r.

Frå Fedraheimen 06.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum