Det er kloke menn, ...
Det er kloke menn, som meinar, at berre dei norske hermenn hadde mod til å tru på seg sjølve, so kunde dei, endå so fåe dei er, til all tid verja Norigs land mot mest alle fiendar. "For landet er slik lagat," segjer dei; "det er som naturen sjølv hev murfest det mot alle ågrip." Eg held fyre det kunde vera nokot likt med sjølve folket og folkets norskdom. Me er ikkje fælt mange; men hadde me berre mod til å lita på oss sjølve og mod til å verja oss, - so skulde ikkje dei unorske nauva oss eit grand, um so dei hadde mange fleire Goliat'ar og stortrommur å senda imot oss. For naturen er med oss, må vita, - naturen, og soga. Det finst smågutar, som trur, at folk måtte kunna líva seg mot storm, når dei berre passad på å "stappa halm i vindholet." Berre dytta himmelen væl til, so kunde ein hava det so stilt og varmt og hyggjelegt. - Det er sume vaksne gutar, som trur, at me kunde halda ute frå oss dei store åndsstormarne og tanke-elingarne, berre me dyttad godt til på alle kantar, so ikkje desse tankarne fekk blåsa innpå oss. Halmdottar i alle vindhol! – då vart her so stilt og godt og hyggjelegt å liva. - Eg held fyre, at desse tvo guteslag, både dei vaksne og dei uvaksne, kann vera på lag lika kloke. | |
Frå Fedraheimen 06.10.1877 Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum | |
Publisert