Paal Kjilland, 23.3.1890

 

Kjære Hr. Ivar Aasen!

 

Eg er no vorten "Forleggar" av "Sysvorti" og heve lovat Utgjevaren, at eg skulde skaffa Bilæte af Dykk til Bladet. No lyt Di difor vera so snil aa taka Dykk av og so gjeva meg eit Bilæte, som eg kan faa skjera etter. Eg veit, at Di ikkje likar aa ganga til Fotografen, men for Borni si Skuld, som les "Sysvorti", lyt Di gjera det. Og det snart. Di kan gjerne, um Di vil, ordna det so, at berre Sysvorti fær, avdi det er Barneblad. – Eg ha no Barneheimen Dykkar – desverre daarleg prentad – og ville daa gjerne ha Dykk sjølv og.

Eg ventar daa med det fyrste eit Bilæte fraa Dykk.

Skulde Di ha nokot, ei song eller annat til "Sysvorti", vilde det vera kjært for oss alle. Det skulde no vera Stalleland, som skulde spyrja etter dette, men eg gjer det, eg og.

Med Vyrdnad og Kjærleik

Dykkar

Paal Kjilland

 

Skien 23/3 1890

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]