Jon Flatabø, 21.11.1893

Hr. Riksstipendiat Ivar Aasen!

 

Begge Smaagutarne mine her, Olav og Arnor, hev vore sjuke, Olav av "Lungebetændelse" og Arnor av Magasjuke, som han ligg klein av enno. Dei er 4 ½ og 1 ½ Aar. No er det gjenge so mykje ut til Dokter og Medicin, at det inkje vil røkkja længre, endaa eg i dei siste Vikurne hev tjent nokso bra. Kunde I no vera so gild mot meg enno ei Gong at senda med Kjeringi mi nokre Kronur, so vart eg sagta fegjen.

Maatte I leva vel, til eg fekk Skuldi mi til Dykk.

Med høgste Vyrdnad

Dykkar Jon Flatabø

Kra 21.11.93

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]